Gå til innhold
Arkivverket
Knut Skorpen

Ektefødt barn – før foreldra vart gift (Vefsn 1782)

Recommended Posts

Knut Skorpen

Vi høyrer smått om nidkjære prestar som rekna månadene etter bryllupet ved første barns dåp. Men her er eit døme på det motsette, og eg er interessert i kommentarar på vurderinga presten har gjort, opp mot praksis og lovverk i 1782:

Eg forstår saka slik at foreldra var ugift, men presten har valt å døype barnet som ektefødt, fordi foreldra lover å gifte seg med kvarandre så snart som råd. Han tillet også at mora får stå inngangskone.

Eg slit med å forstå eit par ord i teksten; kanskje har eg transkribert noko feil:

 

Nordland fylke, Vefsn, Ministerialbok nr. 820A07 (1780-1799), Kronologisk liste 1782, side 49. http://www.arkivverk...ny&idx_side=-17

 

1782 - 19. s. e. trin.

«Onsdag Baps. Niels. Niels Andreas Michels og Gurru Jonsd. Lindsæt. Sp. Østen Ingebrict Form. Do. Aren Ingebricts. Lindsæt, Jacob Ols. Forsmo, Do. Ingebor Johansd. Lindsæt Synnev Michelsd. ibid. Dette barn døbt som ægte da Vidner ved Daaben atestte [?] agter at ægte hinanden strax declarerede.»

Same søndag (neste side):

«Introd. Jon Tomass. Søfting […] Gurru Olsd. »

 

Bryllupet stod neste sommar:

1783 - 4. søndag etter trinitas (s. 57 i kyrkjeboka)

«Cop. Nils Andreas Michels. Lindsæt

Gurru Jonsd. Tøs Holand»

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Else B. Rustad
Same søndag (neste side):«Introd. Jon Tomass. Søfting […] Gurru Olsd. »

 

 

Jeg kan ikke se at moren er introdusert.

 

Introduksjonen du viser til, gjelder Jon Tomassen Søftings kone Gurru Olsdatter, ikke Gurru Jonsdatter Lindsæt, som er Niels' mor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Vi høyrer smått om nidkjære prestar som rekna månadene etter bryllupet ved første barns dåp. Men her er eit døme på det motsette, og eg er interessert i kommentarar på vurderinga presten har gjort, opp mot praksis og lovverk i 1782:

Eg forstår saka slik at foreldra var ugift, men presten har valt å døype barnet som ektefødt, fordi foreldra lover å gifte seg med kvarandre så snart som råd. Han tillet også at mora får stå inngangskone.

 

"Egte-Børn ere de, som ere føde af Forældre der ere egte viede med hinanden, om end skiønt de kunde være føde, før end Forældrene vare komne sammen i Egteskab. "

 

Kristian Vs Norske Lov Bok 5 kap.2 (Arvebolken) Art. 32

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Skorpen

Eg var litt snar når det gjaldt inngangskona, hovudpoenget var at barnet vart døypt som ektefødt. Eg har jo sett mange døme på at foreldre har fått døypt eit uekte barn og sidan gifta seg. Dette var første gong eg såg at ugifte fekk døypt barnet sitt som ektefødd. Men presten hadde altså lovgrunnlag for dette. Takk til Ivar for lov-avklaringa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Skorpen

Etter å ha tenkt meg litt om, Ivar, ser eg at dei vel kunne vere å rekne som "Egte-Børn" i arverettsleg forstand, når arven ein gong skulle gjerast opp, sidan foreldra hadde gifta seg i mellomtida. Men ved dåpen skulle eg tru at NL 2-5-4 gjaldt slik at barn av ugifte ikkje kunne døypast som ektefødde: http://www.hf.uio.no/iakh/forskning/prosjekter/tingbok/kilder/chr5web/chr5_02_05.html

 

Eg kan ha sett tilsvarande døme tidlegare, men vanleg praksis kan det ikkje ha vore.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Etter å ha tenkt meg litt om, Ivar, ser eg at dei vel kunne vere å rekne som "Egte-Børn" i arverettsleg forstand, når arven ein gong skulle gjerast opp, sidan foreldra hadde gifta seg i mellomtida. Men ved dåpen skulle eg tru at NL 2-5-4 gjaldt slik at barn av ugifte ikkje kunne døypast som ektefødde: http://www.hf.uio.no...chr5_02_05.html

 

Eg kan ha sett tilsvarande døme tidlegare, men vanleg praksis kan det ikkje ha vore.

 

Det var sikkert ulike tolkingar av dette, og om det finst, har eg ikkje sett presiseringar.

Art. 5-2-32 kan vel framleis definerere kva som er "Egte-Folkis Børn" (i 2-5-4).

 

Akkurat her ver det vel ikkje så mykje skilnad ved sjølve dåpshandlinga, sidan dåpen var på ein onsdag - utanom vanleg gudsteneste.

(Eg veit ikkje kor vanleg det var i Vefsn - men andre stadar har det ikkje vore uvanleg at ein "stakk innom" til presten for å få døypt eit barn innafor fristen på 8 dagar.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.