Gå til innhold
Arkivverket

Gloppen SF - ei slektsnøtt frå Eide med utløparar, m.a. til Davik.


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Gjertrud Jondtr Jordanger vart fødd i Breim i 1720, og eg har alle opplysningar eg treng om forfedrene hennar.

 

I 1745 gifter ho seg i Gloppen med Ola Pederson Myklebust. Ein av forløftningsmændene er frå Myklebust i Breim, men eg har ikkje noko sikkert prov på at det også er der Ola har namnet sitt frå. Kven var foreldra hans?

 

Dei får fyrste barnet sitt - Jon - på Jordanger i 1746. Han blir konfirmert i Vereide i Gloppen i 1765 under namnet Jon Olsson Eide. Kvar blir det av han seinare?

 

Neste barn er Lars i 1749. Han gifter seg i 1784 med enkja Anne Antonsdtr Sigdestad i Ålfoten (Davik, no Bremanger), som opphavleg er frå Hennane i dåverande Gloppen, no Eid. Eg kan ikkje sjå at dei har felles born, og Lars døyr på Sigdestad i 1808 utan at det er skifte etter han.

 

Så får dei Peder som er fødd og død i 1751 - han er skriven Myklebust, men eg veit ikkje om dei budde der.

 

Deretter er det Anne Marie i 1753 - ho blir seinare kalla berre Mari, og gifter seg Nils Nilsson Berge i Gloppen, får fleire born der, og alt er under kontroll..

 

Så er det ny Peder i 1755 - han ser eg ikkje att. Ein eventuell konfirmasjon burde vere rundt 1770-75. Kvar blir det av han?

 

Neste (?) barn kan eg ikkje finne i dåpslistene; fyrst ved konfirmasjonen i 1780 finn eg Mikkel Olsson Eide. Men eg er nokså sikker på at han høyrer til her, for han er fadder saman med mora ved ein dåp på Berge hos syster Mari.

 

Han står sist av konfirmantane, og sidan den nest siste er 21 år gammal, vil eg tru at dette også er ein slik "oppsop-konfirmant" som er eldre enn dei normale 15-16 åra. Kvar blir det av han seinare?

 

Yngste barn Ragnhild vart fødd i 1762 og døydde i 1777, altså under kontroll.

 

Faren Ola Pederson døydde i 1779 utan at det var skifte etter han, og mora Gjertrud Jondtr døydde hos dottera på Berge i 1791 - også utan skifte.

 

Grunnen til at eg tek farm igjen denne nøtta no, er at eg har funne ein interessant person på Endal i Davik, nemleg Mikkel Olsson Eide, som i 1787 gifter seg med enkja Brite Andersdtr. Ut frå alder i 1801 og alder ved død (utan skifte...) i 1815 skal han vere fødd rundtom 1755.

 

Kan dette vere "min" mann? Og er det nokon som har svar på dei andre spørsmåla mine?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.