Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Peder Jacobson (1818?-1852) frå Lom til Bolsøy - opphavet hans og lagnad til kona hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har vanskar med denne huslyden, både med å finna fødsli til mannen i Lom, og ogso med å finna lagnaden til kona i Bolsøy (eller andre stader). Kanskje andre auge ser betre enn mine?

 

Peder Jacobson, fødd i Lom kring 1818 som son av ein Jacob Hallstenson Kind, gifte seg i Bolsøy 25.7.1847 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2271&idx_id=2271&uid=ny&idx_side=-203) med Anna Andersdotter, fødd i Hafslo 28.7.1822, men oppvaksi på ein plass under Mjelva i Bolsøy. Peder døydde som husmann under Mjelva alt 20.5.1852. Eg finn att Anna i 1865 som losjerande enkje og legdelem på Hatlen i Bolsøy (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1544&kenr=003&bnr=0047&lnr=000). Det står rett nok fødd i Bolsøy, men me kjenner ho att på sonen Anders.

 

Eg har funne tre born etter Peder og Anna:

 

* Andreas Pederson, fødd i Bolsøy 8.7.1847 – nemnd 1865 hjå mori på Hatlen

 

* Knut Andreas Pederson, fødd i Kleive sokn, Bolsøy 17.9.1849 – nemnd 1865 som tenestedreng på Ellingsgaard i Bolsøy

 

* Tøri Pedersdotter, fødd i Bolsøy 25.12.1851 – nemnd 1865: som tenestejente på Røbæk i Bolsøy

 

Eg har søkt i Lom, men eg finn ikkje dåpen til Peder Jacobson der! Elles har òg søkt etter dødsfallet til Anna, men all leiting i Bolsøy har so langt vore utan resultat! Kanskje om me finn att borni hennar??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torø Anita Ringebo-Roen

jeg skal lete i bygdabøkene etter de

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gro Anita og Berit for spennande og nyttige innlegg!

 

Eg var ikkje merksam på at denne huslyden var drøfta før, men no har eg studert den tidlegare debatten, og eg har fått svar på nokre av spørsmåli mine... Mellom anna er opphavet til Peder Jacobson no klart! Eg ser òg at første kona hans, Tøri Nicolaisdotter var fødd i Veøy 24.7.1824 og døydde på Mjelva 7.11.1845.

 

Men dei følgjande spørsmåli står, so vidt eg kan forstå, framleis opne:

 

* Kva heitte plassen under Mjelva der Peder Jacobson var husmann?

 

* Og, er det mogeleg å finna dato og stad for dødsfallet til andre kona Anna Andersdotter?

 

Eg takkar igjen for gode innspel og lever i voni...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette temaet frå Romsdalen med von om at kanskje ein eller annan kan ha eit svar? Kanskje Cecilia Fahlström frå Tyresö i Sverige har oppdaga temaet? Då sit ho kanskje med svari?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Etter ein del blaing i kyrkjebøkene for Bolsøy har eg no funne ei Anna Andersdotter, fødd 1822, som døydde 3.7.1872 som legdelem av Mjelva på ein stad som heitte Bergsbakken i Bolsøy (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2272&idx_id=2272&uid=ny&idx_side=-271). Dette ser då mistenkeleg ut i høve "mi" Anna?

 

Men kvar er Bergsbakken?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Bergsbakken er i dag en gateadresse i Molde kommune.

Vet ikke om linken til kartet vises her.

http://maps.google.no/maps?oe=UTF-8&hl=nb&client=safari&q=bergsbakken+molde&um=1&ie=UTF-8&hq=&hnear=0x461156886c01345f:0x5d5b27ab6d864fb2,Bergsbakken,+6422+Molde&gl=no&sa=X&ei=8rNHUfmOEaSE4gSRkYCwBQ&ved=0CC4Q8gEwAA

 

De som bor i Bergsbakken sogner til Bolsøy menighet i dvs. Røbekk kirke.

 

Du finner litt om sognene her:

http://www.arkivverket.no/arkivverket/Bruk-av-arkiv/Slekt/Hovedkilder/Kirkeboeker/Soknehistorikk/Moere-og-Romsdal

 

Og her er litt info om Bergsbakken:

http://kjellovehattrem.com/pi440.htm

 

Mvh Randi Elisabeth Haugros

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi for supplerande og nyttig innlegg! Då veit me kvar Bergsbakken var (er), og eg trur me kan sjå på dette problemet som meir eller mindre løyst, bportsett ifrå at namnet på plassen under Mjelva der Peder Jacobson budde, framleis er ukjent...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.