Gå til innhold
Arkivverket

SF, Gloppen, Steffen Rasmusen Sande (1717-1766), farsfamilien hans


Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

Er usikker på om eg har funne korrekt bestefar/farsfamilie til Steffen. Håpar nokon kan hjelpe meg å finne ut av dette.

 

Stephen Rasmusen Sande vert døypt 17 oktober 1717.

http://www.arkivverk...ny&idx_side=-44

Far er Rasmus Steffensen Sande. Blandt fadderane finn ein Steffen Pedersen Røsætter. Bland fadderane finn ein også Paul Sjursen Rye og Magnild Sjursdatter Rye.

 

I 1729 døyr ein Rasmus Steffensen Røsætter 48 år gamal (http://www.arkivverk...y&idx_side=-139). Skiftet etter han året etter (halde på Sande!) http://arkivverket.n...read/24223/331/ fortel at arvingane er enka Synneve Siursdatter og borna 1. Stephen Rasmusen 12 år og 2. Ragnilde Rasmusdatter 7 år.

 

Rasmus Steffensen og Synnøve Sjursdatter gifta seg 17 januar 1717 http://www.arkivverk...ny&idx_side=-47 og trulovelsen var 30 august i 1716 http://www.arkivverk...ny&idx_side=-39 Her får ein vite at Rasmus då brukte gardsnamnet Røsætter. Synnøve kom frå Rye og var syster av Paul og Magnhild som var fadderar til Steffen Rasmusen. Synnøve har eg funne att i skiftet etter faren Sjur Olsen Rye d. 1704 og hennar historie er ok.

 

Det ser ut til at Rasmus og Synnøve flytte til Sande utan direkte å ha tilknytning dit. Røsætter/Røset/Rauset ser dermed ut til å vere der eg må leite for å kome vidare. Hausten 1730 held Steffen Pedersen Røsæter skifte i levande live etter det eg forstår. http://arkivverket.n...read/24223/437/ Svært usikker på om eg har forstått dette skiftet korrekt men etter som eg kan lese held Steffen Pedersen skifte mellom seg sjølv og tre arvingar; Stephen Rasmusen Røsæter, Lisbeth Rasmusdatter gift med Ole Rafnestad og Brithe Rasmusdatter forlovet med Ole Larsen Rye.

 

Og no er det det vert komplisert for min del. Er dette "min" Stephen Rasmusen Røsæter" det er snakk om? Med andre ord er dette sonen til Rasmus Steffensen Sande/Røsæter? Grunnen til komplikasjonen er at det er to Stephen Rasmusen Sande/Røsæter dette kan vere.

 

1) "Min" Stephen Rasmusen Sande som døyr i 1766 (Test Vindium, nr. 2; http://www.arkivverk...ny&idx_side=-53) og som det vert halde skifte etter på Sande den 12 Juli same året.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 15a , 1766-1770, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n..._read/24232/59/

arvingar: enka Eli Larsdatter (verge Jørgen Larsen Søreide (bror??)) og borna 1. Rasmus Stephensen 25 år og myndig, Lars Stephensen 11 år, Brithe Stephensdatter gift med Jacob Mickelsen Orem og Synneve Stephensdatter 14 år (Eg veit at dette er "min" Steffen pga. giftemålet mellom Brithe Stephensdatter og jacob Mickelsen Orem)

 

og 2) Steffen Rasmusen Røsæter som det vert halde skifte for i juli 1767.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 15a , 1766-1770, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/24232/203/

Arvingar her er enka Marie Nilsdatter og borna Peder og Nils Steffensen, Synnøve gift med Ole Rasmusen Sande, Mallene (enke) og Ellie Steffensdøttre

 

Dersom det viser seg at Stephen Pedersen Røsæter --> Rasmus Stephensen Røsæter/Sande --> Stephen Rasmusen Sande ikkje er tilfelle kvar kom i so fall Rasmus Stephensen Sande frå??? (obs. at ein Rasmus Steffensen 20 år er tjenar på garden Grouf (Grov??) i 1701)

 

Dette vart svært omfattande men håpar nokon likevel kan klare å sjå gjennom tåken for meg og få dette korrekt. Det vanskelige spørsmålet for meg er med andre ord om Stephen Rasmusen Sande (1717-1766) er barnebarn av Stephen Pedersen Røsætter/Rauset? Og i tilfelle ikkje kvar kom Rasmus Stephensen Røsæter/Sande frå?

 

mvh

Morten Sylte

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Prøver å gi deg et svar, veit ikkje om det vert heilt rett. I "Soga om Gloppen og Breim" bind 3 står det at Rasmus Steffenson Rauset (frå g.br.nr 14.3) fekk skøyte med farbroren Peder Nilsson Rauset. Er komt inn på slekt til svigersonen min. Ha ein fin dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for forsøket ditt iallefall :). Må med all mulig respekt å melde seie at tåka ikkje heilt har klarna enno for min del. Ser at eg bør skaffe tak i "Soga for Gloppen og Breim" og sjå om andre detaljar dukkar opp då. Takk for tipset om dei bøkene...

 

mvh

Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skiftet i levande live i 1730 omhandlar Rasmus Pederson Rauset og borna hans, sonen Steffen R, fødd 1702, og døtrene Brite og Lisbet. Dette er altså ikkje den same Steffen Rasmusson som er fødd i 1717.

 

Rasmus Steffenson Rauset har eg ikkje identifisert endå. Han er fadder på Rasmus Pederson Rauset sitt barn Lisbet i 1706. I 1701-manntalet er han truleg tenar på Grov. Etter alderen der og ved død skal han vere fødd rundtom 1680, og det er litt pussig at eg ikkje finn nokon aktuell Steffen i Gimmestadsokna i 1666 som kan vere far hans.

 

Eigedomsoverdraginga som Sol refererer til inneheld gjerne opplysningar om slektskapsforholdet, men eg er ikkje sikker på kvar denne skal vere å finne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, Aase!

 

Har ikkje teke steget inn i tingbøkene sin omfattande verd enno eg so den eigedomsaka lyt vere eit prosjekt for framtida. Namnet til farbroren kan vere vel verd å ha i tankane. Må ha ei flott helg der inne på Sandane :-)

 

mvh

Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for den lenken, Ann-Mary. Hadde funne den omtalte Sjur sjølv som er omtala i den tråden, men det utanomekteskapelige barnet var ukjent.

 

mvh

Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nok ein gong takk for helpa. Ole behørlig notert i Legacy. So får ein sjå om det vert ei løysing på gåten Rasmus Steffensen Rauset/Sande ein gong i framtida...

 

mvh

Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

J.Aaland: Soga om Gloppen og Breim, band III :

 

Perbruket 14/3 og 4 Rauset: Byrge Nilson brukar i 1602, kårfolk i 1646.

Nils Byrgeson, d.85 år g. 1691. Born: Peder,f.1644 og Steffen (om sonen sjå 15/7)

Peder Nilson,ny brukar,d.1723. I 1716 selde han 22 mk i Sande til Rasmus Steffenson Sande som då sa frå seg alle krav på

Geilebakk-kvia som Peder hadde rudt.

 

Sande 15/7 Rausetøyra(Sandsøyra)

Peder Nilson Rauset 14/3 brukar før 1666 22 mk (sjå under Rauset)

Byrge Rauset brukte sidan same parten.

Rasmus Steffenson Rauset 14/3 d.48 år g. 1729, fekk sk. med farbroren, P.N. Rauset i 1716. Han brukte også

20 mk i Rauset.

Sonen Steffen Rasmusson fekk i 1741 sk på 1 3/4 pd i Sandsøyra og 18 mk i Rauset.

 

Vonar dette gjer problemet klårare.

Mvh Einar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk skal du ha, Einar.

 

So får ein tru at hr. Åland i dette tilfelle har rett.

 

Slik eg forstår dette no då so er bestefar til "min" Steffen dermed ein Steffen Nilsen Rauset. Sonen hans Rasmus Steffensen var trulig tjenar på Grov i 1701 og tok over Sande i 1716.

 

mvh

Morten

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veit du Einar kvar ein kan finne desse opplysningane frå 1716 i originaldokument? Det hadde vore svært interessant å sjå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Til interesserte partar i saka om Steffen Rasmussen Sande og kjøpet av Sande som faren Rasmus Steffensen gjorde i 1716  - her er pantebokinnføringa der Aaland trulig har henta informasjonen sin frå.

 

Sjå s. 237 og side 238

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02b/02ba/L0001: Pantebok nr. II.B.a.1, 1711-1717, s. 236-237
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071008840120
 

Etter det eg kan forstå handlar fyrste delen om at Peder Nilsen Rødset sel og avhender 22 merker smør i garden Sande til Rasmus Steffensen Rødset/Sande. Andre delen handlar om at Rasmus avstår, som Aaland også skriver om, ein part i Geilbakkkvien som hittill alltid har fylgd dei 22 merka i Sande. Vidare at nøst og kvernhus som står på Sande fortsatt skal vere Peder sin eigendom inntil Rasmus evt. er i stand til å løyse ut også dette.

 

Omtrent midt på side 238 kjem del 3 der Rasmus seier frå seg retten sin i Røset som faren har brukt - sitat: "fra sagt mig den Ret ieg Kunde Siuees at Have til at besidde og bruge den Jordepart i Røsetter som min Shl: fader før har brugt, og nu beboes og bruges, af min Svoger Rasmus Rødsetter, som det og forlengst af Sl: Wittekind (?) Huus har bøxlet." Litt lenger ned vert det også sagt at Rasmus skal avstå all rett til å byksle "det brug udj Rødsetter, som Nils Pederss. nu effter Elias Rødsetters døde sig har tilbøxlet". (kva part dette er snakk om er uklart for meg. Eg finn ikkje noko i panteboka om det!)

 

Etter det eg kan forstå står ikkje her noko om slektskapet mellom Peder Nilsen og Rasmus Steffensen. Derimot kan det av dette kanskje tenkjast at "svoger" Rasmus Rødsetter er den same som Rasmus Pedersen Rødset, og som ser ut til å ha vore gift med ei Synnøve Steffensdatter (ifølge Aaland) ... Er ho muligens syster av Rasmus Steffensen og begge to born av Steffen Andersen Rødset?

 

Avtalen er også nemndt i Tingboka, sjå folio 170a, fyrste Dito

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 01/01a/L0019: Tingbøker (justisprotokoller), 1713-1717, s. 169b-170a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rg20090402620697

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

For å avklare gjennom kjeldene kven av dei samtidige Steffen Rasmussane som busette seg på Rødset, vil eg her nemne denne odelstransportsaka henta frå panteboka og datert 7. mai 1723.

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 02/02b/02ba/L0002: Pantebok nr. II.B.a.2, 1717-1723, s. 438-439
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071008840404
 

Brødrene Nils og Rasmus Pedersen Rødset avstår odelen til ein part i Rødset til ungkaren Steffen Rasmussen og "handes tilkommende Hustrue". Nils og Rasmus omtalar "vores kiære fader nu avdøde Sahl: Peder Nilsen Røsetter" og "vores kiære igienlevende Moder Mallene Guldbrandsdatter".

 

Steffen på sin side omtalar dette: "som findes udj boen efter min Sahl: farfader afgangne Peder Nilsen Røsetter". Vidare "saa siden antage min gamle farmoder Mallene Guldbrandsdatter saa og min svage farbroder Niels Pedersen begge udj deris Lifstid ..."

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.