Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder (1683), Lasse (1685) og Aamund (1689) Christenssøner - frå Hafslo til Valdes eller Hallingdal kring 1700?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Manntalet frå 1701 for Sanden (den seinare sorenskrivargarden Christianelyst) i Hafslo syner denne huslyden:

 

Christen Aamundson, 50 år, oppsitjar

Peder Christenson, 18 år, tener "synfieldz"

Lasse Christenson, 16 år, tener "syndenfieldz"

Aamund Christenson, 12 år,

 

Synfieldz eller Syndenfieldz for Sogn var den gongen Valdres eller Hallingdal (på same vis som sogningar i desse områdi vart omtalte som "nor(d)menn" eller nordenfjelds.

 

Aamund kan ha vorte att i Hafslo, men Peder og Lasse ser me i alle fall ikkje noko meir til her i bygdi! So er det spørsmål om nokon med lokal kunnskap i Valdres og/eller Hallingdal kan finna desse gutane nemnde i nabolaget der sør?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tillet meg å henta fram att dette emnet, som framleis ingen har svart på. Det er sikkert ikkje so lett å finna noko sikkert svar på kvar det vart av desse brørne, men kanskje har nokon ein eller annan idé?

 

Eg lever i voni...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å henta fram att dette emnet som ingen so langt har freista svara på.

 

Når det gjeld Aamund Christenson, ser det mest ut til at han er vorten buande i Solvorn i Hafslo, på nabogarden Bjørnetun, men dei to eldre brørne hans ser me ikkje noko meir til her. Elles har eg vore i kontakt med bygdebokskrivarar i Hallingdal, og ingen av dei dreg kjensel på desse brørne der. So det kan sjå ut som om VALDRES er den mest sannsynlege bustaden deira...

 

Aamund på Bjørnetun tok over den garden etter Ole Iverson som visstnok hadde minst tre søner som flytte til Valdres eller Hadeland, men desse vil eg ta opp som eige tema i Brukarforum!

 

Eg vonar framleis det let seg gjera finna lagnadane til Peder og/eller Lasse Christenssøner i Valdres(?) og takkar nok ein gong for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.