Gå til innhold
Arkivverket

Andrew Simpson (1855-1917) - ei norsk utfordring i Chicago, IL - var han frå Søndre Land?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eit likelydande emne vart lagt ut som tema #63298 i det gamle brukarforum i 2008. Her er attgjeve opningsinnlegget mitt frå den gongen:

 

~~~~~~~~~~

 

"Anders Syverson/Sjurson - i Amerika kjend som Andrew Simpson, er oppgjeven fødd i Noreg 4.7.1855 og skal ha utvandra til Amerika i 1871 (ref. FT1910) eller i 1875 (ref. FT1900). Han er å finna i FT1880 for Chicago, IL, då ugift spannkøyrar ("teamster"), men han gifte seg sidan to gonger, først med ei jente¨med bakgrunn frå Hafslo i Sogn og sidan med ei enkje frå Mecklenburg. Han døydde i Chicago, IL 29.4.1917.

 

Dette er ikkje mykje å gå på, men kanskje ein eller annan dreg kjensel på namnet og kan hjelpa meg finna det norske opphavet hans?

 

PS: FT1900 oppgjev Sverige som fødestad både på Anders og foreldri hans, men dette veit me er feil. Kanskje kom han frå grensetraktene på Hedmarken?"

 

~~~~~~~~~~

 

Det kom eitt einaste svar på dette innlegget, frå Carsten Schanche:

 

~~~~~~~~~~

 

"Dette blir bare et tips Lars. Finner en Andreas Simensen f. 5-7-1854 (nederst på denne siden) [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9357&idx_id=9357&uid=ny&idx_side=-19>Lenke'>http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9357&idx_id=9357&uid=ny&idx_side=-19>Lenke

 

Her er han sammen med sin far og søsken i 1865Lenke

 

Og her reiser han sammen med sin bror ..."

 

~~~~~~~~~~

 

Innlegget frå Carsten er av ei eller anna orsak vorte "amputert", men den første lenken er ei kyrkjebokside frå Søndre Land (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9357&idx_id=9357&uid=ny&idx_side=-19), medan den neste lenken må vera frå FT1865 for plassen Storsveen under Viger i Søndre Land (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0536&kenr=006&bnr=0026&lnr=000) der denne huslyden er opplista:

 

Simen Hansen Husmd med Jord g 1818 Land

Randine Jensdatter hans Kone g 1824 Land

Karen Simensdatter hans Datter ug 1851 Land

Andreas Simenssen hans Søn ug 1854 Land

Syver Simenssen hans Søn ug 1857 Land

 

Den siste linja i innlegget til Carsten peiker truleg på ei utvandrng, men kvar er kjelda?

 

Kandidaten til Carsten ser absolutt spennande ut, men so er det det at Andrew og første kona Anna døyper eitt av borni deira i Spring Praire kyrkjelyden i Dane/Columbia Co., WI, og då er namnet til Andrew oppgjeve "på norsk" til ANDERS SJURSEN!

 

Eit anna problem er at dødsattesten til Andrew Simpson frå Chicago, IL frå 1917 oppgjev Andrew Simpson òg som namn på far hans!

 

Utsegni frå dødsattesten skal ein ikkje stola for mykje på; det var vel helst Andrew si andre mecklenburgiske kone som var informanten for dette.

 

Det ville vore svært so spennande å få greie på, kva som står i bygdeboki for Søndre Land om denne Andreas Simenson og likeins kva som står i den biografien som skal finst for utvandrarane frå Land?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brødrene Andreas Simensen VikerE født 5.7.1854 og Syver Simensen VikerE født 12.10.1856 meldte utflytting til Amerika 19.5.1876, se nr. 29 og 30 på venstre side her: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8976&idx_id=8976&uid=ny&idx_side=-214

"VikerE" vil si Vikereie, en plass under garden Viker. Dette må være brødrene som bodde på Storsveen under Viker i 1865.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibekke og Ole Arild for interessante og nyttige innlegg!

 

Jau, eg vil tru det er denne utvandringi Carsten syner til og som var borte frå det gamle emnet. Eg ser Andreas Simonson og broren utvandra til Decorah, IA, men dette treng ikkje tyda at dei vart buande der.

 

Kva seier so utvandringssoga for Land om desse brørne?

 

Eg kan leggja til at Andrew og første kona Anna Nelson fekk desse tre borni:

 

* Minnie Simpson, fødd ?.3.1882

 

* Albert Lewis Simpson, fødd 16.10.1884 og døypt Spring Prairie, WI - skreiv seg sidan for Albert Leslie Simpson, gift i Chicago, IL 27.11.1912 med Ethel E. Watkins og var telefonarbeidar i Chicago, IL, men døydde i Florida ?.11.1965.

 

* Norris Sanford Simpson, fødd ?.12.1887, døydde i Chicago, IL 5.9.1909.

 

Mor hennar heitte Magdalena "Maggie", medan faren var Nels Nelson. Minnie og Norris er vel oppkalla etter foreldri hennar...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdeboka for Land som omfatter Fluberg (Boka om Land, bind V) er svært mangelfull når det gjelder husmannsfolk. De er knapt nok nevnt. Alt som står her er "Husmann med jord Simen Hanssøn, 48, hans kone Randine Jensdtr., 42, samt barna Karen, 15, Andreas, 12, og Syver, 9, bodde i Storsveen" (ved folketellingen i 1865). I Boka om Land, bind IV som omfatter utvandringen fra Land er kun et lite utvalg av de mange utvandrerne oppført. Andreas og Syver er ikke nevnt i det hele tatt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ole Arild og Berit for nye spennande innlegg!

 

Eg har funne dåpen til Anders Sjurson Bøthun frå Leikanger. Det syner seg at han er fødd 1.9.1852 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1999&idx_id=1999&uid=ny&idx_side=-11), so eg er ikkje so heilt sikker på om det han vera han... Det er ikkje so mykje avviket på dei tre åri, men heller avviket på dei to månadane...

 

Elles er utvandringssoga for Land tydeleg ikkje so fullstendig som eg hadde vona, og me er like langt...

 

Hmm, ikkje so enkelt dette.

 

DERSOM det var far hans Anders som heitte Anders Sjurson, slik dødsattesten seier, so kan kanskje denne Anders Andersson frå Lille-Sleire i Masfjorden (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8295&idx_id=8295&uid=ny&idx_side=-16) vera ein "kandidat", fødd 24.6.1854? Men eg veit ikkje om denne Anders utvandra til Amerika...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibekke for siste innlegg!

 

So var det ikkje Anders frå Sleire i Masfjorden som utvandra til Amerika, og me er like langt...

 

Eg er framleis ikkje overtydd om at Andrew Simpson kom frå Land, men kanskje vil me aldri kunna få eit sikkert svar på dette!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Dette problemet ser det ikkje ut til at nokon greier å løysa med 100% tryggleik i denne omgongen. Hadde det ikkje vore for at Andrew Simpson i den eine kyrkjeboki frå Wisconsin opptrer under namnet Anders SJURSON, ville eg sagt det MÅ vera Andreas Simonson frå Vikereiget i Land, men skal me "lata tvil komma tiltalte til gode"...?

 

Tek gjerne i mot fleire sysnpunkt på dette. Det tryggaste provet ville vore om me fann ein annan Andrew Simonson med bror Syver Simonson i Amerika?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke noe annet å bidra med enn noen løse tanker. Farsnavn Simensen er nærmere Simpson enn Sjursen/Syversen, men det er ingen garanti for en slik fonetisk likhet. I noen tilfeller er vel Gulbrand blitt til Gilbert, så at Torbjørn blitt til Thomas, så Sjursen/Syversen kan like godt bli Simpson som Severson osv. Når jeg leser Sjurson tenker jeg geografisk sett gjerne på Vestlandet, for eksempel Voss... Men hittil synes den Andreas Simensen som er født i Land å være den heteste kandidaten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

Bygdeboka for Land som omfatter Fluberg (Boka om Land, bind V) er svært mangelfull når det gjelder husmannsfolk. De er knapt nok nevnt. Alt som står her er "Husmann med jord Simen Hanssøn, 48, hans kone Randine Jensdtr., 42, samt barna Karen, 15, Andreas, 12, og Syver, 9, bodde i Storsveen" (ved folketellingen i 1865). I Boka om Land, bind IV som omfatter utvandringen fra Land er kun et lite utvalg av de mange utvandrerne oppført. Andreas og Syver er ikke nevnt i det hele tatt.

 

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg i dette tema!

 

Eg må berre seia meg samd i at "kandidaten" frå Fluberg i Søndre Land, Andreas Simonson Vikereiget, so absolutt må vera det næraste me kjem ei løysing på dette probnlemet, sjølv om han i ei norsk kyrkjebok frå Wisconsin er kalla Anders Sjurson!

 

Men kven var foreldri til denne Andreas Simonson?

 

Som Ole Arild seier i innlegg #5, står det lite om plassfolki i bygdebøkene for Land. Det som eg ser i kyrkjebøkene er et Simon Hansson og BERIT/BERTA IVERSDOTTER i Vikereiget får minst fire born, dei tre som vert nemnde ovanfor samt ein son Johan, fødd i Fluberg 14.3.1849 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8975&idx_id=8975&uid=ny&idx_side=-13).

 

Men eg finn ikkje noki vigsle for foreldri i Land etter 1844. Kanskje Berit/Berta var innflytt frå ei anna bygd?

 

Kan nokon med lokal kunnskap hjelpa meg finna ut:

 

* Kva gard/plass hadde Simon Hansson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde Berit/Berta Iversdotter opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Det ser ut til å vera svært so lite utlagt frå Land på FamilySearch, so det er ingi hjelp å henta der...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her ser eg at Simon Hansson og andre kona Randi Jensdotter gifte seg i NORDRE Land 3.12,.1862 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8981&idx_id=8981&uid=ny&idx_side=-148). Han var 42 år og son av ein Hans Andersson.

 

Eg finn konfirmasjonen til denne Simon Hansson i 1836 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9359&idx_id=9359&uid=ny&idx_side=-162). Han er tydeleg fødd på Viker i 1822 av foreldri Hans Andersson og Mari Simonsdotter.

 

Men kva med Berit/Berta?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.