Gå til innhold
Arkivverket

Sokneprest Harald Ulrik Sverdrups døtre - Balestrand - og ein uslåeleg rekord?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Vi snakkar her om den Harald Ulrik Sverdrup som var fødd 1813 og som ved folketellinga i 1865 var sokneprest i Balestrand. Han hadde 5 søner som alle blei prestar, og tre døtre - Gundelle M 19 år - Elise 16 år - Karoline M 9 år i 1865 - som i følgje ei kjelde alle skulle vere gifte med prestar.

 

Det skal snart gå i trykken ei "kyrkjebok" i Balestrand, og redaksjonen ergrar seg litt over at dei ikkje har konkrete opplysningar om desse tre. Eg skulle prøve å hjelpe til i farten, men det viser seg at "dei fleste" i denne Sverdrup-familien har dei same namna, så når eg finn noko eg trur er rett, så er det ikkje det.

 

Eg prøver derfor snarvegen: Kan nokon hjelpe ei redaksjonsnemnd under press med opplysningar om desse tre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karoline vart vigd i 1889 (nr. 5): http://www.arkivverk...ny&idx_side=-87

 

Det ser ut som om Bruhjell var pastor i Stavang i Kinn, i alle fall ut frå dåpen til Olaf

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Bru (Svanøy) i Kinn, Klokkerbok nr. C 2 (1869-1918), Fødte og døpte 1890, side 86.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6904&idx_id=6904&uid=ny&idx_side=-87

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115320401.jpg

 

 

mvh Egil

 

Litt snacks om denne Bruhjell

http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Eirik_Olson_Bruhjell

 

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har endra overskrift på dette temaet, fordi eg har kome i tankar om at dette vel må vere bortimot ein rekord: Denne presten hadde 5 søner, som alle blei prestar, og 3 døtre, som alle blei gifte med prestar (to av desse siste var kapellanar hos Sverdrup..)

 

Nokon betre? Det må i så fall vere meir enn 8 born..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for alle bidrag! No har nemnda fått det dei treng - men kanskje nokon har ein annan familie som kan vere kandidat til denne omtalte rekorden: 100 % av borna, 8 i talet, vart prestar eller gift med prestar - ikkje nødvendigvis akkurat dette yrket, men det er vel det mest aktuelle?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.