Gå til innhold
Arkivverket

Paul Larsson (1779-1819) - frå Hafslo via Bergen til Solund? - kvar vart det av enkja hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette temaet tek utgangspunkt i tema #60058 frå det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/145457-60058-paul-larsson-foedd-i-hafslo-1779-var-det-han-som-drukna-hagen-i-solund-1819/page__p__1218692__hl__+paul%20+solund#entry1218692) der eg den gongen sette spørsmål ved om Paul Larsson frå Hafslo var identisk med Paul Larsson på Hagen i Solund.

 

Etter nærare vurdering, mellom anna etter å ha studert skiftet (fallitt) til Paul frå 1819 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24177/176/), der det mellom anna går fram at Paul hadde mykje "samkven" med Bergen, mellom anna med ein kjøpmann Schnelle i Bergen der ein av brørne til Paul var dreng i 1804, er eg komen til den slutning at Paul Larsson frå Hafslo SVÆRT TRULEG er identisk med Paul Larsson i Solund.

 

Her er kva eg no har skrive om Paul i manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

5. Paul Larsson, døypt i Hafslo 28.3.1779, flytte visstnok i ung alder til Bergen, men kom truleg kort etter hundreårsskiftet til Solund der han 7.6.1813 gifte seg med enkja Kari Andersdotter, opphavleg frå Hagen i Solund. Ho var dotter av gardbrukar Anders Larsson i Hagen, opphavleg frå Kråkevågen, og kona Synneva Knutsdotter frå Hagen og vart døypt i Solund 31.5.1763. Kari gifte seg første gongen i Solund 26.11.1795 med Rasmus Thomasson frå Ødejord i Solund. Han var son av

 

##### (Thomas Olson – fulle namn på foreldri hans med yrkestitel og opphav til båe?)

 

og vart døypt i Solund 10.5.1778. Rasmus og Kari tok over heimebruket hennar i Hagen, men Rasmus vart gravlagd derifrå alt 22.3.1811. Paul tok over same bruket, men miste livet ved drukning 4.5.1819. Kari

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Paul og Kari fekk ikkje born i lag, men Kari hadde sju born i første ekteskapet og dessutan ei dotter før ho gifte seg første gongen.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg tek gjerne imot kommentarar til dette, og dersom nokon kan "fylla" dei to hòli mine, ville eg steja stor pris på det!

 

Om Gisle ser dette, so kan eg leggja tl at siste gongen Paul er nemnd i Hafslo var ved skiftet etter faren i 1783. Han er ikkje konfirmert i Hafslo og budde heller ikkje her i 1801. Kanskje var han då i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag løyst dette problemet på eigi hand.

 

Kari Andersdotter Hagen, kårenkje, døydde i Gulen (Solund) 6.9.1838 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11452&idx_id=11452&uid=ny&idx_side=-282), medan foreldri til Rasmus Thomasson var gardbrukar Thomas Olson på Ødejord og andre kona Mari Jacobsdotter frå Avløb.

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.