Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Dødsfall Bryn i Bærum 1945-1946 - feil namn i gravferdsprotokollen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Gravferdsprotokollen for Bryn kyrkjegard i Bærum syner at brørne Johan og Olav Wangensteen Rutledal ligg gravlagde der i same gravi som:

 

Chr. KVILEKVAL. Sistnemnde vart gravlagd 1.1.1946.

 

Far til dei to Rutledalbrørne heitte:

 

Kristian (eller Christian) RUTLEDAL, og han skal vera avliden på den tidi som Chr. Kvilekval vart gravlagd!

 

Ifølgje sekretæren ved Bryn kyrkje er kyrkjebøkene for denne perioden alt innsende til Statsarkivet, og eg ber difor om at de gjer eit oppslag i dødsfallslistene for Bryn for desember 1945-januar 1946 for om mulig å finna dødsfallet til:

 

Kristian (eller Christian) Olson RUTLEDAL

fødd 26.6.1874 i Eivindvik (Gulen)

 

* Eg ønskjer å få greie på nøyaktig dato og stad for dødsfallet hans?

 

* Kva bustad og yrkestitel er registrert for mannen?

 

Dersom dette dødsfallet IKKJE skulle vera registrert i Bryn på denne tidi, finst det då i staden ein Chr. Kvilekval registrert der?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sandven

Bryn menighet vart utskild frå Vestre Bærum i 1975. I kyrkjeboka for Vestre Bærum finn me ingen som heitte Rutledal eller Kvilekval blant dei døydde i denne perioden.

Det same gjeld dødsfallsprotokollen frå lensmannen. Diverre har me heller ikkje dødfallskort i arkivet etter Bærum folkeregister for denne tida.

 

med venleg helsing,

Jon Sandven

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sandven

Ved nærare ettersyn finn me at ein Christoffer Kvilekval f.16.11.1916 i Evanger døydde 15.18.1946 i Bærum. Men altså ingen Rutledal.

Register til dødsfallsprotokollane frå Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete finn du her:

http://arkivverket.no/URN:sk_read/search/?forvaltning=ve&fylke=02&embete=Aker+kriminaldommer%2C+skifte-+og+auksjonsforvalterembete&protokoll=SKDR&periode=&navn=

 

For meir omfattande undersøkingar, og for oppslag i nyare kjelder, ber me om at ein sender e-post til Statsarkivet.

 

med venleg helsing,

Jon Sandven

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon Sandven for avklarande og forsovidt oppklarande svar! Då er med andre ord Kristian Rutledal IKKJE gravlagd i Bærum, men etter at eg no har hatt meir kontakt med etterkomarar, er problemet løyst! Kristian Rutledal døydde i Moss i 1960, men gravferdsregisteret hadde mannen som Kristian RETTEDAL; difor vart han ikkje oppdaga!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.