Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Isak (1884) og Sunniva (1891) Gjøen - Oslo 1943 - lagnader? - Aftenposten?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg strever med å finna ut kvar det vart av dette parfolket:

 

Isak Isakson GJØEN

fødd i Kristiansund 15.8.1884

 

gift med

 

Sunniva Pedersdotter NJØS

fødd i Leikanger 14.6.1891

 

Det einaste eg veit om dette parfolket er at han (eller kanskje båe?) skal ha hatt arbeid på ein sjokoladefabrikk, og i 1943 er adressa hennar oppgjevi til: Thorvald Meyers gt. 18 i Oslo. Og eg ser at Isak Gjøen budde på denne adressa alt i 1910 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392213393)! Dei fekk ikkje born i lag!

 

Eg finn ikkje Isak og Sunniva i Gravferdsregisteret til DIS-Noreg.

 

Eg er på leiting etter:

 

* Dato og stad for vigsli til Isak og Sunniva?

 

* Dato og stad for dødsfallet til Isak Gjøen?

 

* Dato og stad for dødsfallet til Sunniva Gjøen?

 

Kanskje kan Aftenposten bidra med dødsannonser?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Bror til Isak døydde i 1920, og mor hans i 1924.

 

post-77-0-77422200-1377378636_thumb.jpg

 

Systera mista mannen i 1915. Men Isak sjølv finn eg ikkje noko om:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

I dødsfallprotokollen står følgjande om Hanna i 1924:

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Avd. II, Dødsfallsprotokoll C 12 , 1923-1925, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27312/243/

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det kan sjå ut som om paret kan vere nemnde i Norsk Kundgjørelsestidende 26/8 1926, men treffet er ikkje tilgjengeleg på nb.no. Kan det vere vigselen det er snakk om?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for mange flotte innlegg! Og særleg er eg glad for at du fann vigsli deira, som eg tolkar må ha vore "på kontoret" 20.9.1926!

 

Merkeleg er det likevel at ikkje dødsfalli deira skal vera råd å finna. Kan dei vera flytte frå Oslo i seinare år? Eg trur det ikkje, men ein veit jo aldri kva desse sogningane kan finna på...!

 

Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Aftenposten 21/4 1977:

 

post-77-0-66976000-1377383043_thumb.jpg

 

Aftenposten 27/4 1977 s. 23:

 

"Amneldte dødsfall mandag 25. april

(...)

Synnøve Gjøen f. 1891"

 

Hjarteleg takk til Torbjørn for mange flotte innlegg! Og særleg er eg glad for at du fann vigsli deira, som eg tolkar må ha vore "på kontoret" 20.9.1926!

(...)

 

Det står vel 10/9?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for nok eit gedigent innlegg! Der har me altso dødsfallet til Sunniva. Den som berre visste kvar det vart av Isak...

 

Elles var det sjølvsagt ein prenteleif med den vigselsdatoen...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Isak finnes i alle fall i adressebok for 1950

 

Oslo fylke, Oslo Adressebok, Bok , 1950-1950, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 72. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49280/475/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061109072815.jpg

 

Og i 1955

 

Oslo fylke, Oslo Adressebok, Bok , 1955-1955, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 77. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49288/507/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061211135360.jpg

 

Men jeg kan ikke se ham her i 1960/61, men derimot finner jeg enkefru Synnøve Gjøen:

 

Oslo fylke, Oslo Adressebok, Bok , 1960-1961, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 82. årgang, bind 1. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49298/458/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061211139888.jpg

 

Det skulle tyde på at Isak døde en gang mellom 1955 og 1960/61.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!

 

Då kan me slå fast at Isak Gjøen døydde mellom 1955 og 1960. Eg meiner å hugsa det var ein periode der Aftenposten mangla i "skanna" versjon, var det kan henda på 1950-talet? Elles lyt me kan henda til registerkorti frå Folkeregisteret i Oslo som vel finst i Statsarkivet i Oslo?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det manglar enkeltutgåver, men det største problemet er at mykje av det som er skanna ikkje er søkbart. Om ein søkjer på "Isak" mellom 1955 og 1960 dukkar m. a. dette opp (Aftenposten 6/8 1955):

 

Dodsfall meldt den 4. august. Fru Ragnhild Carlscn, f. 1898, Fabr.arbeiderske Martha Marie Olsen, f. 1887. Bladburi Isak G.jocn, f. 1884. Enkefru Agnes Catllflriilß Harms, f. 1878. Pensj. lærer Anders Slagstad, f. 1884. Fru Olufine Hansen...

 

I den skanna utgåva står det "Bladbud Isak Gjøen, f. 1884". Eg har bladd og bladd, men greier ikkje å finne nokon dødsannonse, men han vart iallefall gravlagd frå Det gamle krematorium 8/8 i følgje Aftenpostenutgåva av same dato. Morgonutgåva 4/8 manglar, så ein evt. dødsannonse kan vere der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste innlegget om dødsfallet til Isak Gjøen. Då er me i alle fall svært so nær rett dato, og det burde vera ei enkel sak for Statsarkivet i Oslo å sjekka med folkeregisteret for å finne den nøyaktige datoen.

 

Med dette er problemet løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.