Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Sjur Andersson Drevdahl, død Luster 1739 - svigerson Axel Lasseson - vanskeleg huslyd - hjelp?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Det vart 6.7.1739 halde skifte etter leiglending Sjur Andersson Drevdahl i Luster (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24136/160/?size=gigant&mode=0). I band IV av Gards- og Ættesoga for Luster (utgjeve 1991) har eg skrive om denne huslyden (teksten noko omarbeitt!):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Andersson Drevdal, av ukjent opphav, var f. kring 1659 og vart gravlagd frå Drevdalen 30.8.1739. Sjur var gift to gonger. Første kona hans er ukjend, men me veit at han som enkjemann vart attgift med ei Martha Johannesdotter, som òg er av ukjent opphav. Ho var f. kring 1683 og vart gravlagd frå Drevdalen 25.3.1751. Sjur flytte hit til Drevdal søndre som leiglending kring 1698, og dreiv bruket til einaste sonen fekk ta over i 1737. Sjur Andersson fekk i alt sju born; truleg var tre av dei var frå første ekteskapet, medan Martha var mor til dei fire yngste:

 

1. Britha Sjursdotter (1701-1750), vart gift med gardbrukar Paul Einerson i Dversdalen i Hafslo (1688-1768).

 

2. Anna Sjursdotter, f. kring 1703, var i 1739 gift med ein Axel Lasseson, men dei budde ikkje i Luster, og lagnaden deira er heilt ukjend,

 

##### (kvar kan det ha vorte av desse?)

 

3. Knud Sjurson (1706-1754), fekk som nemnt ta over heimebruket her på Drevdal søndre etter faren og stemori.

 

4. Agatha Sjursdotter, f. kring 1711, var ugift i 1739 og vert borte frå Luster.

 

##### (kvar kan det ha vorte av ho?)

 

5. Martha Sjursdotter, f. kring 1714, var òg ugift i 1739 og vert borte frå Luster.

 

##### (kvar kan det ha vorte av ho?)

 

6. Kari Sjursdotter (1716-1741), d. ugift i Drevdalen.

 

7. Johanna Sjursdotter (1720-1797), vart gift med husmann og enkjemann Nils Olson på Veberg under Kroken i Hafslo (1719-1789).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Av borni i denne huslyden som vart vaksne, vart berre Knut buande i Luster. To søstrer veit me flytte til Hafslo, men kvar kan dei tre andre søstrene ha gjort av seg?

 

Eg står "bom fast" og takkar so muykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for spennande innlegg! Nei, blingsa på årstalet har du ikkje. Anna Sjursdotter gifte seg med Axel Lasseson FØR 1739, og 1729 høver godt på alle vis. Eg undrar meg over vigselsstaden; det var svært lite flytting mellom Luster og Borgund på den tidi, men det førekjem!

 

Skiftet syner tydeleg at mannen heitte AXEL, men eg ser ikkje bort ifrå at sorenskrivaren eller kontoristen som førte protokollen, kan ha skrive feil.

 

Sikkert er det at Asle Lasseson og Anna Sjursdotter fekk desse tvillingane, medan dei budde i Borgund (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-53):

 

* Lasse Asleson, døypt 6.1.1731

 

* Kari Aslesdotter, døypt 6.1.1731

 

Fleire born får dei ikkje i Lærdal, so vidt eg kan sjå, og ikkje finn eg born etter dei nokon annan stad i Sogn heller! Kvar er det vorte av dei?

 

Ein ny stor takk for kjempehjelp so langt!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Oyane

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg ser hjå FamilySearch at ei Agatha Sjursdotter gifte seg i Bergen 24.5.1739 med ein Lars Stephenson Gravdal, og dei fekk minst tre born:

 

* Ole Larsson, døypt i Bergen 8.7.1739

 

* Sjur Larsson, døypt på Askøy 15.8.1745

 

* NN Larsson, døypt på Askøy 19.3.1747

 

* Lars Larsson, døypt på Askøy 23.8.1750

 

Same kjelde syner òg ei Agatha Sjursdotter som gifte seg i Askvoll 13.10.1754 med ein Ananias Skivenes, men denne Agatha vert kanskje i yngste laget...?

 

Kanskje nokon kjenner til desse to Agatha Sjursdotter?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.