Gå til innhold
Arkivverket

Kirstina Iversdotter Bolstad - Mrs. Christine Moe - fødd Luster 1860 - utvandra til Wisconsin i 1891 - forsvinn etter 190, men kvar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kirstina Iversdotter Bolstad, fødd i Luster 17.9.1860, utvandra til Amerika i 1891 og gifte seg i Vernon Co., WI 9.7.1891 med Ole Torstenson MOE, fødd i Hafslo 17.1.1855. Ole var skomakar, og dei busette seg i Franklin township, Vernon Co., WI og sidan i Utica township, Crawford Co., WI, men vart skilde kring 1899.

 

Tre døtrer er kjende:

 

* Anna Moe, fødd i Luster 11.6.1883, utvandra med mori i 1891, er ikkje å sjå i nokon folketeljingar i USA, men skal ha vorte gift med ein KLEMA(?), og dei skal ha hatt ein kalkunranch i Montana...!

 

* Britha "Bertha" Moe, fødd i Vernon Co., WI 26.4.1892, budde i 1900 og 1910 hjå far sin, 1900 i Buffalo Co., WI og 1910 i Sterling township, Vernon Co., WI. Ho gifte seg første gongen i La Crosse, WI 2.12.1912 med Herman Helgerson. Dei vart skilde, og Bertha gifte seg att to gonger, men døydde i La Crosse, WI 20.1.1977. Ho var barnlaus!

 

* Tilla Moe Gusteson, fødd i Crawford Co., WI 16.8.1897, budde i 1900 hjå mor si, ho skal ha voke opp hjå ein huslyd Gusteson, men eg finn ho ikkje i 1910. Ho gifte seg i La Crosse, WI 8.10.1917 med Henry N. Anderson og dei farma i Dane Co., WI., men Tilla døydde i Carmichael, CA 19.8.1979. Ho fekk tre born.

 

Her er Christine Moe i 1900 med Tilla og ei ny dotter, som ikkje er identifisert: http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120622_00333&fn=Christina&ln=Moe&st=r&ssrc=&pid=73585285

 

Her er Ole Moe i 1900 med Bertha: http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7602&iid=004120618_00535&fn=Ole&ln=Moe&st=r&ssrc=&pid=73503480

 

Her er Ole Moe i 1910 med Bertha: http://search.ancestry.com/iexec?htx=View&r=an&dbid=7884&iid=4455060_01039&fn=Ole+M&ln=Moe&st=r&ssrc=&pid=31204864

 

Eg har eit gamalt notat som seier at Christine skal ha gift seg att med ein Martin Anderson og flytt til Sparta, Monroe Co., WI. Eg har funne ein Martin Anderson i Sparta, WI, men han er mykje yngre og har ei anna kone...

 

Dette er eit "skikkeleg" mysterium, som eg har stritt med i over 30 år! Om nokon kan bidra med ei løysing av spørsmåli: Kvar vart det av Ole og Christine, og kva med dotteri Anna og den eventuelle nye dotteri frå 1899?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn dåpen til Kirstina Iversdatter Bolstad,født 17 sept 1860.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 8 (1860-1870), Fødte og døpte 1860, side 14.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-14

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70305670163.jpg

 

 

Fikk ikke sett hva disse lenkene dine inneholdt.

 

Du skriver Christine skulle være født 17.9.1860,og at Tilla skulle være født 16.8.1897.

 

Er det disse?

 

Men her Christine Moe står med fødselsdato Nov 1864 ,og Tilla med fødseldato sept 1897.

 

Tilla Moe in household of Christina Moe, "United States Census, 1900"

 

name: Tilla Moe titles and terms: event type: Census event date: 1900 event place: ED 21 Utica town, Crawford, Wisconsin, United States birth date: Sep 1897 birthplace: Wisconsin relationship to head of household: Daughter father's birthplace: Norway mother's birthplace: Norway race: White gender: Female marital status: Single Household Gender Age Birthplace

 

head Christina Moe F 36 Norway

 

daughter Tilla Moe F 3 Wisconsin

 

daughter Moe F 1 Wisconsin

 

Fant dette,men ser at fødselsåret ikke stemmer på Christine Moe.Men hun står som "divorced"

 

Christina Moe, "Wisconsin State Census, 1905"

 

name: Christina Moe residence place: Viroqua city, Vernon, Wisconsin age (original): 38y birth year (estimated): Abt 1867 birthplace: Norway relationship to head of household (original language): Head race: gender: Female marital status: Divorced parent 1 birthplace: Norway parent 2 birthplace: Norway

Household Gender Age Birthplace head Christina Moe F 38y Norway

 

daughter Mabel Moe F 6y Wisconsin

 

daughter Clara Moe F 3y Wisconsin

 

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/MMQ8-DGH

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bolstret er det samme som Bolstad?

 

Men fødselsåret på Christina stemmer ikke her heller.Hun står som "Divorced"

 

Christina Bolstret, "United States Census, 1910"

 

name: Christina Bolstret birthplace: Norway relationship to head of household: Self residence: La Crosse Ward 2, La Crosse, Wisconsin marital status: Divorced race : White gender: Female immigration year: father's birthplace: Norway mother's birthplace: Norway Household Gender Age Birthplace

 

self Christina Bolstret F 45y Norway

 

dau Mabel Bolstret F 10y Wisconsin

 

dau Clara Bolstret F 7y Wisconsin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser ut som Mabel og Clara var dobbelt registrert i 1910.Ser at det er mange barn på samme plass.Barnehjem?

 

Clara Bolstad in household of Mary J Jones, "United States Census, 1910"

name: Clara Bolstad birthplace: Wisconsin relationship to head of household: residence: La Crosse Ward 17, La Crosse, Wisconsin marital status: Single race : White gender: Female immigration year: father's birthplace: United States mother's birthplace: United States

Mabel Bolstad F 10y Wisconsin

Clara Bolstad F 7y Wisconsin

https://familysearch...M9.1.1/MPKP-MSC

 

 

 

Vet ikke om dette kan være samme Clara:

 

Clara L Bolstad in household of Reinhardt W Eikamp, "United States Census, 1920"

 

name: Clara L Bolstad residence: , Buffalo, Wisconsin estimated birth year: 1903 age: 17 birthplace: Wisconsin relationship to head of household: gender: Female race: White marital status: Single father's birthplace: United States mother's birthplace: United States Household Gender Age Birthplace

 

self Reinhardt W Eikamp M 40y Wisconsin

 

wife Maria M Eikamp F 33y Wisconsin

 

son Roy H Eikamp M 13y Wisconsin

 

son Willard W Eikamp M 4y5m Wisconsin

 

Clara L Bolstad F 17y Wisconsin

 

Herman Meier M 21y Wisconsin

https://familysearch...M9.1.1/MFVX-TJW

 

 

Mabel Bolstad in household of Zeta Macpherson, "United States Census, 1920"

name: Mabel Bolstad residence: , La Crosse, Wisconsin estimated birth year: 1900 age: 20 birthplace: Wisconsin relationship to head of household: gender: Female race: White marital status: Single father's birthplace: Norway mother's birthplace: Norway Mabel Bolstad F 20y Wisconsin

https://familysearch...M9.1.1/MF21-PL3

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, no vart eg skikkeleg imponert! Hjarteleg takk, Ann-Mary, for kjempeflotte opplysningar om Christine og dei to yngste borni hennar, som ho ganske sikkert må ha fått "på laust". Kanskje anar me orsaki til skilsmålet frå Ole Moe...? Elles er ho ikkje so nøye med alderen sin...

 

No vert det ei utfordring å¨finna ut kva som skjedde med dei to borni, Mabel og Clara. Og sjølvsagt, kvar vart det av mori Christine...?

 

Elles har ein amerikanar ikveld funne lagnaden til eldste dotteri Anna i Montana, so det problemet er òg løyst!

 

No er det sengetid for meg, men her står utfordringane i kø til i morgon...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut til å ha vore strid om retten til å fostra opp dei to borni som Christine fekk etter ho vart skild, Mabel og Clara. Eg har motteke dette avisutklippet frå Amerika i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

From La Crosse Tribune, August 12, 1909:

May Take Her Children Away

 

On complaint of Humane Officer Charles H. Berry, Mrs. Christina Bolstad will be brought into county court tomorrow to show cause why her two little girls, Mabel aged ten, and Clara, aged seven, should not be taken from her and placed in some county institution or the state school at Sparta.

Mr. Berry alleges that the moral welfare of the children demands that they be separated from the mother, who he claims is not a fit person to bring them up.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christine står elles i La Crosse, WI city directories for 1909 og 1911, båe stader som BOLSTAD. Då forsvinn ho for godt.- Kanskje gifte ho seg att??

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege heilt «i dvale» i over 6 år.

 

Eg har etter kvart lukkast i å spora opp den eldste av dei to døtrene som Kirstina Iversdotter Bolstad fekk etter ho vart åleine, Mabel Bolstad Steinmetz (1899-1987), men ho var barnlaus og hadde ingen kjende ervingar(!), so eg fann ingen eg kunne spørra etter fleire opplysningar:

 

* Mori Kirstina Iversdotter Bolstad - siste kjend frå 1911

 

* Søsteri Clara I. Bolstad - sist kjend frå 1911

 

Kanskje er det no mogeleg å finna ut noko meir om lagnadane til desse to damene?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Torstenson {Moe}, f. {i Hafslo} 17.1.1855,

Ole T. Moe utvandra til Amerika i 1883 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 9.7.1891 med Kirstina Iversdotter frå Teigane under Bolstad i Luster, i Amerika kjend som Christine Bolstad.  Ho var f. i Luster 17.9.1860, men utvandra til Amerika i 1891.  Ole Moe var skomakar (“shoemaker”), og han og Christine budde i Franklin township, Vernon Co., Wis. og sidan i Utica township, Crawford Co., Wis. til dei vart skilde kring 1899.  Christine flytte snart etter til Viroqua, Vernon Co., Wis. og derifrå kring 1908 til La Crosse, La Crosse Co., Wis.  Ho levde framleis i 1911, men den seinare lagnaden hennar er førebels ukjend. 

 

##### (lagnaden hennar?)

 

Ole Moe tok med seg dotteri Bertha og flytte for ei tid inn hjå Peter Hillestad i Nelson township, Buffalo Co., Wis., men heldt elles fram som skomakar (”shoemaker”) i Retreat, Sterling township, Vernon Co., Wis.  Han flytte sidan inn hjå dotteri Bertha i La Crosse, La Crosse Co., Wis. der han d. 28.3.1926.  Ole og Christine Moe fekk tre døtrer i lag, og dessutan fekk Christine to døtrer etter dei vart skilde:

a. Anna Moe, f. i Luster 11.6.1883, utvandra til Amerika med mor si i 1891 og d. i Great Falls, Mont. 30.12.1948.  Anna gifte seg i Billings, Mont. 18.3.1918 med Peter McGregor McCrorie, f. i Emmons Co., N.D. 5.9.1887.  Han d. i Moses Lake, Wash. 24.7.1968.  Peter var først jarnbanearbeidar (”railroad worker”) og hadde i eit tidlegare ekteskap vore busett i Buffalo, Johnson Co., Wyo., men busette seg med Anna i Great Falls, Cascade Co., Mont.  Kring 1925 flytte Peter og Anna til ein farm (”turkey farmers”) nær Spring Valley, Teton Co., Mont., men dei kom sidan attende til Great Falls, Cascade Co., Mont.  Dei var barnlause.

b. Britha, kjend som Bertha Moe, f. i Vernon Co., Wis. 26.4.1892, d. i La Crosse, Wis. 20.1.1977.  Bertha gifte seg første gongen i La Crosse, Wis. 2.12.1912 med Herman Christopher Helgerson, soneson av husmann Ole Helgeson frå Røssemyrhaugen under Skår i Luster (1822-1903).  Herman var f. i Vernon Co., Wis. 25.1.1879 og d. i La Crosse, Wis. 1.12.1960.  Herman var barvert (“bartender”), men han og Bertha vart skilde i 1927, og Bertha gifte seg att i La Crosse, Wis. 16.7.1932 med George Albert Nauman.  Han var f. i Monroe Co., Wis. 19.9.1878 og hadde vore byggmeister (“contractor”), men livnærte seg sidan som skomakar (“shoe repairer and shoe shop owner and operator”).  George d. i La Crosse, Wis. 15.3.1938, og so gifte Bertha seg tredje gongen i La Crosse, Wis. 4.9.1941 med Ole Andrew Lundy, f. i Vernon Co., Wis. 3.8.1896.  Han d. i La Crosse, Wis. 27.10.1967.  Ole var murar, snikkar og sidan fabrikkarbeidar (“mason, carpenter and factory worker”), medan Bertha dreiv ein spisestad (“restaurant owner and operator”).  Med alle tre ektemakane var ho busett i La Crosse, La Crosse Co., Wis., men ho fekk ikkje born med nokon av dei.

c. Tilla Moe Gustavson (1897-1979), voks opp hjå ein familie Gustavson, men vart sidan gift med Henry Nickoli Anderson (1876-1961), son av husmannssonen Anders Andersson frå Fossen under Nygard i Luster (1848-1909) (s.d.).

d. Mabel A. Bolstad, f. i Crawford Co., Wis. 22.9.1899, d. i Chicago, Ill. 24.7.1987.  Mabel gifte seg i Rockford, Ill. 15.6.1927 med Frederick William, kjend som Fred W. Steinmetz, f. i Wood Co., Wis. 23.2.1895.  Han d. i Madison, Wis. 30.10.1949.  Fred Steinmetz var salsagent (”travelling salesman”), medan Mabel var hjelpepleiar (”trained nurse”).  Dei budde ei tid i Clear Lake, Cerro Gordo Co., Ia., men flytte kring 1933 til Madison, Dane Co., Wis.  Som enkje flytte Mabel sidan til Chicago, Cook Co., Ill.  Dei fekk ikkje born i lag.

e. Clara L. Bolstad, f. i Vernon Co., Wis. hausten 1902, levde i La Crosse, Wis. i 1911 og budde truleg i Buffalo Co., Wis. i 1920, men den seinare lagnaden hennar er førebels ukjend.

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.