Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ellend/Elling Mattissen ( -1763), via Hafslo til Bergen - var han frå Jølster, eller kvar var han ifrå?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ellend Mattissen dukka opp i Hafslo då han 13.1.1752 vart trulova med Martha Knutsdotter Grov (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11455&idx_id=11455&uid=ny&idx_side=-68). Martha var fødd i Hafslo kring 1727 som dotter av gardbrukar Knut Olson på Grov, opphavleg frå garden Nygard på Hafslo, og kona Mari Olsdotter, opphavleg frå garden Solvi på Hafslo. Forlovarane var Iver Wenjum og Jens Alme, båe gardbrukarar på Hafslo.

 

Ellend og Martha fekk i alle fall ein son som vart døypt i Hafslo: Matis døypt 18.6.1752 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11455&idx_id=11455&uid=ny&idx_side=-69). Alle fadrane var skyldfolk eller naboar av kona Martha!

 

Ikkje lenge etter flytte Ellend og Martha til Bergen der mannen skreiv seg for Elling Mattissen. Han døydde mellom 1762 og 1767 og må difor vera identisk med den "drager Elling Mattissen" som vart gravlagd på St. Paulus i Bergen 12.1.1763 (http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=bedo1668&gardpostnr=50080&merk=50080#ovre).

 

So vidt eg har greidd å finna ut, so fekk Ellend/Elling og Martha to born til:

 

* Anna Margrethe, fødd kring 1754, truleg òg i Hafslo (der kyrkjebøkene har ein "lakune" på den tidi), og

 

* Randi, døypt i Bergen 4.4.1762.

 

Mattis og Randi døydde visstnok båe i 1762; Anna Margrethe vart gift, men fekk ikkje born.

 

Spørsmålet om lagnaden til denne huslyden har vore drøfta i det gamle brukarforum som tema #78739 (http://forum.arkivverket.no/topic/164080-78739-martha-knutsdotter-1727-1804-fraa-hafslo-til-bergen-gift-to-gonger-huslyd/page__p__1402158__hl__+ellend%20+%F8yane#entry1402158), medan spørsmålet her i hovudsak gjeld:

 

*** Ellend/Elling Mattissen ***

 

Kvar kan denne mannen vera komen ifrå? Eg kan ikkje sjå at han høyrer til i Hafslo!

 

FamilySearch har eitt einaste alternativ i Sogn og Fjordane:

 

* Elling Mathissen, døypt frå Heggheim i Jølster 15.12.1715 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11522&idx_id=11522&uid=ny&idx_side=-52).

 

Denne Elling kan eg ikkje sjå er gift i Jølster (eller nokon annan stad i fylket). Rett nok får ein Elling Heggheim ei dotter Synneva i 1748, døypt 21.1. (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11523&idx_id=11523&uid=ny&idx_side=-93), men me veit ikkje om det er same mann...?

 

Kanskje kan fleire par auge bidra med noko her? Kan Elling Mathissen frå Heggheim i Jølster vera faren til Sogn og derifrå til Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er skifte etter en Elling Mathisen Heggheim i Jølster i 1790:

 

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Svanø birk tinglag, Skifteprotokoll A 15 , 1779-1806, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24204/196/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127620198.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er et giftermål i Jølster i 1744, i merknadsfeltet står det B3-164:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=vi14311696&gardpostnr=472&personpostnr=931&merk=931#ovre

 

Sogn og Fjordane fylke, Jølster, Ministerialbok nr. A 2 (1731-1749), Kronologisk liste 1744, side 150-151.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11523&idx_id=11523&uid=ny&idx_side=-77

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509670537.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dåpen til sønnen Mathias i Jølster i 1751

Sogn og Fjordane fylke, Helgheim i Jølster, Ministerialbok nr. A 4 (1749-1789), Kronologisk liste 1751, side 16-17.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11525&idx_id=11525&uid=ny&idx_side=-11

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509680088.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Skifte etter Helge Olsdatter, Elling Mathisen Heggems kone:

 

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Svanø birk tinglag, Skifteprotokoll A 15 , 1779-1806, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24204/165/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127620166.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Grethe Flood

Det ble døpt en Elling, sønn av Mathias Tollefsen i Eigersund i 1724, men det er selvsagt et skudd helt i blinde....

 

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NC5C-C38

 

Rogaland fylke, Eigersund, Ministerialbok nr. A 2 (1720-1757), Kronologisk liste 1724, uten sidenr.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8756&idx_id=8756&uid=ny&idx_side=-8

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418650141.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for mange spennande og nyttige innlegg!

 

Då er det heilt klart at "min" Ellend/Elling Mattisen IKKJE kom frå Jølster, og me er "back to square #1". FamilySearch har fleire mogelege Elling Mathisens kring om i landet, og kom han ikkje frå Sogn og Fjordane eller Hordaland/Bergen, kan han vel vera nær sagt kvar som helst ifrå?

 

I Sogndalsfjøra i Sogndal finn me tre mannfolk som kan sjå ut som dei er brør:

 

* Johannes Mathisson, fødd kring 1730, vart gravlagd i Sogndal 13.5.1759

 

* Gjert Mathisson, snikkar, fødd kring 1734, vart gravlagd i Sogndal 24.6.1803

 

* Sjur Mathisson, sersjant, fødd kring 1742, døydde i Sogndal 3.7.1824

 

Ingen av desse tre er døypte i Sogndal, men dei er alle vigde der! Då får me vita at Johannes Mathisson er frå Vikøyri i Vik! Kanskje dei andre ôg er derifrå?

 

Kva med Ellend/Elling?

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!

 

Med venleg helsng,

 

Lars E. Oyane

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har søkt litt vidare etter desse (tilsynelatande) brørne frå Vik i Sogn, og har i databasen til fylkesarkivet i Sogn og Fjordane over fødde i Sogn og Fjordane fått stadfest at dei tre er brør og alle fødde i Vik:

 

19242 1417 10/1 1743 D m Siur Matthiass. e Matthias Gierts. Vik almenning Vikøyri. Farfars namn frå intr.

19307 1417 12/4 1740 D k Brithe Mathiasd. e Mathias Giests. Vik sokn.

19371 1417 3/12 1737 D m Giæst Mathiass. e Mathias Giests. Vik sokn.

19405 1417 3/5 1736 D m Hans Mathiass. e Mathias Giests. Vik almenning Vikøyri. Stad frå gravf.

19434 1417 21/2 1734 D m Siur Mathiass. e Mathias Vik almenning Vikøyri.

19442 1417 8/8 1734 D k Martha Mathiasd. e Mathias Vik almenning Vikøyri.

19488 1417 13/1 1732 D m Siur Mathiass. e Mathias Hovland

19528 1417 2/6 1730 D m Johannes Matiass. e Matias Vik almenning Vikøyri.

19532 1417 9/7 1730 D m NN Mathiass. e Mathias Manglar namn og kjønn. Vik sokn.

 

I 1778 vart det halde skifte etter Matias Gjertson på Vikøyri i Vik (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24167/473/), og, diverre, berre dei tre sønene Johannes, Gjert og Sjur er nemnde attåt to småjenter frå eit seinare ekteskap! Ellend/Elling høyrer soleis IKKJE til denne huslyden.

 

MEN, av dei mange Mathiasborni nemnde over, må minst to av dei vera av eit anna foreldrepar, NN frå 1730 og (truleg) Martha frå 1734. Men å vona på at "min" Ellend/Elling høyrer til den huslyden,. er nok litt i drygaste laget...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.