Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Bertha Marie Nilsen - fødd i Noreg 1824 - til Amerika før 1848 - frå Gjerpen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg slit med å finna det norske opphavet til denne jenta:

 

Name: Berthe Marie Arenthz

Event Date: 30 Jun 1899

Event Place: Chicago, Cook, Illinois

Gender: Female

Age: 75y

Birthplace: Norway

Occupation: Housework

Residence Place: Illinois

Cemetery: Graceland

Burial Date: 03 Jul 1899

 

Bertha Marie Nilsen gifte seg, uvisst kvar, seinast i 1848, kanskje i 1847, med:

 

Samuel Christopher Didrikson Arentz, fødd i Bergen 3.1.1818.

 

Foreldri hans var Didrik Bay Samuelson Arentz frå Bergen (1789-1857) og kona Anna Marie "Maria" Philipsdotter Fraas frå Hafslo (1785-1849). Samuel var koparslagameister i Bergen til dei kring 1830 flytte til Stavanger der Marie døydde. Didrik utvandra som enkjemann til Chicago, IL der han skal vera avliden i 1857.

 

Eg har ikkje funne noki utvandring for Samuel, men ifølgje FT1900 skal han vera faren i 1843!

 

Samuel og Bertha Marie fekk i alle fall desse borni døypte i Lake View Lutheran church i Chicago, IL:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

* Deidrich, døypt August 21, 1848, døydde July 1849

 

* Anton Christinus, fødd April 2, 1850

 

* Neils Ludvig, fødd May 3, 1852

 

* Deitriche Maria, døypt November 5, 1854

 

* Martin Christopher, fødd April 17, 1857

 

* Sören Albert, døypt April 24, 1860

 

og so desse borni fødde etter 1860:

 

* William Albert, fødd December 13, 1864

 

* Amy Jeanette, fødd 1868

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å identifisera mori Bertha Marie Nilsen? Fullt namn, dato og stad for fødsel samt år for utvandring?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Mary Arentz

Wife

United States Census, 1880 birth: 1824 Norway residence: 1880 Chicago, Cook, Illinois, United States

  • spouse:Samuel Arentz
  • children:Mary Arentz, Albert Arentz, Amy Arentz
  • other:August Zapp, Henry Zapp, Herman Lessing

 

 

 

 

 

 

Her står det at Bertha Marie var fra SKONE,Norway.

 

 

Name: Mary Arentz Titles and Terms (Original): Event Date: 10 Jan 1939 Event Place: Chicago, Cook, Illinois Gender: Female Marital Status: Race: Age: 84 Birth Year (Estimated): 1855 Birth Date: 06 Sep 1854 Birthplace: Chicago, Illinois Father's Name: Samuel Arentz Father's Titles and Terms: Father's Birthplace: Bergen, Norway Mother's Name: Bertha Marie Nelson Mother's Titles and Terms: Mother's Birthplace: Skone, Norway Occupation: Home Residence Place: Chicago, Cook, Illinois Address: Spouse's Name: Spouse's Titles and Terms (Original): Spouse's Birthplace: Burial Date: 13 Jan 1939 Burial Place: Chicago, Cook, Ill. Cemetery: Graceland Informant's Name: Additional Relatives: Digital Folder Number: 4205836 Image Number: 1089 GS Film number: 1953410 Reference ID: rn 978

 

https://familysearch...M9.1.1/N3C8-CT4

 

 

 

?

I et helt tilfeldig tema finner jeg at Skårnore i Vestfold er det samme som Skone.

 

Jun 24, 2004 - BERDORSEN, Steinar Bolt of Skårnøre b: ABT 1270 in Skårnore, (Skone), Vestfold, Norway d: ABT 1330 in Skårnore, (Skone), Vestfold, ...

http://www.google.no/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=7&cad=rja&ved=0CHEQFjAG&url=http%3A%2F%2Fwc.rootsweb.ancestry.com%2Fcgi-bin%2Figm.cgi%3Fop%3DSHOW%26db%3Dwiversrm%26recno%3D755&ei=C_MzUuPIEoSu4ASfhoGoDA&usg=AFQjCNHdZwFx-6fPjKGFHhgTvipSYEfmgg&sig2=AfUgx9p1xtjltj3adAWC-g&bvm=bv.52164340,d.bGE

 

 

og likedan dette:

- Eirik Steinarsson ..b.. ca 1294 Skanore Borre, (Skone), Vestfold, Norway ..d.. ca ... 1330 Skanore, Skone), Vestfold, Norway, Norway Parents

http://www.google.no/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=2&cad=rja&ved=0CDMQFjAB&url=http%3A%2F%2Fmysite.verizon.net%2Fsurmon%2F9_lund.htm&ei=Z_QzUvDPGqSH4AT5ioCQCQ&usg=AFQjCNH_A78Aol0XHxbTQ40Kz5iT-Hn5VQ&sig2=hEQmtm9AvL9eyPjhZfv-kQ&bvm=bv.52164340,d.bGE

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Her står Berthe Marie med fødested Christiania, Norway

 

Name: William Albert Arentz Titles and Terms (Original): Event Date: 13 Mar 1930 Event Place: Elmhurst, Du Page, Illinois Gender: Male Marital Status: Race: Age: 66 Birth Year (Estimated): 1864 Birth Date: 13 Dec 1863 Birthplace: Chicago, Ill Father's Name: Samuel C. Arentz Father's Titles and Terms: Father's Birthplace: Bergen, Sweden Mother's Name: Marie Nelson Mother's Titles and Terms: Mother's Birthplace: Christiania, Norway Occupation: Accountant Residence Place: Address: Spouse's Name: Alice Wrighton Arentz Spouse's Titles and Terms (Original): Spouse's Birthplace: Burial Date: 15 Mar 1930 Burial Place: Chicago, Cook, Ill Cemetery: Informant's Name: Additional Relatives: Digital Folder Number: 4008258 Image Number: 836 GS Film number: 1643655 Reference ID: 11373

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NQ93-KM4

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for svært so spennande innlegg!

 

Eg har søkt litt vidare og oppdaga at eitt "family tree" hjå ancestry.com opererer med Bergen som fødestad for Bertha Marie, og eg ser det same oppgjeve ved dødsfallet til sonen Niels Ludvig "Louis" Arentz i 1930:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Louis N. Arentz

Event Date: 31 Mar 1930

Event Place: Maywood Village, Cook, Illinois

Gender: Male

Age: 77

Birth Date: 03 May 1852

Birthplace: Chicago, Ill

Father's Name: Samuel Arentz

Father's Birthplace: Norway

Mother's Name: Mary Nelsen

Mother's Birthplace: Bergen, Norway

Occupation: Locater Surface Lines

Spouse's Name: Mary Arentz

Burial Date: 03 Apr 1930

Burial Place: Chicago, Cook, Ill

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Me har alderen til Bertha Marie frå tre kjelder, dødsfallet i 1899 (75 år), FT1880 (56 år) og FT1870 (46 år). Merkeleg nok greier eg ikkje å finna huslyden korkje i 1850 eller 1860, endå dei MÅ ha vore i Chicago, IL ogso ved dei høvi!

 

MEN, går me utifrå at namnet er rett Bertha Marie Nilsen eller Nilsdotter, og fødselsåret stemmer med eit avvik som ikkje er større enn eitt år, so finn me følgjande alternativ hjå FamilySearch:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

* Berthe Marie Nilsen, fødd 2.1.1824, døypt 25.1.1824 Austre Toten av foreldri Nils Mikkelson og Tonette Hansdotter

 

* Berte Marie Nilsen, fødd 29.1.1824, døypt 8.2.1824 Sør-Odal av foreldri Nils H. Aarstad og Berte Hansdotter

 

* Berthe Marie Nilsen, fødd 18.3.1823, døypt 25.4.1823 Berg i Austfold av foreldri Nils Larsson og Catrine Larsdotter

 

* Birte Marie Nilsen, fødd 1.10.1823, dæypt 19.10.1823 Fet i Akershus av foreldri Nils Larsson og Kari Knutsdotter

 

* Berthe Marie Nielsdatter, fødd 18.6.1824, døypt 15.8.1824 Vestre Aker av foreldri Nils Carlson og Kari Eriksdotter

 

* Birte Maria Nilsen, fødd 10.5.1824, døypt 16.5.1824 Stokke i Vestfold av foreldri Nils Helgeson og Anna Mikkelsdotter

 

* Berthe Maria Nilsen, fødd ??, døypt 29.2.1824 Bamble av foreldri Nils Clausson og Dortha Thorsdotter

 

* Berthe Marie Nielsdatter, fødd 10.1.1825, døypt 27.3.1825 Oslo av foreldri Nils Johannesson og Margrethe Johnsdotter

 

* Berte Marie Nilsdr, fødd 12.6.1823, døypt 17.8.1823 Hole av foreldri Nils Carlson og Marte Olsdotter

 

* Berthe Marie Nielsdatter, fødd 31.3.1823, døypt 15.6.1823 Gjerpen av foreldri Nils Axelson og Anne Christine Saamundsdotter

 

* Berthe Maria Nilsen, fødd 25.12.1825, døypt 1.1.1826 Hurdal av foreldri Nils Christenson og Catrine Olsdotter

 

* Birte Maria Nilsen, fødd 4.12.1823, døypt 4.12.1823 Nes i Akershus av foreldri Nils Olson og Inger Christiansdotter

 

* Berthe Maria Nilsen, fødd 27.3.1825, døypt 1.4.1825 Nannestad av foreldri Nils Erikson og Anna Marie Símonsdotter

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne lista er ganske sikkert ikkje komplett, men det er påfallande at samtlege "kandidatar" er frå det sentrale Austlandet. Kanskje nokon av dei kan eliminerast gjennom vigsler i Noreg? Eller kanskje bygdebøker har noko å bidra med?

 

Ein freistnad er det i alle fall....

 

Eg vonar framleis at me skal kunna finna opphavet til "vår" Bertha Marie og takkar igjen for alle gode forslag!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har truleg i kveld greidd å løysa denne floken(?), takka vera ei omstendeleg telefonisk "brainstorming" med ein kollega i Wisconsin!

 

Han foreslo at "SKONE, NORWAY" godt kunne vera SKIEN, noko han hadde erfaring med frå andre emigrantar, og frå lista ovanfor har me denne "kandidaten":

 

* Berthe Marie Nielsdatter, fødd 31.3.1823, døypt 15.6.1823 Gjerpen av foreldri Nils Axelson og Anne Christine Saamundsdotter

 

Eg har sett litt nærare på denne kyrkjebokinnførsli (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1364&idx_id=1364&uid=ny&idx_side=-95) og ser at fødestaden var husmannsplassen(?) Brekkejordet under Brekke i Gjerpen! Og det syner seg at denne Bertha Marie utvandra til Amerika frå Gjerpen i 1847! Mori Anna Christine Saamundsdotter og fleire søsken utvandra i 1848 TIL CHICAGO, IL.

 

Nest eldste sonen til Bertha Marie og Samuel Arentz vart døypt Anton Christinus (sjå innlegg #1), og dersom dette er ei oppkalling, vil eg gissa på at det er for Anna Christine, mor hennar!!? Og ein yngre son heitte Søren, som òg var namnet til ein av brørne hennar!

 

Eg har god tru på at dette er den "rette" Bertha Marie, og i so fall lurer eg på om nokon med lokal kunnskap i Gjerpen kan hjelpa meg klara opp i følgjande problem:

 

* Kan nokon stadfesta at Brekkejordet var ein husmannsplass under Brekke? Eg mistenker plassen for å gå under namnet NORDRE Brekkejordet, og at plassen ligg under Brekke NORDRE. Stemmer dette?

 

* Mori Anna Christine Saamundsdotter var frå Brekkejordet, men i 1801 budde ho på ein plass under Brekke SØNDRE i Gjerpen. Dette må då ha vore EIN ANNAN PLASS enn den ho sidan vart buande på fram til ho utvandra i 1848. Stemmer dette?

 

Eg takkar so mykje for hjelpi med denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif Biberg Kristensen

Se «Gamle Gjerpen», Brekke Nordre 1845. Her finner du familien til Berte Marie under nr. 17, Nils Axelsen Hyni. Brekkejordet var ikke akkurat en husmannsplass, - området lå kloss opptil bygrensa og ble innlemmet i Skien 1854. Her var det tettbygd før 1800.

 

Gard Strøm (post at gamlegjerpen dot no) vil sikkert være glad for oppdateringer om denne familien, og kanskje han har fler opplysninger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for interessant og nyttig innlegg! Du har med innlegget klart opp i desse spørsmåli kring bustaden deiura, men eg ser at forfattaren ikkje har fått med seg at dei alle hamna i Amerika, ogso sonen Søren. Han flytte ikkje til Skien i 1848, men han var med mori til Chicago, IL.

 

Eg trur me no kan sjå på dette problemet som heilt løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif Biberg Kristensen

Jeg vil bare nevne at jeg har Anne Christine Såmundsdatter i databasen på Solumslekt også. Hennes mormor kom fra Solum, og der har jeg registrert aner og slektninger i bøtter og spann. Og naturligvis er vi i slekt :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for nytt innlegg.

 

No følgjer ikkje eg desse inngifte slektene attende i tid, men det er nyttig å vita at opplysningar ligg føre. Rett som det er får eg slike spørsmål frå etterkomarar, og då veit eg kvar eg skal senda dei vidare...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.