Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Synneva Andersdotter frå Dale i Sunnfjord, fødd kring 1804/1805 - gift på Karmøy i 1837 - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Torbjørn for den siste referansen!

 

No har eg blatt gjennom denne folketeljingslista for både Holmedal og Dale sokner, men eg finn ikkje noki Synneva Andersdotter i høveleg alder. Eg finn heller ikkje nokon Anders på Løkeland!

 

Uansett, Synneva Andersdotter frå Eikeli er so langt, etter synet mitt, den absolutt "heitaste" kandidaten...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg fant ingen på Laukeland, verken på Fjaler eller Gaular. Men på Fossevik i Gaular fant jeg dette:

 

Anders Danielsson f 1772 på Årnes, utfl. 1824 til Sletteland i Fjaler. Gift 1804 med Cecilie Lassesdatter f 1770 på Fossevik, utfl. 1824 til Fjaler.

 

Barn:

 

Lasse f 1804 - flyttet til Fjaler

Synneva f 1805

Gjert f 1816 d 1819 på Fossevik

 

Nei - nå sjekket jeg Sletteland, og denne Synneva giftet seg i 1838 med Ole Nilssen Sletteland.

 

Så, Synneve fra Eikeli er nok rette person

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grete for det siste gode innlegget!

 

Me veit ikkje noko meir om denne Synneva Andersdotter, som i 1805 vart døypt på Laukeland i Fjaler, so eit LITE forbehald lyt me vel ta, men elles er eg samd med deg, Grete, det nesten MÅ vera Synneva frå Eikelid som er "vår" Synneva her!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Svaret var ganske skuffande. Dødsmeldingane byrjar fyrst i 1853, og Yngve fann heller ikkje noko i skifteregisteret. Eg er usikker på korleis ein skal tolke dette. Finst det skifteregister for Sunnfjord for tida etter 1845, men som ikkje er lagt ut på Digitalarkivet?

 

Synneve frå Eikeli er ein god kandidat, men så er det det at Eikelid er ikkje Dale. Kan det vere så enkelt at når ein kjem til Karmøy, så er alle frå distriktet frå "Dale", akkurat som mange fjalerbuer som emigrerte til Amerika var sagde å vere frå "Bergen" då dei døydde?

 

Det store spørsmålet er om det er mogeleg å finne ut kvar Synneve Eikelid vart av og/eller kvar Synneve på Karmøy kom frå, for på den måten å bevise/avvise at dei er same person.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tek med litt av det som står i bygdeboka om Eikelid:

 

Garden gjekk 1753-1783 til Ole Ellingson Hovlandsdal, dotterson

til Nils Kolbeinson. Han var g. m. Anne Ivarsdtr. Ulvedal

f. 1698. Ho d. 1772 barnlaus, og Ole Ellingson g. seg att s.å. m.

Synneve Olsdtr. Eikelid f. 1734. Bom: Anders f. 1775. Marte f.

1779.

Ole Ellingson d. 1784. Synneve Olsdtr. d. 1813.

 

Anders Olson fekk no garden 1795-1832. Han vart g. 1797 m.

Gjertrud Halvorsdtr. Flekke f. 1775. Born: Mons f. 1798. Oline

f. 1799. Hans f. 1801, fekk garden. Synneve f. 1804. Pernille f.

1807. Nils f. 1809 d. s.å. Ole f. 1810, d. 1831. Halvor f. 1814. Kornelius

f. 1817. Søren f. 1819.

Pernille Andersdtr. g. 1835 m. lærar Ole Pederson Rennestraum

f. 1810, busett på Solheim. Oline g. 1837 m. em. Martinus

Andersson Hatlebrekke, bonde Hatlebrekke. Halvor Andersson

g. 1841 m. Oline Torsdtr. Yndestad f. 1813, bondefolk i

Kalhagen.

Anders Olson d. 1837. Gjertrud Halvorsdtr. d. 1846.

Hans Andersson vart g. m. Brita Lassedtr. Hovlandsdal f. 1805.

Born: Jens f. og d. 1839. Anders f. 1840, fekk garden.

 

(Eg har merka ut dei av syskena som levde i 1837.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det vere Kornelius som giftar seg i Bergen i 1853?

http://digitalarkive...merk=12925#ovre

 

Yes, it is

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, St. Jørgens hospital, Ministerialbok nr. A 9 (1853-1878), Ekteviede 1853, side 2.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...=ny&idx_side=-3

 

Eg finn fleire av borna deira, men ikkje Synneve, Erik eller Abelone som fadrar ...

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn og Grethe for nye flotte innlegg!

 

Det siste frå Grethe er eit endeleg prov for at me har funne det rette dødsfallet for Synneva i Bergen. Og sjølv om me har vanskar med å prova at Synneva var frå Eikeli i Fjaler, har me etter kvar so mange indisiar på at det MÅ vera ho (jamfør mellom anna presteattesten), at eg ville verta svært so overraska om me der tek feil.

 

Difor vil eg no sjå på dette problemet som løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.