Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Samson Nilsson til Sterri og Tjugum - Losna-ætti - finst det detaljopplysningar om bustaden og huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Samson Nilsson til Sterri skreiv under på adelen sitt hyllingsbrev til kong Christian IV i 1591. Han er elles nemnd både til Sterri i Hafslo og til Tjugum i Balestrand, men kvar budde han? Eg kan ikkje sjå at han budde på Sterri nokon gong, men det manglar sjølvsagt skattelister og anna frå perioden mellom 1557 og 1600.

 

I Henning Sollied si bok ”Gamle Ætter i Sogn” står følgjande:

 

”Hr. Christopher Roerssøn til Lærdal, nemnd som soknepr. Lærdal 1585, eide bl.a. gården Æri i Lærdal hvor bodde. Dtr. Inger Chr.d., d. 1626, g. Samson Nilsson til Sterri og Tjugum, d. 1612, tilh. Losna-ætta, adelsmann, men ikke e. 1600 som kan skyldes ekteskapet. Gift 2. m. Oluf Olufson som e.hustruen sin d. måtte fravike Sterri til fordel for stesønnen lensmann Nils Samsonson på Tjugum. 1621 angis odelsgodset til sistn. å være bl.a. 2 l amør 4 ml. korn 2 huder i Sterri.”

 

I Jon Laberg si gamle bygdebok for Balestrand står under garden Tjugum mellom anna følgjande:

 

"Me får ikkje vita kva brukaren heitte i 1601, for han har tinghaldet og er derfor skattefri. Me kann likevel gå ut frå at det var den same som var her i 1611. Og det var Samson Nilsson. Han var både eigar og brukar.... Samson Nilsson var av godt folk komen. Far hans, Nils Jensson, var lagmann i Stavanger frå umlag 1530 og frametter, og mori var ei dotter hans Gaute Ivarson Dahl på Valen i Sunnhordland.... Samson Tjugum døydde 1612. Utanom Tjugum åtte han noko i Hylland i Aurland, ein part i Sterri, Hafslo, og nokre småpartar i Lysne og Tønjum i Lærdal. Samson Tjugum var gift med Inger Kristoffersdtr., dotter til presten Kristoffer Roarson i Lærdal. Som enkja vart ho attgift med ein Oluf Olufson, og dei busette seg på Sterri i Hafslo, der Inger døydde 1624. Inger var andre kona hans Samson Tjugum, og han hadde ikkje born med henne. Etter fyrste ekteskap hadde han sonen Nils, og truleg var Anna, gift med Bjørn Kvamme, ei dotter til Samson Tjugum. Då Samson døydde, vart det so avgjort millom Nils og stykmori, at Nils skulde hava Tjugum, "sin faders sædegaard", og Inger skulde få like mykje gods andre stader, millom anna Sterri i Hafslo. Som "busliden og husvild" flytte Inger til Sterri i 1612. Endå Nils Samsonson fekk heile Tjugum og seinare meire til, var det ikkje meir so han kunde greida det. Då stykmori døydde, dreiv han andre mannen hennar, han Oluf, ut frå Sterri mot å betala han 12 rdl."

 

Etter dette kan det høyrest ut som om Samson verkeleg budde på Sterri sist på 1500-talet, men at han flytte til Tjugum, der me heller ikkje har namni på brukarane mellom 1563 og 1600! Kanskje har nokon ei meining om dette?

 

Elles ser me at Ole Olson kom som leiglending til eitt av dei to bruki på Sterri i Hafslo kring 1613, men det ser ut til at han vart buande på garden like til kring 1646. I 1645 hadde han kone og ein son over 15 år, so kanskje gifte han seg att etter Inger døydde og bygsla garden vidare?

 

Men spørsmålet mitt gjeld i første omgongen Samson Nilsson og bustaden hans. Om nokon har synspunkt på dette, høyrer eg gjerne om det. Elles er eg òg interessert i fleire detaljopplysnigar (personalia) om Samson, foreldri hans, konene hans og borni hans.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå sist veke. Eg er forundra over at ikkje nokon har kunna kommentera denne saki, men kanskje det ikkje er so enkelt å finna ut...?

 

Kanskje nokon kan fortelja meg litt meir om Samson Nilsson og huslyden hans, særleg den første kona og borni deira? Far hans Samson var Nils Jensson, lagmann i Stavanger, men kvar BUDDE denne faren og mori, (kva heitte ho?) Gautesdotter Dahl?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Geir Aasmoe

Siden du ikke i det første innlegget nevner artikkelen "Semeleng-ætten i Valdres og Sogn" av Bjønnes, Løberg, Vigerust og Weidling som finnes i NST 1994 bind XXXIV side 164-202, har jeg sett på den, men finner ikke at de spørsmålene du stiller er besvart. Heller ikke Samson Nilssons bosted og familie er nærmere beskrevet.

 

I og med at du har tatt med Losna-ætten i overskriften kan nevnes at forholdet mellom Semeleng-ætten og Losna-ætten er vurdert i artikkelen, men konklusjonen er at det ikke er noen indikasjoner på noe nært forhold. "Den sosiale avstanden tilsier tvert imot at det ikke er slektskapsforbindelse."

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Løberg

Det er slett ikke uten grunn at verken Sterri eller Tjugum er ført i skattelistene på slutten av 1500-tallet. Samson var adelsmann og hadde som sådann krav på skattefrihet for setegården sin. Etter å ha bodd tilstrekkelig lenge på Sterri, var han fri til å flytte til Tjugum uten å miste skattefordelen for Sterri. Han kunne dermed ha to skattefrie setegårder på en gang.

 

Vi vet ikke hvem som var førstekona hans. Sammen med artikkelen Geir viser til bør du også lese "En sosio-demografisk krise – slekten Dall i fire generasjoner." NST 36 (1997): 143-157. Her argumenteres det for at det var Samsons mor, ikke hans kone, som var av Dall-ætta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnfrid Dommersnæs Mæland

Vet ikke om det har noen betydning, men legger inn en side fra slektsboken jeg skrev i 2011.

post-133-0-97799600-1378845674_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Geir, Lars L. og Arnfrid for spennande og interessante innlegg om denne ætti!

 

Eg har heile serien av tidsskrift frå NSF, men dei ligg heime i Noreg og er for tidi utanfor rekkjevidde for meg. Eg har soleis ikkje høve til å sjekka ut dei artiklane som er nemnde, men eg har likevel freista skriva eit kapittel om Samson Nilsson og eitt om Ole Olson til bruk i Gards- og Ættesoga for Luster (garden Sterri i band X), som lyder slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Samson Nilsson Tjugum, frå Semeleng i Vestre Slidre, var son av lagmann i Stavanger Nils Jensson på Semeleng og kona NN Gautesdotter Dahl frå Valen i Kvinnherad og truleg f. i Vestre Slidre kring 1540. Han var gift to gonger, men første kona hans veit me ikkje noko om i det heile. Derimot gifte han seg att, truleg kring 1596, med Inga Christophersdotter frå Lærdal. Ho var visstnok ei dotter av sokneprest Christopher Johannesson til Lærdal og truleg f. i Lærdal kring 1572. Samson var adelsmann og tok visstnok over som eigar av Sterri kring 1570. Han busette seg nok her på same tidi og har truleg drive heile garden fram til slutten av 1590-talet. Samstundes eigde han jord på Tjugum i Balestrand, på Hylland i Aurland og nokre mindre lutar på Ljøsne og Tønjum i Lærdal. Som adelsmann ”til Sterri” skreiv han i 1591 under på adelen sitt hyllingsbrev til kong Christian IV.

 

Samson Nilsson flytte kort før 1600 med andre kona si til Tjugum i Balestrand. Der var dei sidan gardbrukarar, og Samson var òg lensmann i Balestrand, men d. på Tjugum kring 1612. Enkja Inga gifte seg att og flytte attende til dette bruket på Sterri (sjå nedanfor).

 

Samson Nilsson fekk minst ein son, som var frå første ekteskapet:

 

1. Nils Samsonson, f. kring 1570, flytte sist på 1590-talet med faren og stemori til Tjugum i Balestrand og tok over garden etter at faren gjekk bort kring 1612. Han var òg lensmann i Balestrand, men dreiv elles garden til han d. på Tjugum kring 1648. Me veit ikkje kven Nils var gift med, men dei fekk visstnok fem born i lag:

 

a. Gjetlaug Nilsdotter, f. i Balestrand kring 1615, d. på Finden i Vik kring 1670. Ho gifte seg kan henda kring 1645 med Erik Simonson frå Finden i Vik, f. i Vik kring 1605. Han d. visstnok på Finden kring 1680. Erik og Gjetlaug tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Finden i Arnafjorden, Vik og fekk minst to døtrer i lag.

 

b. Samson Nilsson, f. i Balestrand kring 1620, d. truleg på Suphamar, Leikanger kring 1685. Samson vart gardbrukar på Suphamar i Leikanger. Kona hans er ukjend, men dei fekk minst fire søner i lag.

 

c. Britha Nilsdotter, f. i Balestrand kring 1625, vart gravlagd frå Tjugum 14.12.1710. Britha gifte seg første gongen i Balestrand kring 1648 med Mons Andersson frå Målsnes i Kvamsøy. Han var visstnok f. i Kvamsøy kring 1625 og d. på Tjugum kring 1677. Britha gifte seg kring 1678 att i Balestrand med Mons Hansson frå Mæland i Balestrand, f. i Balestrand kring 1651. Han d. på Dale i Balestrand kring 1719. Mone Andersson tok med Britha over som gardbrukarar på heimebruket hennar på Tjugum, og Mons var likeins lensmann i Balestrand. Mons Hansson flytte inn på Tjugum hjå Britha som ein slag kårmann, men det ser ut til å ha skilt lag i 1690-åri, for då finn me Mons Hansson att som gardbrukar på Dale i Balestrand der han sidan gifte seg att og budde som gardbrukar levetidi ut. Me kjenner til to søner etter Britha, som båe var frå første ekteskapet, men Mons Hansson fekk òg ei dotter i andre ekteskaet sitt.

 

d. Hermund Nilsson, f. i Balestrand kring 1630, vart gravlagd frå Bruhjell i Balestrand 15.4.1725. Hermund gifte seg i Balestrand kring 1655 med Dortha Olsdotter frå Rendedal i Balestrand, f. i Balestrand kring 1632. Ho d. truleg på Bruhjell 13.3.1701. Hermund og Dorthea vart gardbrukarar på Bruhjell i Balestrand og fekk sju born i lag.

 

e. Gjertrud Nilsdotter, f. i Balestrand kring 1635, d. truleg på Målsnes i Kvamsøy kring 1700. Ho gifte seg kring 1657 med Anders Andersson frå Målsnes i Kvamsøy, f. i Kvamsy kring 1630. Han d. visstnok på Målsnes kring 1685. Anders og Gjertrud tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Målsnes i Kvamsøy og fekk minst ein son i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Olson Sterri, som er av ukjent opphav, var truleg f. kring 1580 og d. visstnok på Sterri kring 1646. Ole gifte seg første gongen kring 1613 med Inga Christophersdotter, enkja etter ovannemnde Samson Nilsson. Ved skifteoppgjeret etter Samson fekk Inga eigneluten i Sterri utlagd til seg, og ho og Ole dreiv garden i lag til ho d. kring 1625. Stesonen Nils hadde odelsgods i garden på 2 laupar smør, 4 mælar korn og 2 huder og ville då ha garden attende. Han betalte Ole Olson 12 rdl. for at han skulle flytta bort, men truleg var dette meir ein ”taktikk” for å hevda eigedomesrett til garden, for det ser ut for oss som om Ole likevel vart buande på Sterri. Han må ha gift seg att, for i 1645 hadde han kone og ein son heime. Sonen må ha vore f. kring 1628, men diverre veit me for tidi ikkje noko meir om denne huslyden.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Til deg, Arnfrid, so er eg noko usikker på opplysningane om Gjetlaug Nilsdotter på Finden i Arnafjorden, Vik. Veit du noko nærare om dødsåret til Erik Simonson? Og veit du kor mange born dei fekk i alt?

 

Elles vonar eg at de seier ifrå om eg har skrive noko som synest vera heilt "på jordet". Eg har freista tolka dei kjeldene som ligg føre, men me rører oss i ein tidsperiode full av usikre datoar og manglande kjelder på alle hald!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Løberg

Du er i hvert fall "på jordet" når det gjelder den tilknytningen denne familien har til Semeleng i Vestre Slidre. Samsons bror Jens samlet denne gården og fikk setegårdsrettighet for den så sent som i 1591. Verken han eller Samson er født der, og faren Nils har ingen som helst kjent tilknytning til Semeleng.

 

Du har helt rett i at kildene her er mangelfulle, men så vidt jeg kan se, etablerte Samson seg på Sterri omtrent samtidig som Jens gjorde det på Semeleng. Begge to er trolig født i Sogn, men det er ikke mulig å si hvor i Sogn.

 

Jeg lurer også på hvor du har patronymet til Lærdals-presten fra. Skal det ikke være Rogersson?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars L. for interessante og nyttige kommentarar!

 

Eg må seia eg stiller meg noko uforståande til dette med bustaden til dei eldre generasjonane her. Då eg i si tid (1991) arbeidde med garden i Gaupne sokn i Luster, fekk eg forståingi av at brørne Jens Samsonson på Sandvik og Samson Samsonson på Tandle var søskenborn av Jens Nilsson på Semeleng og Samson Nilsson på Sterri og sidan på Tjugum. Eg teoretiserte den gongen med at far til dei to brørne i Luster, Samson Jensson (1510-1555), truleg hadde butt på Tandle. Samson var bror av lagmann Nils Jensson, og faren til desse brørne var vel då Jens Andersson som eg har forstått skulle ha butt nettopp på Semeleng!?

 

Er det ikkje rimeleg å gå ut ifrå at lagmannen Nils Jensson har butt på ein av dei gardane som han var eigar av? På Sterri budde han ikkje, og tydeleg heller ikkje budde han på Tjugum. Kan han ha butt på Hylland i Aurland? Og du er sikker på at han ikkje budde på Semeleng i Vestre Slidre?

 

Når det gjeld Lærdals-presten har eg òg lese fleire stader at han skulle heita Christopher Roerson, men Lampe (dei geistlege i Bergenhus stift) kallar han tydeleg for Christopher Johannesson!

 

Eg er ikkje nokon ekspert på 1500-tals genealogi og høyrer gjerne fleire kommentarar til dette, slik at me kan vera nokolunde sikre på å få det so "rett" som råd er!?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Løberg

Dersom du har en originalkilde som knytter Jens Andersson til Semeleng, er jeg svært takknemmelig for den. Det vil være en genealogisk sensasjon av dimensjoner. Men inntil så foreligger, tror jeg vi fortsatt regner ham som hjemmehørende i Vik skipreide i Sogn, unntatt da for de periodene han var på Finnmarken.

 

Jeg går ut fra at sjøl om du har NST liggende hjemme i Norge, så har du i hvert fall med deg NSFs bok med seglene fra hyllingsfullmaktene? Her finner du Lærdals-prestens egen skrivemåte for navnet sitt samt et seglavtrykk som til fulle beviser at han i hvert fall ikke var noen Johannesson. Så kan du ta Lampe og .... etterpå.

 

Du må altså skrive om hele innledningsavsnittet ditt. Og skal du fremstå som en seriøs bygdebokforfatter, kommer du ikke utenom å lese de to nevnte artiklene før du ferdigstiller manuset ditt her. Du kan bestille dem direkte fra NSF, som sikkert scanner dem for deg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnfrid Dommersnæs Mæland

a. Gjetlaug Nilsdotter, f. i Balestrand kring 1615, d. på Finden i Vik kring 1670. Ho gifte seg kan henda kring 1645 med Erik Simonson frå Finden i Vik, f. i Vik kring 1605. Han d. visstnok på Finden kring 1680. Erik og Gjetlaug tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Finden i Arnafjorden, Vik og fekk minst to døtrer i lag.

 

Til deg, Arnfrid, so er eg noko usikker på opplysningane om Gjetlaug Nilsdotter på Finden i Arnafjorden, Vik. Veit du noko nærare om dødsåret til Erik Simonson? Og veit du kor mange born dei fekk i alt?

 

Skifte 1648 skal etter mine notater nevne

 

Samson Suphamar

Hermund Bruhjell

Brita Målsnes

Gjertrud Målsnes

Gitlaug Finden

 

Har leitet etter hvor jeg har skiftet fra, men finner det dessverre ikke igjen. Antar at originalen oppbevares ved de Heibergske samlinger. Men jeg vet at den som hjalp meg da jeg holdt på med denne familien var Jon Sværen.

 

Så har jeg at Gitlaug og Erik på Finden fikk fire barn, og at hun døde i 1670.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Tandsether

Noen flere opplysninger om Samson Nilsen f. ca. 1620:

 

Samson ble begravet fra Suphammer i mars 1692. Jeg tror han var gift to ganger, for det er ca. 30 års aldersforskjell på barna hans. I tillegg til Nils (1653), Lars (1659), Ingebrikt (1662) og Arnfinn (1665) nevnt i bygdeboka hadde han også Solveig (ca. 1679) gift med Kolbein Nilsen Kjørnes og Synneva (ca. 1683) gift med Johannes Mikkelsen Gjerde. Samson døde som nevnt i 1692, og 21.8.1692 blir ei Ingeborg Suphammer forlovet med Johannes Palnesen Henjum som tok over garden. Ved vielsen 1693 kalles hun Ingeborg Ellingsdatter. Ingeborg Suphammer f. ca. 1636 ble begravet 20.10.1715. Ettersom både Solveig og Synneva Samsonsdøtre hadde ei datter som het Ingeborg, så er trolig Ingeborg Ellingsdatter (1636-1715) andre (?) kona til Samson, og mor til de to døtrene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars.O.Wangensteen

Lars

 

Jeg har artikkelen "En sosio-demografisk krise -slekten Dall i fire generasjoner* av Lars Løberg ferdig skannet og søkbar

 

Sender deg en link i personlig melding her inne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars L., Arnfrid, Terje og Lars O. W. for nye spennande innlegg! Eg har studert artikkelen som Lars L. forfatta om Dall-ætti og har skrive om innleiingsavsnittet mitt om Samson og foreldri hans. Kona til Nils Jensson er m.a.o. ukjend, og det har eg no teke omsyn til.

 

Boki til NSF med seglene frå hyllingsfullmaktene har eg aldri sett, man kanskje einkvan kan fortelja meg kva som står om Lærdalspresten Christopher og om korleis han skreiv namnet sitt?

 

Eg er svært takksam til Terje for dei supplerande opplysningane om Samson på Suphamar!

 

Elles stussar eg litt på Gjetlaug Finden og plasseringi hennar i søskenflokken. Ein kunne neste tru at ho var yngst av dei tre døtrene, men i so fall kan ho ikkje vera fødd so tidleg som i 1615!? Veit du, Arnfrid, kva årstal borni hennar var fødde? Eg kjenner òg Jon Sværen, so eg vil senda han ein mail om denne problemstillingi...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnfrid Dommersnæs Mæland

Det er vel kun skiftet etter Nils Samsonsen (1648) som evt vil gi svar på hvilken plass i søskenflokken Gitlaug hadde!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Løberg

Lærdalspresten skrev Rogersøn med tydelig g, og i seglet har han skjold med initialene CR.

 

Jeg er mer opptatt av Jens Andersson. Har du med din lokalkunnskap noen gode forslag til hvor i Vik skipreide han kan ha bodd?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnfrid Dommersnæs Mæland

Lærdalspresten skrev Rogersøn med tydelig g, og i seglet har han skjold med initialene CR.

 

Jeg er mer opptatt av Jens Andersson. Har du med din lokalkunnskap noen gode forslag til hvor i Vik skipreide han kan ha bodd?

 

Hei Lars, er det ikke en Jens Andersen i Vik skpr som nevnes her i 1522 (litt over midten på høyre side):

 

Kildeinformasjon: EA-5023/Ra/L0011/0002/0001, Tiendepengeskatt av Sogn, skatterestanser av Senja, Helgeland, Jæren og Dalane, og brevbrudd av Nordhordland, Bergenhus, Sogn, Senja, Helgeland, Jæren, Dalane, Nordhordlan, 1522-, oppb: RA

Merknader: (Fra Norske Samlinger, avd. 4, fasc. 7, nr. 2. Trykt i NRJ III, s. 383-468.)

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/rk/134/33/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-rk20080922660761.jpg

 

Jeg klarer ikke å tolke stedsnavnet, og jeg aner selvsagt ikke om her var andre Jens Andersen i Vik :wub:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid og Lars L. for nye spennande innlegg!

 

Når det gjeld Lærdalspresten, trur eg nok han sjølv visste betre å skriva namnet sitt enn Lampe over 300 år seinare, so den er OK. Men kvan Christopher Roerson var gift med, er det vel ingen som veit...?

 

Når det gjeld rekkefølgji på dei tre døtrene etter Nils Samsonson, so har Laberg den same som du, og kjelda er nok den same, men kvar dette originalskiftet kan liggja, det veit eg ikkje. Kanskje i kjeldeskriftsarkivet på Riksarkivet? Eller kanskje i miséet i Amla i Sogndal?

 

Den gongen gjekk ein vel so å seia ALLTID etter kven som var eldst når ein skulle ramsa opp ervingar, eventuelt med unnatak i dei tilfelli nokon av dei var avlidne før arvlataren... So alt tyder på at Gjetlaug var den yngste av døtrene!

 

Dette med Kens Andersson i Vik skipreide er jo spennande. Når det gjeld denne skattytaren frå 1522, er eg ikkje sikker på om det står Jens Andersson eller Hans Andersson? Og noko gardsnamn greier heller ikkje eg å tyda! Kanskje Lars L. greier det? Men kan det vera han? Dersom Jens Andersson var adeleg, hadde ikkje han då skattefritak? Elles meiner eg å ha sett ein prenta avskrift av desse skattelistene frå 1522 ein eller annan stad; eg hugsar berre ikkje kvar det var...

 

Kunne Hylland i Aurland vera ein aktuell bustad for Jens Andersson? Det var jo òg ein gard som høyrde til denne ætti...

 

Dette vert jo meir og meir spennande...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no vore i kontakt med Jon Sværen og drøfta dette Finden-problemet med han, d.v.s Gjetlaug Nilsdotter og mannen Erik på Finden i Arnafjorden, Vik. Du Arnfrid nemner Jon Sværen har vore kjelda di for dei opplysningane som du har, og Jon fortel meg han hadde kontakt med deg for nokre år sidan, men du må òg ha andre kjelder for opplysningane dine, for her er noko av det som Jon fortel:

 

~~~~~~~~~~

 

Den nye bygdeboki for Vik seier at Samson Ingebrigtson Tenål/Finden hadde 5 born:

A. Ingebrikt. hadde truleg 4 søner, men ein kjenner kun til 2 stk:

a. Samson

b. Roland

B. Gudmund. Medeigar i eit sagbruk i Frønningen. Fekk borgarbrev i Bergen 1622.

Samson Gudmundson var tenar på Tenål 1645, og det var truleg son hans

C. Simon d. 1632. Gift med Margareta Sjursdtr. Budde på Finden - Ættesoga s. 375.

a. Tor. Til Hallsete. Side 347 i Ættesoga.

b. Tollak. Iflg bygeboka frå 50-åra til Orvedal, men ikkje funnen der.

c. Endre. Til Holane. Side 311 i Ættesoga

d. Sigrid. Til Bungum og gift med Ola Johanneson Bungane f. 1614. Sjå s. 306 i Ættesoga.

A. Sjur f. 1654

B. Johannes f. 1656

C. Simon 1662 - 1740

D. Roland. Til garden Hovland. Side 440 i Ættesoga. Roland er knyta til Adelsslekta pga eit arveoppgjer om Frønningen.

E. Anna d. 1637. Til Kvamme i Kvamsøy og gift med Kjell Kvamme. 2 born:

a. Ingeborg

b. Eirik f. 1600. Gift med Gitlaug Nilsdtr Tjugum

 

Iflg ei skatteliste frå 1601 er Simon einaste brukar i Finden, men omkring 1605 må garden vore delt mellom A. Ingebrikt og C. Simon.

 

~~~~~~~~~~

 

På side 375 i Ættesoga for Vik (Finden) står: Dotterson til Samson Ingebrigtson:

 

Erik Kjellson Kvamme f. 1600 gift ?? med Gitlaug Nilsdtr Tjugm f. ? d. ??. Ho var av adelsslekt. Erik og Gitlaug fekk desse borni:

A. Hermund f. 1632. Til Stavedal. Gift med Åse Steffensdotter - fleire born, mellom anna Gjertrud (1672-1727) og Gitlaug (døydde 1734, gift 1702 med Torkjell Ivarson Alrek)

B. Kjell f. ??. Død før mora, Gitlaug, men hadde 2 born i 1701: Kari og Sofia

C. Anna f. ?? Til Linde, Kvamsøy og gift med Knut Jørgensen, born Thor, Peder, Jørgen, Johannes, Gjertrud og Brita

D. Brita f. ?? Gift med Jon Tenål i Vik - ingen born oppgjevne i bygdeboki

E. Ingeborg f. ??, d. 1701, Til Linde, Kvamsøy og gift med Ole Jørgensen - skifte 1701 - ingen born.

 

So skriv Leegenalogy.net, dagsett 30.9.2003: Finden 1-20:

Eirik gift med ukjent kvinne

A. Hermund gift til Stavedal

B. Ingeborg gift med Ola Jørgenson Linde br. 1 Skifte etter Ingeborg: 17.10.1701

C. Kjell. Har to born i 1701: Kari og Sofia

D. Anna gift med Knut Jørgensen Linde br. 1,

E. Brita gift med Jon Tenål

 

~~~~~~~~~~

 

Du Arnfrid meiner Gjetlaug Nilsdotter var gift med Erik SIMONSON Finden, men ifølgje det som er attgjeve ovanfor, hadde ikkje Simon Finden nokon son som heitte Erik. Simon var derimot ONKEL til Erik Finden.

 

EG trur, at dersom Gjetlaug Nilsdotter verkeleg var gift med Erik KJELLSON Finden og mor til dei alle dei fem borni hans, so MÅ ho vera eldst av søskeni på Tjugum.

 

MEN, minst ei anna tolking er òg mogeleg:

 

* Erik KJELLSON Finden kan ha vore gift TO gongar. Det er berre Hermund me sikkert veit hadde ei dotter Gjetlaug oppkalla etter bestemori. Elles ville eg tru at Hermund kanskje måtte vera av første ekteskapet til faren og at Gjetlaug Nilsdotter var stemori hans!?

 

Det som hadde vore svært so viktig her, er å finna dei to skifti frå 1600-talet:

 

** Skiftet etter Nils Samsonson Tjugum frå 1648?

 

** Skiftet etter Gjetlaug Nilsdotter Finden frå 1670?

 

Kvar kan dei vera??

 

Eg takkar igjen for mange spennande innlegg! Me kjem nærare og nærare ei løysing på dette problemet!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnfrid Dommersnæs Mæland

Dessuten mener jeg BYGDEBASEN fortsatt var tilgjengelig da jeg holdt på med denne familien.

 

Skiftene burde vel kanskje forfatteren av den nye bygdeboken for Vik ha sett .......

 

Her er noen gamle debatter:

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=74061&sok=ten%E5l&nr=1&antinnlegg=32&startnr=&antall=&spraak=n#anker

 

http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=5971&sok=wideki&nr=1&antinnlegg=17&startnr=&antall=&spraak=n#anker

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Løberg

Det står Jens Anderson, men ikke noe gprdsnavn, bare hva han betaler.

 

Jens var nok som adelsmann skattemessig begunstiget, men skattefritaket gjaldt kun for etablerte setegårder. Annet strøgods eller til og med bosted som det ennå ikke var etablert setegårdsprivilegium for var skattepliktig også for adelsmann. Vi har massevis av eksempler på at kjente adelspersoner også var skattebetalere i listene for tidlig 1500-tall. Jeg vil altså tolke innførselen som at Jens var bosatt i Vik skipreide. Trolig var setegården hans skattefri, men han eide samtidig annet gods som han betalte skatt for. Spørsmålet om hvor i Vik skipreide han bodde, er således fortsatt ubesvart.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnfrid Dommersnæs Mæland

Det står Jens Anderson, men ikke noe gprdsnavn, bare hva han betaler.

 

Jens var nok som adelsmann skattemessig begunstiget, men skattefritaket gjaldt kun for etablerte setegårder. Annet strøgods eller til og med bosted som det ennå ikke var etablert setegårdsprivilegium for var skattepliktig også for adelsmann. Vi har massevis av eksempler på at kjente adelspersoner også var skattebetalere i listene for tidlig 1500-tall. Jeg vil altså tolke innførselen som at Jens var bosatt i Vik skipreide. Trolig var setegården hans skattefri, men han eide samtidig annet gods som han betalte skatt for. Spørsmålet om hvor i Vik skipreide han bodde, er således fortsatt ubesvart.

 

her er avskriften http://www.nb.no/nbsok/nb/9766adf95a07c7eee5248565baaed768?index=38#413

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnfrid Dommersnæs Mæland

Hjarteleg takk til Lars L., Arnfrid, Terje og Lars O. W. for nye spennande innlegg! Eg har studert artikkelen som Lars L. forfatta om Dall-ætti og har skrive om innleiingsavsnittet mitt om Samson og foreldri hans. Kona til Nils Jensson er m.a.o. ukjend, og det har eg no teke omsyn til.

 

Boki til NSF med seglene frå hyllingsfullmaktene har eg aldri sett, man kanskje einkvan kan fortelja meg kva som står om Lærdalspresten Christopher og om korleis han skreiv namnet sitt?

 

Eg er svært takksam til Terje for dei supplerande opplysningane om Samson på Suphamar!

 

Elles stussar eg litt på Gjetlaug Finden og plasseringi hennar i søskenflokken. Ein kunne neste tru at ho var yngst av dei tre døtrene, men i so fall kan ho ikkje vera fødd so tidleg som i 1615!? Veit du, Arnfrid, kva årstal borni hennar var fødde? Eg kjenner òg Jon Sværen, so eg vil senda han ein mail om denne problemstillingi...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

Det er fra Bygdabok for Vik fra 1957 jeg har opplysningen om at Gitlaug sin mann, Erik, var sønn av en Simon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid og Lars for nye innlegg.

 

Diverre er eg for dårleg kjend i Vik skipreide til å ha noki sikker meining om bustaden til Jens Andersson, men om eg ikkje tek heilt feil, so var vel den gongen Kvamsøy eige skipreide, og Vik skipreide låg vel då heilt og fullt på SØRSIDA av Sognefjorden. Kanskje skal me til Arnafjorden? Kanskje Finden?

 

Eg har elles vore i kontakt med Sogn og Fjordane fylkesarkiv, som har overteke dei gamle kjeldene frå Muséet i Amla, og sjansane er vel store for at i alle fall skiftet etter Nils Samsonson på Tjugum frå 1648 kan liggja der. Eg ventar på attendemelding...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no fått svar frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, men dette var eit stort vonbròt:

 

"Frå Tjugum har me registrert fleire gamle dokument (sjå vedlegg), men eg er ikkje i stand til å finne dette skiftet frå 1648.

 

Eg har saumfart arkivet etter Laberg. Det inneheld mange kjeldeavskrifter. Likevel kan eg ikkje sjå at dokumenta du er på jakt etter er registrert der.

 

Manntalslista frå 1667 stussar eg litt over. Som du sikkert er klar over, ligg det eit prestemanntall for Arnafjord sokn på Digitalarkivet:

http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/35519/201/

 

Det er frå 1668, men kan det vere det Balvoll refererer til?

 

Eg beklagar at du fekk lite ut av dette, men ta gjerne kontakt dersom du lurar på noko."

 

So då er me like langt... Kvar kan dette gamle skiftet liggja? I kjeldeskriftavdelingi på Riksarkivet?

 

Elles ser me av prestemanntalet at Erik Kjeldson på Finden då var 62 år, d.v.s. fødd kring 1606, medan sonen Hermund var 30 år, aller fødd kring 1638 (og ikkje 1632 slik me før er vortne fortalde...). Likevel må Gjetlaug vera fødd før 1620 for at "kabalen" skal gå opp...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars !

 

Du finn ikkje berre manntalet frå Arnafjorden på s. 378 - 379, anno 26.2.1668, men også 1. mai 1664 på s. 342-343.

 

Så dersom er god til å lesa skrifta til Presten så ...

 

EG synest det står Siffur og Ole på s. 342 i 1664.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.