Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

2 x Kari Olsdotter (1777 & 1785) - frå Hafslo til Bergen eller Nordhordland? - lagnader?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har vanskar med å finna lagnadane til desse to jentene med same namn som truleg båe(?) flytte til Bergen eller Bergenskanten:

 

~~~~~~~~~~

 

* Kari Olsdotter (Solvorn), "uekte" dotter av Ole Johannesson Urnes og Elisabeth Nilsdotter (1749-1829), vart døypt i Hafslo 8.6.1777, fekk først ei dotter med løytnant Nicolai Christian von Brun, Johanna, døypt i Sogndal 12.10.1803. Ho voks opp hjå bestemori i Hafslo og budde der levetidi ut. So flytte Kari til Bergen, og ho fekk der ei dotter til:

 

*** Martha Marie Knutsdotter, dotter av Kari og ein Knut Knutson "Twilde" “hjå Turau på Bryggen”, var fødd i Bergen (Domkyrkja) 17.9.1807 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8636&idx_id=8636&uid=ny&idx_side=-269).

 

8.10.1826 vart det opna skifte i Solvorn etter Ole Larsson Solvornstrand, ein halvbror av denne Kari Olsdotter. Han var barnlaus, og søsteri var då avlidi, men let etter seg den eine dotteri Johanna Christiansdotter. Med andre ord: Både Kari Olsdotter og Martha Marie Knutsdotter MÅ vera avlidne mellom 1807 og 1826. Dei døydde IKKJE i Hafslo, men er truleg å finna i Bergen.

 

Er det mogeleg å finna desse dødsfalli?

 

~~~~~~~~~~

 

* Kari Olsdotter (Kjos), dotter av gardbrukar Ole Knutson på Kjos (1758-1837) og første kona Christi Axelsdotter (1756-1788), vart døypt i Hafslo 19.11.1786 og vart konfirmert i Hafslo i 1801. So forsvinn ho sporlaust! Eg har ikkje funne noko skifte etter faren, så han døydde i 1837. Han var då kårmann. Heller ikkje er Kari gift eller gravlagd i Hafslo. Eg finn ho heller ikkje gift nokon annan stad i Sogn og Fjordane fylke, noko som får meg til å tru ho KAN vera flytt til Bergen eller til Bergenskanten, Det er MANGE Kari/Karen Olsdøttrer som gifte seg i Bergen mellom 1801 og 1815, men det er ikkje mogeleg å peika på nopkon særskild dette kan vera! Alle full- og halvsøskeni hennar vart buande i Hafslo!

 

Er det mogeleg å finna ho att?

 

~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for eit skikkelig overraskande og imponerande innlegg! Dette MÅ jo vera den same Martha Marie som var fødd i 1807! Eg har blatt igjennom databasen for fødde i Bergen 1804-1810, men der finst ikje nokon andre fødsler som høver!

 

So kan ein spekulera på kvifor ikkje Martha Marie vart nemnd i skiftet frå 1826? Kan ho ha vore bortsett som barn slik at ætti i Sogn tapte ho av syne? Dette får me vel aldri svar på, MEN:

 

Her er Martha Marie Knutsdotter KONFIRMERT i Manger 1824, har opphald hjå PLEIEFADER Erik Ellevson Thiore(?): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11606&idx_id=11606&uid=ny&idx_side=-141

 

Og her er originalen av vigsli frå Manger 12.6.1841: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11607&idx_id=11607&uid=ny&idx_side=-210

 

Eg har gjort eit kjapt søk på FamilySearch, men finn ingen born etter Tollef og Martha Marie!

 

Eg finn dei heller ikkje i FT1865 nokon stad i landet!

 

Kanskje ei lokal bygdebok frå Manger kan ha fleire opplysningar om denne huslyden?

 

Nok ein kjempetakk til Lars J. for denne oppdagingi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for nytt kjempeflott innlegg!

 

Her har me jo heile lagnaden til Martha Marie "i eit nøtteskal"! Eg er nok ein gong skikkeleg imponert og vil no senda ein forespørnad om dødsmeldingi hennar til Arkivforum. Kanskje hadde ho born fødde før ho gifte seg første gongen? Uansett vil det vera spennande å sjå kven som levde att etter ho!

 

Eg vil òg leggja inn eit spørsmål om oppslag i bygdeboki for Sæbø sokn i Manger!

 

Elles sit me att med spørsmålet om kva som skjedde med mori Kari Olsdotter, og likeins hi Kari Olsdotter...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.