Gå til innhold
Arkivverket

Karl Olson Magnor ca 1852 - nytt forsøk på å finne opphav


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Det er mange personar eg må legge vekk utan å ha funne det eg ynskte om dei. Av og til tek eg dei fram att for å sjå om det kan finnast meir. Her er lenke til eit par av dei tidlegare trådane.

 

I dag tek eg utgangspunkt i folketellinga 1910 i Ålesund - der er han kalla Karl Chr Magner, og fødselsdato og -stad er oppgjeve til 19.03.1852, Kongsvinger. Familien veit frå før at han skal ha brukt etternamnet Magnor, og eg har oppfatta det slik at han sannsynlegvis er fødd på (i?) Magnor.

 

Men det har ikkje vore muleg å få det bekrefta gjennom noka dåps-innførsle. Eg har heller ikkje funne nokon konfirmasjon på han.

 

Mitt fyrste møte med han er Bud, Møre og Romsdal, 1877, der han døyper ein son August og dei får den litt kryptiske beskrivelsen "angivelige ektefolk". Dei skal etter denne oppføringa vere vigde i Hustad 1870, men det har i alle fall ikkje eg funne.

 

Før dette har Karl i alle fall ei dotter i eit ugift parforhold - Karoline, som blir konfirmert i Ålesund i 1891. Der er det opplyst at mor er Karoline Johanne Karlsdtr, og det blir oppgjeve fødselsdato 16.mars og dåpsdato 1.april 1874, Kongsvinger - attesten for dette skal vere av 12.12.90 ? - men heller ikkje dette har eg greidd å få bekrefta i ei kyrkjebok.

 

Kona Karen har eg greidd å føre tilbake til Stange på Hedmark. Familien flyttar derfrå i 1854.

 

Eg har opplysningar om 2 born til på Ålesunds-kanten; eg tek ikkje det med her, fordi det er perioden FØR Ålesund som er av interesse for meg.

 

Er det nokon som har eit tips å kome med?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tek med folketellinga 1900 - då er han ført to gonger, både på bustaden i Ålesund og der han fysisk er, i Rennebu, Sør-Trøndelag.

 

I tidlegare folketellingar har eg ikkje funne han.

 

Tek også med Karoline si vigsle i Ålesund - her er Magnor brukt som etternamn, fødestad er Kongsvinger og år 1874. Men å finne det i noka kyrkjebok -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Ett skudd langt ut i de blå kanskje.

 

Jeg går ut fra at datteren Karoline er uektefødt.

 

Ved konfirmasjonen til Karoline i 1791 heter moren Karoline Johanne Karlsdatter.

Kanskje dette er feilskrevet ?  Kanskje det skal være Karoline Johannesen

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038039006311

 

Jeg finner også denne dåpen i 1875 i Vinger.  Har du sett på denne før?

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Vinger, Ministerialbok nr. 12 (1871-1880), Fødte og døpte 1876, side 94.
Permanent sidelenke:    http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6033&idx_id=6033&uid=ny&idx_side=-102

 

Kanskje feil navn her også?

 

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for at du bryr deg med å leite, og nei, denne dåpen har er ikkje sett. Det er kanskje litt for mykje som ikkje stemmer, men eg skal absolutt holde ope for at det kan vere rette folket, inntil vidare.

 

Eg har nyleg fått opplysningar om dødsmeldinga til Karen, kona til Karl; der står ikkje namn på arvingane, men skal ho etterlate seg 3 born, som det står, må Karoline vere ei av dei...

 

Opplysningane om mor til Karoline er henta frå konfirmasjonen hennar. Når eg ser på namnet Karoline Johanne Karlsdtr stussar eg stadig meir - det er ikkje namnet til jenta som ved ein feil er kome på attesten? Eg har aldri funne noko som tyder på at ho heiter Johanne som andrenamn, men likevel..

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.