Gå til innhold
Arkivverket

Reppen og Holmberg - København/Århus/Odense i Danmark og sidan i Oslo?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne vigsli fann stad i Vestre Aker i januar (eller februar) 1946 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3297&idx_id=3297&uid=ny&idx_side=-20):

 

Freddy Reppen, fødd i Danmark 1.8.1918, far: salssjef Edvard Johan Waldemar Reppen, og

Ingri Haug, fødd i Vestre Aker 18.4.1926, far: lærar Nils Halstein Haug

 

Dåpsattesten hans seier at Freddy Reppen var fødd i Århus 1.8.1918, men han vart ikkje døypt før 17.11.1934 og det i Vestre Aker kyrkje, berre to veker før han vart konfirmert! Foreldri hans var:

 

Edvard Johan Waldemar REPPEN, fødd i Hafslo i Sogn 19.1.1886 og

Astrid Ingeborg HOLMBERG, fødd, truleg i København, Danmark 23.6.1889

 

Ifølgje personlege opplysningar som eg har motteke, skal huslyden òg ha butt ei tid i Odense, men i 1927 flytte dei til Oslo og busette seg i J. Colletts allé 96. Edvard døydde i Oslo 26.3.1963, medan Astrid Reppen døydde same staden 16.1.1976. Dei ligg gravlagde på Vestre Aker. Edvard var i mange år salssjef i "Kristen Ungdom" (Familien), kan henda alt frå dei flytte til Oslo i 1927?

 

So til spørsmåli mine, som primært gjeld DANMARK:

 

* Edvard og Astrid skal før Freddy ha hatt ei dotter, som døydde i ung alder. Er det mogeleg å finna DATO og STAD for VIGSLI til Edvard og Astrid?

 

* Er det mogeleg å finna ut kva YRKE Edvard hadde, medan dei budde i Danmark, og KVAR i Danmark huslyden budde?

 

* So, når det gjeld Astrid Ingeborg HOLMBERG, skal ho vera fødd i København 23.6.1889. Ho hadde ei søster Alma HOLMBERG, fødd i København 9.9.1893, som i 1928 utvandra til Amerika og arbeidde som hushaldar til ho som pensjonist flytte til Oslo der ho døydde i mars 1982. Dei hadde òg ein bror Franz Holmberg, som budde i Danmark. Er det mogeleg å finna namni på foreldri til desse søskeni samt yrket til faren og fødestad for båe? Ei stadfesting av fødestaden til Astrid ville eg òg setja stor pris på!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å løysa desse spørsmåli!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit par nye detaljar er dukka opp om denne huslyden. Kanskje kan dei hjelpa?

 

Mor til Astrid Ingeborg Holmberg skal ha vore ei:

 

Inger HOLMBERG som døydde i Danmark (København?) 13. eller 18.1.1930

 

Og det er truleg at Edvard og Astrid budde heile tidi i Århus før dei i 1927 flytte til Oslo!

 

Eg vonar framleis på at ein eller annan dreg kjensel på denne huslyden og kan hjelpa vidare...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nye opplysningar om denne huslyden kom nettopp inn døri hjå meg:

 

Edvard Reppen og Astrid Holmberg skal ha gift seg 14.6.1916, truleg i København, kan henda borgarleg?

 

Dei kan òg ha butt ei tid på Frederiksberg i København før dei flytte til Aarhus!

 

Og foreldri til Astrid vert no oppgjevne vera skomakar Olaf Carlsson Holmberg og kona Inger Persson. Desse namni høyrest svært so "svenske" ut i mine øyrer, men kven veit...?

 

~~~~~~~~~~~

 

Etter desse opplysningane kom, manglar me i grunnen berre nokre ganske få detaljar:

 

* Nøyaktig vigselsstad for Edvard og Astrid?

 

* Yrket til Edvard, medan huslyden budde i Danmark?

 

* Og endeleg fødestadene til foreldri hennar, Olof Carlsson Holmberg og Inger Persson?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Samtlige personer i husstanden

 

 

København, København (Staden), Adelgade (lige numre), no. 56, 2. Sal, 229, FT-1885, C0763

Navn: Alder: Civilstand: Stilling i husstanden: Erhverv: Fødested: Herman Jensen 38 Gift Husfader Arbeidsmand Ringstrup Karne Marie Jensen 34 Gift Husmoder Kirkefjenneslev Niels Peter Jensen 10 Ugift Søn Kjøbenhavn Ane Kristine Jensen 8 Ugift Datter Kjøbenhavn Jens Herman Jensen 4 Ugift Søn Kjøbenhavn Carl Christian Jensen Under 1 Aar Ugift Søn Kjøbenhavn Jens Anderson 21 Ugift Logerende Skomager Landskrona Olaf Holmberg 22 Ugift Logerende Skomager Sverige

 

Udtræk fra DDD Indvandrerdatabasen

 

Indfødsret

Efternavn: Holmberg Fornavn: Olof Carlsson Erhverv: Skomagersvend Fødelokalitet: Röstånga Fødeland: Sverige Fødselsår: 1862 I DK fra: 1882 Bopæl, lokalitet: København Amt, region: København og Frederiksberg Lov af: 26 02 1910 Tillæg: A Løbenr: 138

Lenke til kommentar
Del på andre sider

København, København (Staden), Møntergade (Ulige numre), Kjøbenhavn Rosenborg Kvarter, Møntergade 7,matr.43 Forhuset 1.Sal, 2, FT-1885, C5624

Navn: Alder: Civilstand: Stilling i husstanden: Erhverv: Fødested: Joseph Philip 35 Gift Husfader Grosserer Nakskov Camilla født Hildeshejm 40 Gift Husmoder Kjøbenhavn Jeanette Philip 3 3/4 Ugift Barn Kjøbenhavn Frederikke Philip 3 Ugift Barn Kjøbenhavn Nathan Philip 1 Ugift Barn Kjøbenhavn Sigfred Philip under 1 Aar Ugift Barn Kjøbenhavn Nathalie Caroline Marie Christensen 24 Ugift Tjenestetyende Kjøbenhavn Inger Person 19 Ugift Tjenestetyende Øndalunde,Sverrig

 

Samtlige personer i husstanden

 

 

København, København (Staden), Holbergsgade (Lige numre), Kjøbenhavn Øster Kvarter, Holbergsgade 28,matr.393 Forhus Kjælder 3, 3, FT-1885, D3694

Navn: Alder: Civilstand: Stilling i husstanden: Erhverv: Fødested: Jens Andersen 39 Gift Husfader Cigararbeider Malmø Lehn Maren Christine Andersen 58 Gift Husmoder Hjørring Amt Ernst Johan Seeger 30 F Bogholder Bogholder Kjøbenhavn Marie Helene Svensson 26 Ugift Boutiksjomfru Helsingborg Inger Persson 16 Ugift logerende Malmø Lehn Inger Nielson 17 Ugift logerende Malmø Lehn Alfred Persson 11 Ugift Lærling og Bydreng Malmø Lehn Christian Jensen Sixhøi 25 Ugift logerende Fabrikant Thisted

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye flotte innlegg! Eg er stadig imponert!

 

So er det spørsmål kva for ei av dei to Inger Persson som gifte seg med Olof... Barnedåpen til Astrid eller eventelt søsteri Alma vil vel kanskje avsløra dette, om ikkje vigsli til foreldri finst, då

 

Elles går jo dette framover som "varmt kveitebrød", og eg har ikkje noko å klaga over! Tvert imot, eg gler meg over kvar einaste vesle detalj!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Problemet med eventuelt å finne dem i de danske folketellingene er at registreringsarbeidet kan være bare delvis fullført. Og når du skal søke etter personer i DDA må du - så vidt jeg erfarer - fylle ut navnet på amtet. Men når man bare har navnet og ikke vet i hvilket amt en person bodde, blir det litt vanskelig. Så er det også det at man må vite i hvilket sokn/menighet de aktuelle personene giftet seg og ble døpt....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.