Gå til innhold
Arkivverket

Lars Olsson Øvreberg, Stryn, f. ca. 1723


Gunnar Sigve Aurdal
 Del

Recommended Posts

Hei!

 

Eg prøver å finne foreldrene til Lars Olsson Øvreberg, som er fødd kring 1723. Eg veit dette om han:

 

Under vigsla 2. januar 1749 vert han nemnd som soldat Lars Ols. Øvreberg, og giftar seg med Magdeli Haraldsd. Gradaas. Trulovinga er her.

 

Dei får 11 born, det fyrste døypt i Eid (sjølv om han framleis er nemnd som Øvreberg - det ligg i Stryn...), resten på Bueide i Volda. Dei heiter:

Marte 1749

Anna 1750

Anne 1752

Ole c. 1755

Gunhild 1758

Harald c. 1760

Massi 1762

Johanne 1764

Massi 1766

Jon 1769

Anders 1770

 

Fødselsåret er rekna etter gravferda, april 1783 - død 60 år gammal, så det er sjølvsagt eit omtrentleg tal.

 

1723 er me så heldige å ha matrikkelen å nytte som kjelde. På Øvreberg i Stryn er det nemnd tre menn som heiter Ole. Her ermatrikkelsida: Ole Ellingsen, Ole Isachsen og Ole Andersen, i tillegg til ein Niels Rasmussen (om eg har tolka namna rett). Alder stend ikkje. Det gjer det derimot i FT-1701 (side 2): Ole Ellingsen (el. Eliassen?) er nemnd som 36 år gamal, Ole Isachsen er 42 år gamal. Det gjer desse hhv 58 og 64 år gamle i 1723. Det er mogleg at ein av desse far til Lars, men Ole Andersen verkar mest spanande å fylgje vidare.

 

Lars og Magdeli fekk 4 søner i denne rekkefølgja: Ole, Harald, Jon og Anders. Det kan også tale for at Ole Andersen kan vere faren. Men prova manglar, og kyrkjebøkene for Stryn (då Innvik) gjeng ikkje så langt tilbake. Eg har sett etter Ole Andersen i skifteprotokollane, men ikkje funne han.

 

Har de tips til vidare progresjon, eller har nokon allereie funne ut noko?

 

På førehand takk!

 

Gunnar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trur vi får satse på Ole Anderson Øvreberg, f. Lunde, som far til Lars Olson på Bueide.

Skøyte 1713 + 1720 på br. 5 "Storstadbr." gift med enkja ette føremannen; Anne Knutsdtr. Svingeset

 

Bror til Magdeli/Malene; Ola Haraldsen f 1725 gift med Borni Olsdtr Øvreberg f. ca 1725 - d. 20.08.1820.

Busett Danielgarden på Nøre Kalvatn.

 

Så her var det to syskjenpar som flytta over til Sunnmøre.

 

Magdeli Haraldsdtr og Ola Haraldsson hadde to stemødre.

1.g. 1763 Brite Jonsdtr. Øvreberg d. 1766

2. g.1767 Sigrid Jonsdtr. Lillestøl 1715 -1786

 

Namna på barna ser ut til å vere etter oppkallingsreglane i gamle dagar.

Begge syskjena har barn med namn etter besteforeldra; Harald - etter far/morfar Harald i Hornindal

Ole etter far/morfar på Øvreeide - Anne etter far/mormor i Hornindal

Magdeli og Lars sin son Anders f. 1770 oppkalla etter oldefar(?) på Lunde..

son Jon f 1769 oppkalla etter stebestemor sin far Jon. (Han var fødd etter stebestemora 2 var død).

Hadde dette barnet vore jente så hadde ho nok namnet vore Sigrid/Siri.

 

Kanskje eg tek heilt feil - dette har hjelpt meg fleire gongar å kome vidare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som nemnt ovanfor var kona til Ola Anderson frå Svingeset.

Elling Olson Svingeset var f. ca. 1737 død 1813.

Oldebarnet; Elling Erikson Svingeset var skipper på eit av dei fyrste emigrantskipa til Sør-Afrika.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Takk for svar begge to.

 

Det var synd ikkje skifteekstraktet sa noko, men me finn vel ut av det til slutt. Stend det alltid arvingar i ekstrakta, eller kan det ha vore utelete? Me veit jo ikkje om Ole Andersson ein gong fekk born. Det er kanskje den mest sannsynlege kandidaten til no, men me har ikkje prov nok til å konkludere enno, og det er det eg håpar me kan finne.

 

Sol: Me veit vel heller ikkje om Borni Olsdotter var Lars Olsson si syster - ho får mellom anna ein son som er kalla Isak, noko som kan tale meir mot slektskap med Ole Isaksson Øvreberg.

 

Eg har ikkje vore så mykje i arkiva ettersom eg bur i Volda, men kan det stå noko i militærrullane? Lars er nemnd som soldat under vigsla, som jo tyder på at han var inne i rullane før han gifte seg. Foreldre stend jo kanskje ikkje der, men kanskje han har anna adresse? Den fyrste gongen me høyrer Øvreberg er under vigsla, då han var kring 26 år gammal. Mykje kan ha skjedd før dette.

 

Mvh. Gunnar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.