Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Oppslag i bygdebok Sæbø sokn i Manger - Tjore, Haukeland og Storheim?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Martha Marie Knutsdotter var fødd i Bergen 17.9.1807 av ugifte foreldre, Knut Knutson Tvilde frå Voss og Kari Olsdotter Solvorn frå Hafslo.

 

Gjennom eit anna tema i brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/186767-2-x-kari-olsdotter-1777-1785-fraa-hafslo-til-bergen-eller-nordhordland-lagnader/) er det framkomme ein del opplysningar om denne jenta:

 

Martha kom i ung alder til oppfostring hjå Erik Ellefson på Tjore indre, Sæbø sokn i Manger der ho vart konfirmert i 1824.

 

Martha gifte seg første gongen 1841 med Tollef Nilsson, ein husmann under Haukeland i Sæbø sokn i Manger, som døydde spedalsk i 1847.

 

Martha gifte seg att i 1865 med gardbrukar og enkjemann Halvor Knutson på Storheim i Sæbø sokn i Manger.

 

Martha døydde som kårenkje på Storheim i Manger i 1894.

 

So er spørsmålet:

 

* Inneheld den lokale bygdeboki fleire opplysningar om Martha Marie Knutsdotter som til dømes born eller andre skyldfolk?

 

* Kva med opplysningar om fosterforeldri og dei to ektemakane hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Radøy bygdebok sier ingenting om Martha som fosterbarn hos Eirik Ellingsen.

 

Dette står under Haukeland:

 

Tolleiv Nilsson Haukeland f 1816 d 1847 gift 1841 med Martha Maria Knutsdatter f sept 1807 som uekte datter til Karen Olsdatter Solvorn og Knut Knutsen Tvilde som arbeidet på Bryggen.

Tolleiv og Martha fikk ingen barn.

Martha giftet seg i 1865 med enkemannen Halvar Knutsen Storheim og flyttet til Storheim.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grete for nyttig oppslag!

 

Det er vel ikkje så urimeleg at fosterborn er uteletne i bygdebøkene, særleg om ein ikkje har studert konfoirm,antlistene, so overraska er eg ikkje.

 

Elles lurer eg på: Stod det noko NAMN på husmannsplassen under Haukeland der Tollef og Martha budde?

 

Og under Storheim står det vel neppe noko meir om Martha, men det hadde vore interessant å få greie på kven Halvor Knutson før hadde vore gift med og kor mange born dei fekk?

 

Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi, Grete!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Jøraas

Nei, husmannsplassen på Søre Haukeland hadde ikke noe navn; Tollef og Martha var listet opp under 'andre'.

 

Martha sin mann nr 2:

 

Halvar Knutsen Hilland f 1807 d 1886 på Storheim, son til Brita Knutsdatter og Knut Halvarsen Hilland i Alversund, gift 1830 med Barbro Monsdatter Hestnes f 1805 d 1860 på Storheim, dotter til Marta Åmundsdatter og Mons Persen Hestnes i Meland. Halvar var tenar hjå Lars og Anna Storheim under folketellinga i 1825. Hausten 1832 fekk han ta over bruket deira mot å gje dei husrom, brensel og tilsyn, forutan årlege kårytingar så lenge dei levde.

Born:

- Gjertrud f 1831 på Hilland (giftet seg med neste bruker på Storheim, Anders Bergesen Espetveit)

- Lars f 1836 til Bremanger, senere Hestvika i Nærøy og siden Fjugstad i Vikna N-Trøndelag. Gift med Anne Kristine Jakobsdatter

- Mons f 1842 d 1864 på Storheim

- Ananias f 1845, til Bergen. Gift 1900 med Petra Sina Eliasdatter Søvik. Han døde 1911 i Bergen

- Marta f 1847, til Bergen i 1865

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Britt Frank

Da sier jeg også takk for dette, Grete! :-)

Jeg har nemlig selv Nils Monsen (sønn av Marta Åmundsdatter og Mons Persen) i min linje.

Og så sent som i går kveld søkte jeg her etter Knud Halversen, f. 1770 på Fæste/ Lindaas - far til Inga Knudsdtr. f. ca, 1800 på Hilland.

 

Så jeg kommer sikkert tilbake med noen spørsmål om noen av disse folka når jeg får laget meg en oversikt hva som mangler :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grete for nytt spennande og nyttig innlegg! Dette var svært so bra, og eg må vel seia at problemet no er godt løyst for mitt vedkommande!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.