Gå til innhold
Arkivverket

Preben Oscar Westergaard, fødd i Faaborg på Fyn 1880, til Amerika før 1913, men kva tid?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg treng nok ein gong bistand frå Danmarks-ekspertane våre for denne karen:

 

Preben Oscar WESTERGAARD er oppjeven fødd i Faaborg på Fyn 8.12.1880 (kan ogso vera 12.8.1880?)

 

Me veit at han budde i Edmonton, AB då han i 1913 siglde frå Canada til Liverpool, og dit fór han attende på hausten i 1913. Han vart sidan gift med Anna Johanna Tronsdotter frå Ølnes i Sogndal og døydde i Winnipeg, MB 9.1.1929. Han var i Canada kjend under namnet Peter Westergaard!

 

Men kan nokon hjelpa meg finna:

 

* Den nøyaktige fødselsdatoen til Preben Oscar?

 

* Fulle namn på båe foreldri til Preben Oscar med yrke til far og fødestader for dei båe?

 

* Kva år utvandra Preben Westergaard første gongen til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for spennande og nyttige innlegg!

 

Då har me brått stadfesta fødselsdatoen, og guten har fått eit namn ekstra!

 

Og foreldri er kartlagde med omsyn til yrke og bustad, men eg har litt vanskar med å identifisera foreldri. Mori har fått eit ekstra namn ved dåpen i 1881... i forhold til FT1890. Kanskje det hadde vore ein tanke å freista finna vigsli deira?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt godt innlegg! So var altso jentenamnet til mori PAULUS. Eg hadde tolka det som Paulina ved sonen sin dåp...

 

Då har eg i grunnen berre eitt ønskje, i tillegg til å fionna utvandringi til Preben, nemlig kva foredri hans hadde som patropnymikon, d.v.s. kva far til Adolf Waldemar heitte og kva far til Eleonora Carolina Sophia heitte. Eg ser fødslene står ved vigsli, so kanskje dei er lette å finna? Eller kanskje er namni oppgjevne i folketeljingar?

 

Dette var skikkeleg flotte og kjappe opplysningar! Nok ein stor takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eleonoras dåp:

 

Adolphs far heter Ole Christian Christensen Westergaard

 

Hjarteleg takk til Sven for nytt godt innlegg! So var altso jentenamnet til mori PAULUS. Eg hadde tolka det som Paulina ved sonen sin dåp...

 

Då har eg i grunnen berre eitt ønskje, i tillegg til å fionna utvandringi til Preben, nemlig kva foredri hans hadde som patropnymikon, d.v.s. kva far til Adolf Waldemar heitte og kva far til Eleonora Carolina Sophia heitte. Eg ser fødslene står ved vigsli, so kanskje dei er lette å finna? Eller kanskje er namni oppgjevne i folketeljingar?

 

Dette var skikkeleg flotte og kjappe opplysningar! Nok ein stor takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Jeg tolker det som Paulsen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit nytt flott innlegg! Då er dette problemet heilt løyst, bortsett ifrå utvandringi, men den er truleg ikkje so lett å finna...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for kjempemessig innlegg! Dette var jo heit fantastisk! Det må jo vera han som utvandra i 1911. So har me sett at han ogso nytta Emanuel som førenamn. I andre kjelder kallar han seg for Oscar!

 

Men uansett, problemet er løyst, og eg har ingen fleire spørsmål om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette for siste innlegg.

 

Det var nettopp gjennom denne militærattesten at eg fann fødestaden hans i Danmark, og eg har forsovidt god oversikt over lagnaden hans i Amerika ETTER 1916, men problemet er å finn ut kvar han var etter utvandringi i 1911 og fram til 1916. I 1916 vert han oppgjeven vera kokk og busett i Edmonton, AB, men han oppgjev samstundes at han var UGIFT.

 

Alt frå 1914 finst det eit passdokument for Anna Westergaard som reiste frå Minnesota til Goose Lake, SK for å "join husband"! Dei vart formelt gifte i Winnipeg, MB i 1918, men Anna, som i røyndi var 11 år eldre enn Preben, men som lest som om ho var jamngamal med han(!), hadde ei "brokut" fortid, og dei kan godt ha vore SAMBUARAR alt i 1914. Kanskje Preben hadde gjeve ho lovnad om ekteskap?

 

Dette siste får me nok aldri svar på, men slikt gjer forsking spennande...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.