Gå til innhold
Arkivverket

Ragnhild Pedersdotter Hopen (Ølnes) i Sogndal (1731-1803) - kvar vart det av borni og barneborni hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ragnhild Pedersdotter Hopen, døypt i Hafslo 23.12.1731, vart gravlagd i Sogndal 3.7.1803. Ho var då enkje for andre gongen. Med første mannen Ole Carlson (1731-1767) har ho husmannskone på Bandskjerøyri under Årøy i Sogndal, medan ho med andre mannen Nils Marcusson (1718-1790?) budde på Hopen under Ølnes i Sogndal.

 

Ragnhild fekk tre born, alle frå første ekteskapet:

 

a. Peder Olson, døypt i Hafslo 17.10.1756, gifte seg i Sogndal 17.11.1789 med Gjøri Andersdotter frå Ølnes, døypt i Sogndal 7.12.1760. Peder og Gjøri tok over som plassfolk på Hopen under Ølnes, men flytte kring 1800 som strandsitjarar til ein plass under Kjørnes i Sogndal. Derifrå forsvinn dei etter 1808! Sju born er fødde i Sogndal:

 

--- Ole Pederson, døypt i Sogndal 9.11.1788.

 

--- Anders Pederson, døypt i Sogndal 1.5.1791, vart gravlagd i Sogndal 9.2.1794.

 

--- Hans Pederson, døypt i Sogndal 17.11.1793, vart gravlagd i Sogndal 9.2.1794.

 

--- Kari Pedersdotter, døypt i Sogndal 8.11.1795.

 

--- Gunnhild Pedersdotter, døypt i Sogndal 24.6.1798.

 

--- Lars Pederson, døypt i Sogndal 15.11.1801.

 

--- Peder Pederson, døypt i Sogndal 25.12.1807, vart gravlagd i Sogndal 2.2.1808.

 

b. Lars Olson, døypt i Sogndal 4.6.1762, budde i 1801 i lag med mori, ugift "betler".

 

c. Britha Olsdotter, døypt i Sogndal 9.2.1766, budde i 1801 òg i lag med mori, ugift "betler" med ein son:

 

--- Einer Andersson, døypt Sogndal 3.8.1800.

 

So vidt eg kan sjå, er INGEN av dei tre borni etter Ragnhild Pedersdotter avlidne eller gravlagde i Sogndal. Eg finn heller ikkje spor etter dei fire attlevande borni til Peder Olson eller sonen til Britha Olsdotter!

 

Kan ein heil huslyd berre "forsvinna" på dette viset?

 

Eg ville setja stor pris på alle gode tips når det gjeld lagnaden deira og takkar so mykje på førehand!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er kanskje Lars Pedersen Kjørnes død i Bergen i 1827? http://digitalarkive...9851&merk=19851

 

Lars Pedersen Kjørnes gift 1826, far Peder Olsen Ølnes Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 14 (1823-1835), Ekteviede 1826, side 421.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8684&idx_id=8684&idx_listetype=vi&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-22

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321640238.jpg

 

 

?Enkemann Ole Pedersen Ølnes, gift 1826 i Bergen Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 14 (1823-1835), Ekteviede 1826, side 422.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverk...ny&idx_side=-23

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70321640239.jpg

 

Ole Pedersen Ølnes' første ekteskap i 1815 Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 9 (1743-1861), Ekteviede 1815, side 144.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8681&idx_id=8681&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-153

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321630062.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for spennande og særs nyttige opplysningar. Det er ingen tvil om at du har funne to av sønene etter Peder Olson i Bergen! Då er det kan henda dit heile denne huslyden har teke vegen...? Foreldri er jo heller ikkje å sjå i Sogndal...

 

Eit enkelt søk i databasen over gravlagde i Bergen 1816-1886 med namnet Ølnes (http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=1301begr) syner fleire interessante namn, m.a.:

 

* Ole Pedersen Ølnæs, almisselem, døydde 6.6.1845, 64 år - alderen litt feil, men kanskje likevel?

 

* Einer Andersen Ølnæs, soldat, barnefar i 1822

 

Men førebels ser eg ikkje noko til Peder Olson og Gjøri Andersdotter aller søskeni hans...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessante opplysningar om sonen til Einer Andersson!

 

Dette er tydeleg ikkje nokon enkel huslyd å finna att, men eg trur eg kan ha funne dotteri Kari Pedersdotter som gift 17.4.1831 i Nykyrkja i Bergen med Arne Colbenson Waage (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8726&idx_id=8726&uid=ny&idx_side=-458).

 

Med dette er tre av dei fire opplevande borni til Peder og Gjøri hamna i Bergen; berre Gunnhild manglar, men det er ikkje noko å sjå til foreldri Peder og Gjøri mellom dei gravlagde i Bergen! I alle fall finn ikkje eg nokon som høver med omsyn til namn og alder...

 

Merkeleg kor vanskeleg dette skal vera...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.