Gå til innhold
Arkivverket
Anne Hildrum

servitutt med gjerdebestemmelser?

Recommended Posts

Anne Hildrum

ER det noen her som vet hvordan man kan finne ut av dette. Det dreier seg om en eiendom skilt ut fra en annen. Uten at jeg vet helt sikkert når det skjedde vil jeg tro en eller annen gang 19xx årene. Det sies at det skal finnes en en servitutt med gjerdebestemmelser.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Ein byrjar med å slå opp i panteregisteret, som er ein indeks til pantebøkene. Panteregisteret viser alle hendingar sortert på gards- og bruksnummer. Deretter kan ein finne sjølve dokumentet ved å slå opp i panteboka.

 

Dei gamle panteregistera vart frå ca 1935-1950 erstatta av grunnboka. Dersom hendinga er etter dette kan ein gå inn på betaltenesta infoland.no og bestille ei elektronisk grunnboksutskrift. Denne brukar ein til å slå opp i rett pantebok. Dersom panteboka er nyare enn ca 1950 må ein også bestille denne utskrifta via infoland.no eller Statens Kartverk.

 

Den elektroniske grunnboksutskrifta inneheld berre opplysningar som framleis er gjeldande. Dersom ein også ynskjer tilgang til opplysningar som er sletta kan ein bestille kopi av den manuelle grunnboka (ført fram til ca 1980) eller "historisk utskrift", som gjeld perioden frå 1980 fram til i dag. Den manuelle grunnboka er i ferd med å verte skanna, og vert om kort tid del av ei ny teneste for skanna tinglysingsdokument på Digitalarkivet. Så dersom du ventar litt vil du kanskje kunne spare nokre kroner.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Dersom dette er eit hefte på den eigedommen som den nye eigedommen vart utskild frå er det vel også under den gamle eigedommen du vil finne heftet omtalt i panteregisteret.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.