Gå til innhold
Arkivverket

Jon Larsson «Schaaren» og Anders Larsson «Enebak» 1796


Atle Brandsar - privat
 Del

Recommended Posts

...nokon som kjenner desse?

 

Dei var innstemnte for ærekrenkjing og trugslar i Lom 1796: http://arkivverket.n...read/29755/121/ (høgre side, nestøvst).

 

Kom karane frå Enebakk? Det er merkeleg at dei skal ha vore ved tinget året før, eg finn dei heller ikkje som innsøkjarar eller innstemnte til det nemnte tinget.

 

 

Litt om saka frå 1796: Nils Krøkje og Syver Skamsdalen vitna at partane (klokkar Viborg og dei to karane) var samla i kongevegen ovan Gjeilo (Skjåk) etter sumartinget i Lom året før og høyrde dei to i sinne seia «Du er een Skielm og en Bedrager som vi alletider skal vedstaae og dig over beviise end og for Retten» og truga honom med hogg og slag. Dei møtte ikkje – fekk lagdag til neste ting.

 

NB! Lagt ut her òg: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?p=585020#585020

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Kanskje er det snakk om to brør frå Oppstryn? I FT1865 finn ein garden Enebak ved/på Hjelle i Oppstryn: http://digitalarkive...5&merk=135#ovre

 

Ein Anders Larssen Eenebakke er nemnd som formyndar for borna sine i eit skifte i 1804: http://arkivverket.n...read/24242/320/

I 1801 er han busett på Jelle (Hjelle): http://digitalarkive...9&merk=109#ovre

Giftermålet i 1787 viser at han var frå Skåre: http://digitalarkive...&merk=1911#ovre

 

Jon Larsen på Skaarre (Skåre) i FT1801: http://digitalarkive...3&merk=113#ovre

Skiftet etter ei Synneve Andersdtr. på Skåre i 1778 viser at ho hadde 3 søner, m.a. både ein Joen Larsen og Anders Larsen: http://arkivverket.n...read/24235/129/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje om denne saka fekk noko etterspel for Amund, eller kva militær grad han hadde. Men eg har kanskje nokre andre opplysningar av interesse.

 

Med utgangspunkt i FT1801 for garden Fosnes, ser ein at det var fleire som heitte Amund på Fosnes. Amund Olsen, som var nemnd som 23 år, er vel for ung til å vere "din" Amund. Eg reknar difor med at det er tale om Amund Abra(ha)msen som ved tellinga står nemnd som losjerande og 44 år gammal. Ved nærare ettersyn finn ein at han er halvbror til brukaren Ole Amundsen, og såleis onkel til den andre Amund'en på garden.

 

Faren Abraham Arnesen (Sunde), gifte seg med enka Synneve Olsdtr. Fosnes i 1760: http://www.arkivverk...y&idx_side=-266

Dei fekk sonen Amund Abrahamsen i 1761: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-42

Folketellinga i 1801 viser altså for høg alder på Amund.

Ved skiftet etter Abraham og Synneve i 1793(?), står Amund nemnd som å vere i kongens teneste som underoffiser: http://arkivverket.n...read/24239/348/

 

Amund Abrahamsen vart gift 19.10.1806 med Eli Clare Olsdtr. Storstein i Sunnylven sokn i Norddal Prestegjeld (venstre side): http://www.arkivverk...y&idx_side=-120

Eli Clare vart fødd 1771 på garden Lillebø i Sunnylven (høgre side, Ole Lillebøens datter....): http://www.arkivverk...ny&idx_side=-27

Familien hennar flytte seinare til garden Storstein, som og ligg i Sunnylven. Her er familien nemnd på Lillebø i bygdeboka for Sunnylven: http://www.nb.no/nbs...49f?index=0#259

 

Amund og Eli Clare vart busette på garden Erstad i Skodje. Bygdeboka for Skodje nemner og Amund: http://www.nb.no/nbs...1f6?index=5#787

Opplysningane her er noko vage, og forfattaren har t.d. bomma på kven kona var. Kanskje noko pinleg, då forfattaren er nemnd som eigaren av bruket i bygdeboka.....

I alle høve døydde Amund Abrahamsen 15.11.1824: http://www.arkivverk...y&idx_side=-102

Her er skiftet etter Amund Abrahamsen i 1825: http://arkivverket.n...read/24604/220/

Enka Eli Clare Olsdtr. og Amund sine halvsysken i Nordfjord vert nemnde her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.