Gå til innhold
Arkivverket

Ein fødselsdato i Balestrand 1834?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg syner til denne kyrkjeboksida frå Leikanger, inkl. Balestrand, fødde i 1834:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11569&idx_id=11569&uid=ny&idx_side=-211

 

Eg ser med interesse på fødsel # 111, Lasse Knutson Vaatevig. Linjene er litt ujamne, men dåpsdatoen hans er 19.11.1834, og so er spørsmålet: Kva dato er han fødd?

 

Datoen er utan tvil 17., men i kva månad? Fleire av desse fødslene etter kvarandre har eit lite tillegg med 10 eller 11, som eg reknar med er månaden for fødsli, men er Lasse fødd 17.10. eller 17.11.?

 

Lasse utvandra i 1856 til Amerika, og FT1900 seier han var fødd i oktober 1835, medan gravstøtta hans frå Minnesota i 1920 seier 28.10.1834.

 

Både konfirmasjonen og utvandringi hans oppgjev berre dåpsdato 19.11.1834, men KVA DATO var han fødd?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ville sagt oktober, på grunn av det lille 10-tallet til høyre, men det er kanskje bedre å vente på flere svar her.

 

Når det gjelder ulike dåpsdatoer: en av mine forferdre blir konstant referert til med ulike fødselsår. Navn endrer seg også iblant fra kirkebok til kirkebok, fordi mennesker gjør feil. De hadde ingen gode systemer i gamle dager, som vi har med data-ene våre, derfor ble det en del feil. Det er i alle fall min erfaring når det gjelder variasjonene som kan oppstå. (Jeg ville antakelig stolt på gravstøtten hans når det gjelder fødselsdato.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Hanne og Gunnar for nyttige innlegg! Eg meiner òg det må vera 17.9., men det er alltid kjekt å få ein "2nd opinion"!

 

Då går me for 17.9.! Elles er det som Hanne seier ofte vanskeleg å ta standpunkt når ein finn ulike datoar i ulike kjelder. Det einaste ein stort sett kan vera trygg på er årstalet, men sjølv der kan me ta feil, særleg i amerikanske kyrkjebøker der prestane var særleg "flinke" til å nytta "lappesystemet", og ofte vart det tilfeldig kva tid ein barnedåp vart innskrive i kyrkjeboki... I einskilde settlementområde kunne det òg gå år mellom kvar gong dei fekk vitjing av ein omreisande prest og kunne få døypt borni sine!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar for ny kommentar!

 

Sjølvsagt skal det vera 17.10.! Eg "blingsa" då eg skreiv svaret...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.