Gå til innhold
Arkivverket
Knut Rage

Tydehjelp Lindås i Hordaland

Recommended Posts

Knut Rage

Har litt problem med å tyda Christie døypt 15 mars 1826 (nr 18)

 

http://www.arkivverk...y&idx_side=-113

 

Christie er min tippoldemor, og fekk ein vond skjebne. Min tippoldefar Sjur Bøe i Manger gifta seg nemlig med mor hennar, Ingeborg Johnsdtr, som var enkje og tolv år eldre. Bryllaupet vart feira 3. april 1847 - og Sjur hadde vore 'frampå', for alt 17. juli kom sonen Johannes Olai til verda. Det var det niande barnet til Ingeborg - og av dei ni hadde ho mist minst fire.

 

Med den tolv år eldre brura flytta også den eldste dottera hennar Christie inn i 'sjursheimen'. Ho var ei ung vaksen kvinne, berre 7-8 år yngre enn stefaren Sjur.

 

Ingeborg og Sjur vart ikkje verande ektefolk særleg lenge. Året etter bryllaupet døydde Ingeborg i ein koleraepidemi. Såleis gjekk det til at Sjur søkte trøyst hos stedattera Christie, og i 1850 måtte han innrømma farskap til sonen hennar, som fekk namnet Ingebrigt - altså min oldefar. (Han er seinare nemnd fleire stader som byggmeister for Ole Bull sin villa på Lysøen i Fana, men det er ei anna historie).

 

Men Christie var ingen passande ektemake. Sjur gifta seg opp att i 1852, med den femten år eldre Mari Mikkelsdtr. - ei enkje med jord og såleis eit godt parti. Ho eigde jord på Vardhaugen i Bø, i Manger. I 1874 døydde Mari, og Sjur vart enkjemann for andre gongen. Fire år seinare gifta han seg for tredje gongen, med den femten år yngre tenestejenta Synneve...

 

All tydehjelp blir teke imot med stor takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Prøver: 12/marts? - 15.mars Christie, ekte. Foreldre: Tjener Ole Larsen og Ingebor Johnsdt. Møxvold. FAddere: Gullu?ch Jacobs. Elling Anders. Knud Lars., Agathe Knudsdt., Giertrue Johnsd. Møxvold.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Rage

Ja, det ser rimeleg bra ut. Kom også til det resultat av det står "Tjener", men kva tyder det i så fall? Møxvold stemmer godt med Myksvoll i Lindås kommune. Flott - takk skal du ha, Berit!

 

Prøver: 12/marts? - 15.mars Christie, ekte. Foreldre: Tjener Ole Larsen og Ingebor Johnsdt. Møxvold. FAddere: Gullu?ch Jacobs. Elling Anders. Knud Lars., Agathe Knudsdt., Giertrue Johnsd. Møxvold.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort

Tjenestedreng? Hvis der ikkje var så fint folk på Myksvoll at dei hadde andre tjenere da :-)

Min oldefar var dreng og titulert tjener ved giftemål

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Knut Rage

Interessant - har ikkje støtt på det før. Ein lærar noko heile tida! :)

 

Tjenestedreng? Hvis der ikkje var så fint folk på Myksvoll at dei hadde andre tjenere da :-)

Min oldefar var dreng og titulert tjener ved giftemål

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.