Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Rasmus Olson Loen/Otnes (1817) og kona Martha (1815) - frå Selje til Amerika i 1870 - kvar vart det av denne huslyden?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har nettopp oppdaga ein heilt ny huslyd med delvis bakgrunn i Hafslo. Dei forsvinn til Amerika, men der kan eg ikkje sjå noko meir til dei. Kanskje er eg blind vorten?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Olson Loen, frå Loen i Stryn, Innvik, var son av gardbrukar Ole Rasmusson på Loen og kona Jannicke Rasmusdotter frå Sæter og f. i Stryn, Innvik 7.4.1817. Han gifte seg i Hafslo 28.1.1841 med Martha Rasmusdotter frå Tonning i Stryn, Innvik. Ho var dotter av gardbrukarson Rasmus Rasmusson frå Tonning og gardbrukardotteri Martha Hansdotter frå Sunde og vart døypt i Stryn, Innvik 25.11.1815. Rasmus og Martha flytte inn som nye plassfolk på Hauståkeren våren 1841. Nokon festesetel på denne plassen finn me ikkje, men derimot fekk Rasmus 17.8.1842 hjå Jens Nilsson Solvi festesetel på Traneberhaugen av Solvi mot pliktarbeid og noko skomakararbeid. Parfolket vart buande på Hauståkeren fram til kring 1844. Dei flytte då attende til heimbygdi Stryn, og der var dei ei tid innerstfolk på Loen, men sidan flytte dei til Maurstad i Davik der dei var gardbrukarar til dei kring 1856 vart plassfolk under Otnes i Selje. Sidan vart dei gardbrukarar same staden, men i 1870 utvandra parfolket til Amerika,

 

##### (kvar vart det av dei? - lagnad og dødsfalli deira?)

 

Dei fekk seks born i lag:

 

a. Ole Rasmusson, f. i Hafslo 10.2.1841,

 

##### (nemnd 1865 - seinare lagnad?)

 

b. Johanna Rachel Rasmusdotter, f. i Stryn, Innvik 23.2.1843, utvandra til Amerika med foreldri i 1870 og

 

##### (lagnaden hennar?)

 

c. Rasmus Rasmusson, tvilling, f. i Stryn, Innvik 3.8.1845,

 

##### (nemnd 1865 - seinare lagnad?)

 

d. Bertha Marie Rasmusdotter, likeins tvilling og f. i Stryn, Innvik 3.8.1845, utvandra med foreldri til Amerika i 1870 og

 

##### (lagnaden hennar?)

 

e. Elias Andreas, kjend som Andreas Rasmusson, f. i Davik 21.7.1852, utvandra òg i 1870 med foreldri til Amerika og

 

##### (lagnaden hans?)

 

f. Hanna Elise Rasmusdotter, f. i Selje 3.8.1860, utvandra likeins til Amerika med foreldri i 1870 og

 

##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg kan ikkje sjå at sønene Ole og Rasmus utvandra, men kanskje reiste dei på anna vis til Amerika...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld lagnaden til denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vibeke Lund Åhling

I 1880 i Vernon, WI, som Olnes?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Vibeke Lund Åhling

Hos Fylkesarkivet i SoF, Flytte::

Rasmus Rasmussen Otnes, til Bergen 9.3.1869:

"For å gå til sjøs. Født 3.8.1845."

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er nok ein gong skikkeleg imponert over kjempeflotte innlegg! Hjarteleg tusen takk til Lars J. og Vibeke!

 

Eg har sete mestedelen av dagen og studert denne huslyden, og hjar konsultert amerikanske kjelder som ligg tilgjengele for meg, til dømes kyrkjebokavskrifter fr¨det norske settlementet i Bad Ax, WI som omfattar det meste av Jefferson township i Vernon Co., WI. Eg fann ogso vigsli til Bertha, og det syner seg at ektemakane til dei fem søskeni som me har funne vigde i Amerika, alle fann dei frå same fylket i Noreg, Sogn og Fjordane! Ein av dei sende bod etter ei jente frå Otnes i Selje og gifte seg med ho, medan to av dei fire andre kom frå Førde, ein frå Stryn og den sioste frå HAFSLO, ei jente som eg ikkje enno hadde greidd å spora opp i Amerika!

 

Mange svar er komne på plass, men framleis sit eg att med fleire uløyste detaljspørsmål, som alle går fram av denne oppdaterte versjonen av manuskriptet mitt. Særleg gjeld det eldste sonen Ole og yngste sonen Elias Andreas samt dei to foreldri...

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Olson Otnes, frå Loen i Stryn, Innvik, var son av gardbrukar Ole Rasmusson på Loen og kona Jannicke Rasmusdotter frå Sæter og f. i Stryn, Innvik 7.4.1817. Han gifte seg i Hafslo 28.1.1841 med Martha Rasmusdotter frå Tonning i Stryn, Innvik. Ho var dotter av gardbrukarson Rasmus Rasmusson frå Tonning og gardbrukardotteri Martha Hansdotter frå Sunde og vart døypt i Stryn, Innvik 25.11.1815. Rasmus og Martha flytte inn som nye plassfolk på Hauståkeren våren 1841. Nokon festesetel på denne plassen finn me ikkje, men derimot fekk Rasmus 17.8.1842 hjå Jens Nilsson Solvi festesetel på Traneberhaugen av Solvi mot pliktarbeid og noko skomakararbeid. Parfolket vart buande på Hauståkeren fram til kring 1844, då dei flytte attende til heimbygdi Stryn. Der var dei ei tid innerstfolk på Loen, men sidan flytte dei til Maurstad i Davik der dei var gardbrukarar til dei kring 1856 vart plassfolk under Otnes i Selje. Sidan vart dei gardbrukarar same staden, men i 1870 utvandra parfolket til Amerika, og me finn dei att som farmarar i Jefferson township, Vernon Co., Wis. under namni Rasmus og Martha Otnes.

 

##### (called Otnes in the 1880-census, what do the grave markers say?)

 

##### (date and place of death of Rasmus Olson?)

 

##### (date and place of death of Martha Olson?)

 

Dei fekk seks born i lag:

 

a. Ole Rasmusson, f. i Hafslo 10.2.1841, flytte i 1869 til Bergen for å reisa ut som sjømann,

 

##### (seinare lagnad?)

 

b. Johanna Rachel Rasmusdotter, sidan kjend som Johanna Olson, f. i Stryn, Innvik 23.2.1843, utvandra til Amerika med foreldri i 1870 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 13.2.1874 med Rasmus Henrik Hansson frå Grimeland i Førde, i Amerika kjend som Rasmus Hanson. Han var son av gardbrukar Hans Simonson på Grimelandshaugen, Grimeland og kona Gjøa Rasmusdotter frå Haugen og f. i Førde 12.12.1841, men utvandra i 1869. Rasmus og Johanna Hanson slo seg ned som farmarar i Jefferson township, Vernon Co., Wis. der Johanna d. 5.4.1906. Rasmus Hanson flytte som enkjemann til ei dotter i Sterling township, Vernon Co., Wis. der han d.

 

##### (exact date and place of his death?)

 

1920. Dei fekk ni born i lag.

 

c. Rasmus Rasmusson, tvilling, sidan kjend som Robert R. Olson, f. i Stryn, Innvik 3.8.1845, flytte i 1869 til Bergen som sjømann, men utvandra til Amerika alt i 1870. Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 3.8.1883 med Anna Marie Olsdotter frå Otnes i Selje, i Amerika kjend som Anna Olson. Ho var dotter av husmann Ole Hansson på ein plass under Otnes og kona Larsine Larsdotter frå Hoddevik og f. i Selje 22.12.1847. Ho utvandra til Amerika i 1883. Robert og Anna slo seg ned som farmarar i Jefferson Co., Vernon Co., Wis. der Robert d.

 

##### (exact date and place of his death?)

 

1903. Anna Olson d.

 

##### (exact date and place of her death?)

 

1942. Dei fekk ei dotter i lag.

 

d. Bertha Marie Rasmusdotter, likeins tvilling, sidan kjend som Bertha Olson, f. i Stryn, Innvik 3.8.1845, utvandra med foreldri til Amerika i 1870 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 23.11.1874 med Johannes Abrahamson frå Solem i Førde, i Amerika kjend som John Abrahamson. Han var son av husmann Abraham Olson på Solemsholten under Solem og andre kona Maria Madsdotter frå Ultang og f. i Førde 8.11.1840, men utvandra til Amerika i 1871. John og Bertha farma òg i Jefferson township, Vernon Co., Wis. der John d. 31.1.1902. Bertha Abrahamson d.

 

##### (place of her death?)

 

11.4.1921. Dei fekk seks born i lag.

 

e. Elias Andreas, sidan kjend som Elias A. Rasmussen,

 

##### (or did he also use OLSON for a family name? – first name Andrew?)

 

f. i Davik 21.7.1852, utvandra òg i 1870 med foreldri til Amerika og gifte seg i Vernon Co., Wis. 31.10.1881 med Susanna Johannesdotter frå Skogateigen under Sviggum i Hafslo, kjend som Susan Swiggum. Ho var f. i Hafslo 15.6.1837, men utvandra til Amerika i 1866.

 

##### (what became of this couple? – occupation and place of residence?)

 

##### (date and place of his death?)

 

##### (date and place of her death?)

 

##### (children?)

 

f. Hanna Elise Rasmusdotter, sidan kjend som Hannah Olson, f. i Selje 3.8.1860, utvandra likeins til Amerika med foreldri i 1870 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 31.3.1884 med Anders Absalonson frå Ljåstad i Stryn, Innvik, i Amerika kjend som Andrew A. Johnstad. Han var son av gardbrukar Absalon Aamundson på Ljåstad og kona Brita Knutsdotter frå Tunål, men f. på Johnstad i Stryn, Innvik 14.4.1853. Han utvandra til Amerika i 1873. Andrew og Hannah farma visstnok òg nokre år i Jefferson township, Vernon Co., Wis., men flytte kring 1890 til ein farm i Seely township, Faribault Co., Minn. der Andrew d. 31.1.1908. Hannah Johnstad flytte sidan til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 13.9.1940. Dei fekk åtte born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje nok ein gong for alle dei detaljane som er mogelege å finna for å fylla "hòli" mine!

 

Med varm og venleg sommarhelsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg greidd å finna ut av eldste sonen Ole! Han endra namnet sitt til "Ole ROSE", men budde i same nabolaget som dei fleste andre søskeni. Her er då oppdatert manuskript for Ole Rose:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

a. Ole Rasmusson, sidan kjend som Ole Rose, f. i Hafslo 10.2.1841, flytte i 1869 til Bergen for å reisa ut som sjømann, men utvandra til Amerika kort tid etter. Han gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? - 1870 or 1871?)

 

med Dortha Guriane Larsdotter frå Store-Kjøde i Selje, Amerika kjend som Dorothea Larson. Ho var dotter av gardbrukar Lars Rasmusson på Store-Kjøde, opphavleg frå Helsæter, og kona Abelina Jacobsdotter frå Store-Kjøde og f. i Selje 13.3.1841, men utvandra til Amerika i 1870. Ole og Dorthea farma først i Jefferson township, Vernon Co., Wis., men flytte kring 1890 til ein farm i Sterling township, Vernon Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut. Ole d.

 

##### (place of his death?)

 

15.5.1915, medan Dorthea Rose d.

 

##### (place of her death?)

 

23.4.1927. Dei fekk ti born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter denne oppdagingi er det i hovudsak Elias Andreas som står att å spora opp. Eg lyt forresten leggja til at kona hans, Susanna Swiggum,. hadde ein son før ho vart gift med Elias Andreas:

 

* Sølfest Larsson (Swiggum?), fødd i Hafslo 2.9.1865, utvandra med mor si i 1866. Kanskje ogso han vil dukka opp, dersom me finn mori?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Solfest Larsen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 2 September 1865 christening: 17 September 1865 HAFSLO,SOGN OG FJORDANE,NORWAY

  • parents:Lars Iversen, Susanne Johannesdr

 

 

 

 

 

Name: Ole Rose Titles and Terms:

Ole Rose, "United States Census, 1900"

 

Event Type: Census Event Date: 1900 Event Place: ED 169 Sterling town, Vernon, Wisconsin, United States Birth Date: Feb 1841 Birthplace: Norway Relationship to Head of Household: Head Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Race: White Gender: Male Marital Status: Married Years Married: 30 Marriage Year (Estimated): 1870 Mother of how many children: Number of Living Children: Immigration Year: 1869 Page: 1 Sheet Letter: A Family Number: 8 Reference ID: 35 GS Film number: 1241820 Digital Folder Number: 004120646 Image Number: 00436

 

Household Gender Age Birthplace

 

Head Ole Rose M 59 Norway

 

Wife Dorth* Rose F 59 Norway

 

Son Loren Rose M 29 Wisconsin

 

Daughter Martha Rose F 26 Wisconsin

 

Daughter Rebekka Rose F 22 Wisconsin

 

Son John M Rose M 18 Wisconsin

 

https://familysearch...M9.1.1/MM2J-N1Y

 

 

 

 

 

Ole Rose, "United States Census, 1880"

Name: Ole Rose Event Type: Census Event Date: 1880 Event Place: Jefferson, Vernon, Wisconsin, United States Gender: Male Age: 39 Marital Status: Married Occupation: Farming Race (Original): W Ethnicity: American Relationship to Head of Household: Self Birthplace: Norway Birth Date: 1841 Spouse's Name: Dorte Rose Spouse's Birthplace: Norway Father's Name: Father's Birthplace: Norway Mother's Name: Mother's Birthplace: Norway Page: 330 Page Letter: A Entry Number: 1310 Affiliate Film Number: T9-1449 GS Film number: 1255449 Digital Folder Number: 004244777 Image Number: 00157 Household Gender Age Birthplace Self Ole Rose M 39 Norway

 

Wife Dorte Rose F 39 Norway

 

Son Soren Rose M 8 Wisconsin, United States

 

Daughter Martha Rose F 5 Wisconsin, United States

 

Daughter Anna Rose F 3 Wisconsin, United States

 

Daughter Rebeka Rose F 1 Wisconsin, United States

 

https://familysearch...M9.1.1/MNH2-9LK

 

 

VIELSE: Ole Rose

Wisconsin, Marriages, 1836-1930 birth: Norway marriage: 16 January 1871 Franklin, Vernon, Wisconsin

  • parents:Rose, Martha Rose
  • spouse:Darte Larson
  • other:Lorend Pose, Alloson Jacobsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Ole Rose

Birth: Feb. 10, 1841 Death: May 15, 1915 trans.gif Burial:

Bad Axe Independent Lutheran Cemetery

Purdy

Vernon County

Wisconsin, USA

Edit Virtual Cemetery info [?]

Created by: Susanna Parrish Allen

Record added: Jul 10, 2011

Find A Grave Memorial# 73162766

http://www.findagrav....3162766&df=all

 

Dorthea Rose Birth: Mar. 13, 1841 Death: Apr. 23, 1927 trans.gif Burial:

Bad Axe Independent Lutheran Cemetery

Purdy

Vernon County

Wisconsin, USA

Edit Virtual Cemetery info [?]

Created by: Susanna Parrish Allen

Record added: Jul 10, 2011

Find A Grave Memorial# 73162778

http://www.findagrav....&GRid=73162778

 

Loren Rose Birth: Nov. 13, 1871 Death: Aug. 18, 1900 trans.gif Burial:

Bad Axe Independent Lutheran Cemetery

Purdy

Vernon County

Wisconsin, USA

Edit Virtual Cemetery info [?]

Created by: Susanna Parrish Allen

Record added: Jul 10, 2011

Find A Grave Memorial# 73162748

http://www.findagrav....&GRid=73162748

 

John Rose Birth: Jan. 22, 1882 Death: Jun. 10, 1900 trans.gif Burial:

Bad Axe Independent Lutheran Cemetery

Purdy

Vernon County

Wisconsin, USA

Edit Virtual Cemetery info [?]

Created by: Susanna Parrish Allen

Record added: Jul 10, 2011

Find A Grave Memorial# 73162739

http://www.findagrav....&GRid=73162739

 

Anna Rose Birth: Nov. 25, 1877 Death: May 29, 1898 trans.gif Burial:

Bad Axe Independent Lutheran Cemetery

Purdy

Vernon County

Wisconsin, USA

Edit Virtual Cemetery info [?]

Created by: Susanna Parrish Allen

Record added: Jul 10, 2011

Find A Grave Memorial# 73162707

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=rose&GSiman=1&GScid=2309563&GRid=73162707&

 

 

 

?

Ingeborg Rose Birth: Jun. 18, 1884 Death: May 12, 1889 trans.gif Burial:

Bad Axe Independent Lutheran Cemetery

Purdy

Vernon County

Wisconsin, USA

Edit Virtual Cemetery info [?]

Created by: Susanna Parrish Allen

Record added: Jul 10, 2011

Find A Grave Memorial# 73162723

http://www.findagrav...&GRid=73162723

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye spennande innlegg! Særleg sette eg pris på vigsli til Ole Rose og Dorothea, som eg ikkje fann i føremiddag! Sjølve dødsstadene til Ole og Dorthea syner ikkje på kyrkjegarden, so eg har bede om "lookup" i dei offisielle dødsattestane deira, noko som berre kan gjerast på to stader i Wisconsin.

 

Elles såg eg at du hadde funne ein Sølfest Larsson som fengselsfogel i Waukesha, WI i 1880. Eg har sett litt nærare på denne karen, og eg ser ikkje bort ifrå at det KAN vera "vår mann", eller rettare "vår gut"! Eg ser at det i 1865 var tre gutar i heile Noreg med dette namnet og fødselsår 1865. Eg vil starta eit nytt tema der eg tek opp desse tre gutane til drøfting!

 

Elles er det framleis, no som før, lagnaden til Elias Andreas og kona Susanna som står att som det "STORE" spørsmålet...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Audun Loen

Takk for informasjon. Rasmus Olsen Loen/Otnes tilhøyrer mi slekt i Loen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Audun for spennande melding!  Eg har nett sendt deg ei melding om denne ætti der eg har teke med avsnittet frå gnr. 148, Mo, husmannsplassen Hauståkeren (Luster Gards- og Ættesoge, band X, 2013):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Rasmus Olson Otnes, frå Loen i Stryn, Innvik, var son av gardbrukar Ole Rasmusson på Loen og kona Jannicke Rasmusdotter frå Sæter og f. i Stryn, Innvik 7.4.1817.  Han gifte seg i Hafslo 28.1.1841 med Martha Rasmusdotter frå Tonning i Stryn, Innvik.  Ho var dotter av gardbrukarson Rasmus Rasmusson frå Tonning og gardbrukardotteri Martha Hansdotter frå Sunde og vart døypt i Stryn, Innvik 25.11.1815.  Rasmus og Martha flytte inn som nye plassfolk på Hauståkeren våren 1841.  Nokon festesetel på denne plassen finn me ikkje, men derimot fekk Rasmus 17.8.1842 hjå Jens Nilsson Solvi festesetel på Traneberhaugen av Solvi mot pliktarbeid og noko skomakararbeid.  Parfolket vart buande på Hauståkeren fram til kring 1844.

Kring 1844 flytte Rasmus og Martha attende til heimbygdi Stryn, og der var dei ei tid innerstfolk på Loen, men sidan flytte dei til Maurstad i Davik der dei var gardbrukarar til dei kring 1856 vart plassfolk under Otnes i Selje.  Sidan vart dei gardbrukarar same staden, men i 1870 utvandra parfolket til Amerika, og me finn dei att som farmarar i Jefferson township, Vernon Co., Wis. under namni Rasmus og Martha Olson.  Rasmus d. i Vernon Co., Wis. 11.11.1883, medan Martha Olson d. same staden 22.3.1889.  Dei fekk seks born i lag:

a. Ole Rasmusson, sidan kjend som Ole Rose, f. i Hafslo 10.2.1841, flytte i 1869 til Bergen for å reisa ut som sjømann, men utvandra til Amerika kort tid etter.  Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 16.1.1871 med Dortha Guriane Larsdotter frå Store-Kjøde i Selje,  Amerika kjend som Dorothea Larson.  Ho var dotter av gardbrukar Lars Rasmusson på Store-Kjøde, opphavleg frå Helsæter, og kona Abelina Jacobsdotter frå Store-Kjøde og f. i Selje 13.3.1841, men utvandra til Amerika i 1870.  Ole og Dorthea farma først i Jefferson township, Vernon Co., Wis., men flytte kring 1890 til ein farm i Sterling township, Vernon Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut.  Ole d. ved eit ulukkeshende i Vernon Co., Wis. 15.5.1915, medan Dorthea Rose d. same staden 23.4.1927.  Dei fekk ti born i lag.

b. Johanna Rachel Rasmusdotter, sidan kjend som Johanna Olson, f. i Stryn, Innvik 23.2.1843, utvandra til Amerika med foreldri i 1870 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 13.2.1874 med Rasmus Henrik Hansson frå Grimeland i Førde, i Amerika kjend som Rasmus Hanson.  Han var son av gardbrukar Hans Simonson på Grimelandshaugen, Grimeland og kona Gjøa Rasmusdotter frå Haugen og f. i Førde 12.12.1841, men utvandra i 1869.  Rasmus og Johanna Hanson slo seg ned som farmarar i Jefferson township, Vernon Co., Wis. der Johanna d. 5.4.1906.  Rasmus Hanson flytte som enkjemann til ei dotter i Sterling township, Vernon Co., Wis. og sidan vidare til Franklin township, Vernon Co., Wis. der han d. 6.4.1920.  Dei fekk ni born i lag.

c. Rasmus Rasmusson, tvilling, sidan kjend som Robert R. Olson, f. i Stryn, Innvik 3.8.1845, flytte i 1869 til Bergen som sjømann, men utvandra til Amerika alt i 1870.  Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 3.8.1883 med Anna Marie Olsdotter frå Otnes i Selje, i Amerika kjend som Anna Olson.  Ho var dotter av husmann Ole Hansson på ein plass under Otnes og kona Larsine Larsdotter frå Hoddevik og f. i Selje 22.12.1847.  Ho utvandra til Amerika i 1883.  Robert og Anna slo seg ned som farmarar i Jefferson Co., Vernon Co., Wis. der Robert d. 1.6.1903.  Anna Olson d. i Viroqua, Wis. 11.6.1942.  Dei fekk ei dotter i lag.

d. Bertha Marie Rasmusdotter, likeins tvilling, sidan kjend som Bertha Olson, f. i Stryn, Innvik 3.8.1845, utvandra med foreldri til Amerika i 1870 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 23.11.1874 med Johannes Abrahamson frå Solem i Førde, i Amerika kjend som John Abrahamson.  Han var son av husmann Abraham Olson på Solemsholten under Solem og andre kona Maria Madsdotter frå Ultang og f. i Førde 8.11.1840, men utvandra til Amerika i 1871.  John og Bertha farma òg i Jefferson township, Vernon Co., Wis. der John d. 31.1.1902.  Bertha Abrahamson d. same staden 11.4.1921.  Dei fekk seks born i lag.

e. Elias Andreas, sidan kjend som Elias A. Rasmussen, f. i Davik 21.7.1852, utvandra òg i 1870 med foreldri til Amerika og gifte seg i Vernon Co., Wis. 31.10.1881 med Susanna Johannesdotter frå Skogateigen under Sviggum i Hafslo, kjend som Susan Swiggum.  Ho var f. i Hafslo 15.6.1837, men utvandra til Amerika i 1866.  Elias og Susanna skal ha farma ei kort tid i Jefferson township, Vernon Co., Wis., men Elias ser ut til å vera avliden alt i 1882, og Susanna selde då farmen og flytte bort.  Lagnaden hennar er førebels ukjend.  Elias og Susanna fekk visstnok ikkje born i lag, men Susanna hadde ein son frå før:

- Solfest Larson, son av Susanna og husmannssonen Lars Iverson frå Sandvikøyri under Øvrebø i Luster (1846-1902), var f. i Hafslo 2.9.1865 og utvandra til Amerika med mor si i 1866.  Han levde framleis i 1880 då han budde på ein guteheim i Waukesha Co., Wis., men den seinare lagnaden hans er ukjend.

f. Hanna Elise Rasmusdotter, sidan kjend som Hannah Olson, f. i Selje 3.8.1860, utvandra likeins til Amerika med foreldri i 1870 og gifte seg i Vernon Co., Wis. 31.3.1884 med Anders Absalonson frå Ljåstad i Stryn, Innvik, i Amerika kjend som Andrew A. Johnstad.  Han var son av gardbrukar Absalon Aamundson på Ljåstad og kona Britha Knutsdotter frå Tunål, men f. på Johnstad i Stryn, Innvik 14.4.1853.  Han utvandra til Amerika i 1873.  Andrew og Hannah farma visstnok òg nokre år i Jefferson township, Vernon Co., Wis., men flytte kring 1890 til ein farm i Seely township, Faribault Co., Minn. der Andrew d. 31.1.1908.  Hannah Johnstad flytte sidan til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 13.9.1940.  Dei fekk åtte born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lukke til med vidare gransking!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.