Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Paulson Vandenes (Barsnes) i Sogndal (1789-1842) - kvar vart det av borni hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Då eg i 1987 forfatta band III av Gards- og Ættesoga for Luster, skreiv eg under garden Fladhammar mellom anna om denne huslyden (teksten er noko redigert):

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Paulson, f. i Lærdal 7.12.1789, voks opp i Luster og gifte seg her 10.5.1813 med Magdeli Sjursdotter frå Ølnes i Sogndal, døypt i Sogndal 3.5.1778. Nils og Magdeli busette seg på plassen Vandaneset under Barsnes i Sogndal der Nils d. som husmann 30.4.1842. Magdeli d. same staden 13.3.1848. Me veit om fire born etter dei; dessutan hadde Magdeli ein son frå før:

 

a. Ole Nilsson, døypt i Sogndal 6.9.1807, son av Magdeli Sjursdotter og gardbrukar Nils Olson på Selseng i Sogndal, er førebels ukjend.

 

##### (lagnaden hans?)

 

b. Britha, sidan kjend som Bertha Nilsdotter, døypt i Sogndal 27.6.1813, flytte til Laksevåg ved Bergen der ho 16.9.1838 gifte seg med ein John Asbjørnsen som var f. kring 1808.

 

##### (opplysningar om opphavet hans?)

 

Han var tømmermann, og han og Bertha busette seg på Lille Damsgaard på Laksevåg. Der budde dei framleis i 1854, men om den seinare lagnaden deira veit me førebels ikkje noko meir.

 

##### (seinare lagnad? - dødsfalli deira?)

 

Derimot kjenner me til åtte born etter dei; mange av dei flytte til Bergen og slo seg ned der.

 

c. Mari Nilsdotter, døypt i Sogndal 6.1.1816, gifte seg i Sogndal 7.6.1836 med Arne Nilsson frå Haukareid i Sogndal. Han vart døypt i Sogndal 1.1.1808. Me vantar førebels dødsdato for Mari Nilsdotter,

 

##### (lagnaden hennar?)

 

men Arne d. som husmann på Tylden i Sogndal alt 2.10.1851. Mari og Arne var husmannsfolk på ein plass under Tylden i Sogndal og fekk fem born i lag.

 

d. Sjur Nilsson, f. i Sogndal 18.1.1817, budde framleis på Vandaneset under Barsnes i Sogndal i 1842, men er førebels ukjend.

 

##### (lagnaden hans?)

 

e. Dordei Nilsdotter (1822-1868), vart gift med husmann Einer Pederson på Kvitli under Barsnes i Sogndal (1816-1865), opphavleg gardbrukarson frå Yngsdalen i Hafslo (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Fleire av desse borni er sikkert nok hamna i Bergen, men eg finn dei berre ikkje att...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Britha, sidan kjend som Bertha Nilsdotter, døypt i Sogndal 27.6.1813, flytte til Laksevåg ved Bergen der ho 16.9.1838 gifte seg med ein John Asbjørnsen som var f. kring 1808.

 

##### (opplysningar om opphavet hans?)

 

Han var tømmermann, og han og Bertha busette seg på Lille Damsgaard på Laksevåg. Der budde dei framleis i 1854, men om den seinare lagnaden deira veit me førebels ikkje noko meir.

 

##### (seinare lagnad? - dødsfalli deira?)

 

Se på denne karen i f.t. 1865 for Bergen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038249019562

 

Og her:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=tvan1850&gardpostnr=178&merk=178#ovre

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=tvan1850&gardpostnr=2728&merk=2728#ovre

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=tvan1850&gardpostnr=2774&merk=2774#ovre

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=tvan1850&gardpostnr=3037&merk=3037#ovre

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=11&filnamn=tvan1850&gardpostnr=3113&merk=3113#ovre

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=tvan1850&gardpostnr=3171&merk=3171#ovre

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=13&filnamn=tvan1850&gardpostnr=3430&merk=3430#ovre

 

Spørsmålet er om dette er riktig person....

 

Finner også dette dødsfallet, men er det rette mannen? http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=34&filnamn=1301begr&gardpostnr=23769&merk=23769#ovre

 

Ser ut som dette var feil John Asbjørnsen:

Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 3 , 1861-1878, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/23997/156/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081111620448.jpg

 

Tvangsfangen John Asbjørnsen er nemlig registrert så seint som i 1871.

 

Finner denne John Asbjørsen i f.t. 1875 for Askøy (med Laksevåg):

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=40&filnamn=asko1875&gardpostnr=1785&merk=1785#ovre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 4 (1825-1845), Ekteviede 1838, side 212.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8604&idx_id=8604&uid=ny&idx_side=-216

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319650464.jpg

 

Her står det at faren til John heter Asbjørn Larsen Laksevåg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

So vidt eg kan sjå, må då dette vera fødsli til John Hans Asbjørnson (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8602&idx_id=8602&uid=ny&idx_side=-27), døypt på Laksevåg 30.6.1807 av foreldri Asbjørn Larsson og Margretha Olsdotter. Ved fødsli står ein merknad om at han har fått attest 21.6.1825. Dette er av FamilySearch tolka som dødsfallet hans, men det kan jo ikkje vera tvil om kva som står...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Ser at Brithe Nilsdatter og John Asbjørnsen fikk et barn før de ble gift:

Margrethe Marie Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 12 January 1837 christening: 29 January 1837 , ASKOY, HORDALAND, NORWAY residence: 1837 Askøy, Hordaland, Norway

  • father:John Asbjornsen
  • mother:Brithe Nielsdr

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 5 (1836-1852), Fødte og døpte kvinner 1837, side 96.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-104

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...61127060431.jpg

 

 

Øvrige barn:

Anne Magdelene Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 7 April 1839 christening: 21 April 1839 , ASKOY, HORDALAND, NORWAY residence: 1839 Askøy, Hordaland, Norway

  • father:John Asbjornsen
  • mother:Berthe Nielsdr

Johanne Elisabeth Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 15 March 1841 christening: 18 April 1841 , ASKOY, HORDALAND, NORWAY residence: 1841 Askøy, Hordaland, Norway

  • father:John Asbjornsen
  • mother:Berte Nilsdr

Berte Malene Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 6 April 1846 christening: 6 April 1846 , ASKOY, HORDALAND, NORWAY residence: 1846 Askøy, Hordaland, Norway

  • father:Jon Asbjornsen
  • mother:Berte Nilsdr

Asbjorn Nils Olai Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 13 April 1849 christening: 29 April 1849 , ASKOY, HORDALAND, NORWAY residence: 1849 Askøy, Hordaland, Norway

  • father:Jon Asbjornsen
  • mother:Berte Nilsdr

Ane Frederike Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 20 March 1852 christening: 11 April 1852 , ASKOY, HORDALAND, NORWAY residence: 1852 Askøy, Hordaland, Norway

  • father:John Asbjornsen
  • mother:Birthe Nielsdr

 

Olufina Serena Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 christening: 4 June 1854 , ASKOY, HORDALAND, NORWAY

  • father:John Asbjornsen
  • mother:Berthe Nielsdr

 

Larsine Berentine Johansen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 14 April 1858 christening: 23 April 1858 , ASKOY, HORDALAND, NORWAY residence: 1858 Askøy, Hordaland, Norway

  • father:John Asbjornsen
  • mother:Berthe M. Nilsdr

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Du skriver " c. Mari Nilsdotter, døypt i Sogndal 6.1.1816, gifte seg i Sogndal 7.6.1836 med Arne Nilsson frå Haukareid i Sogndal. Han vart døypt i Sogndal 1.1.1808. Me vantar førebels dødsdato for Mari Nilsdotter,

 

##### (lagnaden hennar?)

 

men Arne d. som husmann på Tylden i Sogndal alt 2.10.1851. Mari og Arne var husmannsfolk på ein plass under Tylden i Sogndal og fekk fem born i lag."

 

 

 

 

De fikk kanskje 7 barn?

 

 

Niels Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 8 December 1835 christening: 25 December 1835 SOGNDAL,SOGN OG FJORDANE,NORWAY

  • father:Arne Nilssen
  • mother:Mari Nilsdr

 

Martha Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 6 October 1837 christening: 11 October 1837 SOGNDAL,SOGN OG FJORDANE,NORWAY

  • father:Arne Nielsen
  • mother:Mari Nielsdr

 

Ole Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 15 April 1840 christening: 19 April 1840 SOGNDAL,SOGN OG FJORDANE,NORWAY

  • father:Arne Nielsen
  • mother:Mari Nielsdr

 

Christie Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 13 August 1842 christening: 14 August 1842 SOGNDAL,SOGN OG FJORDANE,NORWAY

  • father:Arne Nielssen
  • mother:Mari Nielsdr

 

Mari Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 14 June 1844 christening: 30 June 1844 SOGNDAL,SOGN OG FJORDANE,NORWAY

  • father:Arne Nielsen
  • mother:Mari Nielsdr

 

Gjertrud Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 22 April 1847 christening: 23 May 1847 , SOGNDAL, SOGN OG FJORDANE, NORWAY residence: 1847 Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway

  • father:Arne Nielsen
  • mother:Mari Nielsdr

 

Sjur Arnesen

Norway, Baptisms, 1634-1927 birth: 24 February 1850 christening: 31 March 1850 , SOGNDAL, SOGN OG FJORDANE, NORWAY residence: 1850 Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway

  • father:Arne Nielssen
  • mother:Mari Nielsdr

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjateleg takk til Ann-Mary for nye spennande innlegg!

 

Eg fann ikkje det yngste barnet til John Asbjørnson og Bertha, men det nestyngste var født på Lille Damsgård (Laksevåg sokn) i 1854, og her ser eg dødsfallet til "tømmermands kone Berthe Nilsdotter Lille Damsgaard" 23.8.1860, 47 1/4 år (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8261&idx_id=8261&uid=ny&idx_side=-234). So den John Asbjørnson som var tvangsarbeidar og i 1875 budde som enkjemann på Hop på Askøy, er nok utan tvil "vår mann"! Dødsfallet hans er framleis eit "mysterium"...

 

Når det gjeld Mari Nilsdotter, so ser eg no at ho og mannen var plassfolk på Tyldehaugen under Tylden i Sogndal, og ho døydde som legdelem i Sogndalsfjøra 11.8.1874. Dei fekk sju born i lag! Eldste sonen Nils Arneson, fødd 1835, flytte 1852 til Ullensaker, medan eldste dotteri Martha Arnesdotter, fødd 1837, flytte 1862 til Austre Toten. Kanskje det var på ein av desse stadene morbroren Sjur Nilsson budde? Eller kanskje Ole Nilsson hamna der?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflott innlegg! Jau, det er nok den "rette" John Hans Asbjørnson, so då er det problemet løyst!

 

Då sit me berre att med spørsmåli kring dei to (halv-)brørne, Ole og Sjur Nilsson. Kvar kan dei ha vorte av?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Tonby
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for eit skikkeleg imponerande innlegg! Eg kunne knapt nok tru mine eigne auge då eg las vigsli frå Ullensaker. Eg berre kasta dette ut som ein mogeleg bustad fordi ein av søstersønene flytte dit, utan heilt å tru på det sjølv... Og so synte det seg å vera slik likevel...

 

No gjeld det om å finna lagnaden til Syver og kona hans på Austre Toten...

 

Elles er jo framleis halvbroren Ole Nilsson eit "mysterium", men han vert nok vesentleg vanskelegare å finna...

 

Nok ein stor takk til deg, Anne, for denne oppdagingi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Tonby

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Tonby

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Nei, no gjev eg meg ende over! Hjarteleg takk til Anne for nok eit kjempeflott funn! Ingen tvil om at dette er "vår" Ole Nilsson. Dette var uventa!

 

No ser eg at den same Ole Nilsson Gurvin gifte seg på Askøy 1.7.1832 med Ane Elisabeth Asbjørnsdotter Laxevaag, 28 år (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8604&idx_id=8604&uid=ny&idx_side=-197), og ho framstår som ei søster av John Hans Asbjørnsen som var gift med Britha "Bertha" Nilsdotter, halvsøster hans Ole! Hjå FamilySearch finn eg fire born etter Ole og Ane Elisabeth:

 

* Niels Johan Olsen, fødd Nykyrkja, Bergen 24.12.1832

* Margrethe Magdalena Olesdatter, fødd Krosskyrkja, Bergen 22.12.1836

* Asbjorn Olai Olsen, fødd Krosskyrkja, Bergen 19.11.1839

* Sivert Martin Olsen, fødd Askøy 2.9.1844

 

Heilt fantastisk!

 

Nok ein stor takk til deg, Anne, for kjempefine oppdagingar!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Etter at eg hadde lagt dette innlegget inn, oppdaga eg det siste innlegget frå Anne, som eg er svært takksam for! No er det spørsmål om dødsfallet hennar Anne Elisabeth kan finnast...?

Endret av Lars E. Øyane - Bad Kohlgrub - Bayern

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har vore på farten i heile dag, so eg har ikkje hatt høve til å studera den siste utviklingi i dette emnet! No ser eg at Carsten på ny har funne kjempeflotte opplysningar, dødsfallet til Anna Elisabeth Asbjørnsdotter og likeins dødsfallet til Sjur "Syver" på Toten! Eg er imponert og takkar so mykje for desse nyttige opplysningane!

 

Det viktigaste som no står att når det gjeld denne huslyden, er å finna ut meir om lagnaden til den fråskilde kona til Sjur "Syver" Nilsson på Toten? Og kor mange born fekk dei?

 

Takk igjen, Carsten, for at du deler ekspertisen din med meg!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Bare hyggelig det Lars !

 

Jeg har ikke funnet flere barn av Sjur og Karen enn de som er nevnt i 1865. Karen døde 18-5-1891 Hoff i Ø-T.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4080&idx_id=4080&uid=ny&idx_side=-276

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060425090564.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Det som også kanskje kunne vært interessant, er å få bekreftet at det er vår mann John Asbjørnsen som befinner seg blant tvangsarbeiderne i Bergen og i så fall, hvorfor han havnet der i flere runder - ser det ut til.... Gjorde han "små brekk" for å skaffe mat og tak over hodet for en stakket stund? Har du sendt en forespørsel til Statsarkivet i Bergen om et oppslag i selve originalmateriale?

 

Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Sjekket basen over innsatte i fengslet i Bergen, og her dukker det også opp en tømmermann John Asbjørnsen! Men det er som sagt viktig å få bekreftet at dette er vår mann:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=Feng1850&gardpostnr=69&merk=69#ovre

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=4&filnamn=Feng1850&gardpostnr=2492&merk=2492#ovre

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=Feng1850&gardpostnr=3178&merk=3178#ovre

 

Legg merke til at første gang han er registrert er 1852, så er det er opphold fram til 1865 og siste gang er i 1869

 

Databasen over innsatte på Tukthuset i Bergen forteller litt mer:

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=tukt1850&gardpostnr=1286&merk=1286#ovre

 

1852: 44 Aar, efter Bythingsdom af 2den Februar 1852, for 2den Gang begaaet simpelt Tyveri.

 

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=tukt1850&gardpostnr=1287&merk=1287#ovre

 

1865: 54 Aar. Efter Bergens Stiftsoverretsdom af 14de October 1861 for 3de Gangs simpelt Tyverie og Forsøg paa lige Forbrydelse /See Pagina 155 No 1235:/

 

Her er det kanskje en del å hente, Lars!

 

Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg om John Asbjørnsen og den "kriminelle" løpebana hans i Bergen. Me kan vel vera ganske so sikre på at dette er "vår" John, og at han er vorten ein aldri so liten "Gjest Baardson" på sine eldre dagar, men so alvorlege saker kan det ikkje ha vore, sidan han aldri vart send vidare til Akershus eller andre straffeanstaltar. Det tek mykje tid å studera slike saker, og på same vis som fleire liknande saker (om andre personar frå den tidi), vil eg la desse liggja i ro førebels til eg vert ferdig med hovudoppgåva mi, dei tolv bandi med Gards- og Ættesoge for Luster. Eg følgjer for tidi berre opp slike problem dersom personane det gjeld, forsvinn for oss! For då kan jo sakspapiri gje oss opplysningar om kvar det vart av dei..., slik me hadde eit døme av for ikkje so lenge sidan...

 

Nok ein stor takk til Grethe som har leitt fram alle desse referansane!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.