Gå til innhold
Arkivverket

Gloppen SF - Bø/Alme/Vassenden 1751 - eit forklaringsproblem


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Av og til klør eg meg i hovudet og lurer på om det er eg som er litt smårar. Det kan vel for så vidt hende, men no vil eg i alle fall be om litt hjelp til å sjå på følgjande frå ein utanforståande vinkel:

 

Skiftet etter Dorte Akseldtr Bø i Breim 1701 nemner borna hennar - Jakob, Aksel, Ola, Helga, Synnøve og Anne Larssøner og -døtre. Dorte skal i følgje kyrkjeboka vere 72 år ved død, og bør dermed ikkje har born som er fødde etter ca 1675.

 

Litt nede i skiftet blir det vist til skiftet etter mannen hennar, Lars Olsson - dette skiftet har vi ikkje, men det skal vere datert Ao 79 - dvs 1679.

 

Så langt er alt berre velstand. Men så får eg eit problem i 1751. Då døyr ei Anne Jakobsdtr Vassenden, oppgjeven til 63 år gammal, altså fødd omlag 1688. Ho er barnlaus, så då det blir skift etter henne same året, også her under namnet Anne Jakobsdtr, blir det fortalt at det er syskena hennar som skal arve - nemleg Jakob Larsson Alme, og Synnøve Larsdtr Rygg sine etterlatne born. Desse to er identiske med to av Dorte Akseldtr Bø sine arvingar.

 

Ved vigsla til Rasmus Andersson to årfør har ho namnet Anne Slagstad. Dette kan tyde på at ho er identisk med den brura som gifter seg med Anders Knutson Slagstad i 1743 - Anne Jakobdtr Alme.

 

For at kabalen skal gå opp må eg forutsetje heile 4 faktafeil. Presten må skrive feil namn ved vigsle og død (Jakobdtr i staden for Larsdtr) - han må skrive feil alder, minimum 10 år dersom ho skal bli fødd i mora sin fertile periode - og skrivaren må skrive feil farsnamn (Jakobdtr i staden for Larsdtr) i skiftet.

 

Er der andre mogelege forklaringar som eg ikkje ser? Kvifor gå rundt som Jakobdtr viss ho er Larsdtr? Har Dorte hatt ein mann som eg ikkje veit om, kanskje?

 

Litt tilleggsopplysningar: Jakob Larsson Bø er allereie på plass på Alme når han gifter seg i 1698. Han er kalla Bø ved trulovinga og Alme ved vigsla. Han har nok vore Anne sin formyndar fram til ho gifte seg - kan øvrigheita ha feiltolka det slik at han var far hennar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No kan det nesten sjå ut som om eg nærmar meg noko her! Dersom eg går ut frå 1688 som fødselsår finn eg denne dåps-innførsla

 

Jakob Larsson Jordangers uekte b. avlet med hans blods (frende?) i 2. og 3. led Anne Larsdtr Bø - barnets navn Anne.

 

Eg står dermed att med berre EIN feil - nemleg at Jakob Alme og Synnøve Rygg ikkje er sysken til avdøde Anne Jakobsdtr Vassenden, men sysken til MOR hennar. Men dei kan, som i så mange liknande tilfelle ha vakse opp som sysken.

 

Jakob Larsson Jordanger blir publ.absolvert i 1688for dette leiermålet - Anne blir då hevda å vere syskenbarnet hans.

 

Skal det stemme må Dorte Akseldtr Bø vere syster til Mari Akseldtr Sårheim Jordanger som er mor til Jakob.

 

Då vil eg påstå at eg er i mål! Takk for hjelpa :lol:

 

Eit lite funn til slutt: Eg har ei uplassert Anne Larsdtr Alme, død 70 år gammal i 1725. Denne kan eg dermed identifisere som syster til Jakob Larsson Alme, sidan det ikkje var ho som døydde i 1751. (Også Jakob si ugifte syster Helga døydde på Alme).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.