Gå til innhold
Arkivverket

Gloppen 1690: Kva er gardsnamnet her?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Det fyrste dåpsbarnet i august her heiter Reiel og faren heiter Anders, det er det ikkje tvil om.

 

Men kva er gardsnamnet? Eg tenkte fyrst på Holme, fordi namna passar godt der, men det er ikkje rette bokstavane.

 

Eg har også vore innom Hollen - det er ikkje nokon gard i Gloppen, men han finst i nabokommunen Eid - men er ikkje heilt fornøgd med det heller. Det står både Hans, Harald og Helge på same sida, men startbokstaven er ikkje heilt som denne. Gode framlegg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for gode idear - det eg HELST vil lese er som sagt Holme, eller endå heller Solheim, på grunn av Reiel-namnet som for ein stor del er knytt til desse gardane, men eg får det ikkje heilt til å gå opp med skrifta..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Solem var eg og inne på, men det står på nokre linjer over nokså tydeleg (20. Juli Borger Solemb).

Eg har sett Holme vore skrive både som Holmø og Holmøe i kyrkjebøkene for Gloppen (til forveksling med garden Holmøy i Hornindal) så det er ikkje utenkeleg at det er Holme det skal være - står der Hollemø, kansje?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, eg hallar nok dit; ser ein t.d. på Knud Hoele i spalten til høgre er det ikkje mange detaljane som manglar for at det skal vere ein H i "mitt" namn og, men ikkje heilt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tror den siste bokstaven skal være -s - (se hvordan han avslutter navnet Anders foran), og dessuten følger B for Barn og deretter navnet.

 

Jeg er enig i at det likner ordet etter Borger, altså Solems. Er bokstaven foran genetiv-s en - m, kan de være Solems, selv om jeg trodde ordet startet på H. Hvis bokstaven er -n, likner det Hollens.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Genitivs s er der definitivt. Lenger kjem eg kanskje ikkje - nokon Reiel Andersson i høveleg alder finn eg ikkje seinare heller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi kan vel seie at det er slik det står - men vi har ingen Hollen-gard i Gloppen, og den på Stårheim har ingen Anders, så vidt som eg kan sjå. Vi får leve med det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for endå eit forslag - denne garden er kalla Aarshollen i 1701, og har ingen spor etter nokon Anders.

 

Men så det også er sagt: Der finst ingen Reiel (i ulike skrivemåtar) som er 5-15 år i 1701-manntalet for Nordre Bergenhus heller, så guten har vel døydd tidleg - men hadde vore kjekt å vite kven faren var uansett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt framlegg. Liknar på f'en i Frøystad på neste side - og Fonn er ikkje lange vegen unda Gloppen. Men eg har ikkje sett det bøygt før - mest i form av Fond, men så har eg heller ikkje studert så mykje på jølstra-kjeldene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit lite haleheng her: Eg oppdagar at eg har notert skifte etter ei Marte Andersdtr Hollen i 1750 - etter alder ved død skal ho vere fødd ca 1707. Ho var gift med Simon Olsson Sigdestad, og det kan tyde på at ho sjølv har bakgrunn frå Hola i Stårheims-soknet; kanskje er det dit vi skal med Reiel likevel då.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.