Gå til innhold
Arkivverket

MR: Oppslag i "Hjørundfjordboka" - Indre Trandal


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Brukar 1790-1812 f. 1755-d 1831 skifte g 1789 m Kanute Kristiansd. Tvergrov/Trandal f 1765 d 1848, Jetmund bygsla heile garden i 1790 av presten Rødseth, i 1802 var garden taksert til 135 rd, om garden heiter det Jetmund R. bruger alt, hvorpaa saaes 3 t havre 1/8 byg, avles 5 fold, forer 11 kjør, ingen hest, 18 smaaqvæg, har skov til brændefang ellers ingen herlighed, det er tydelig at brukaren hadde fått skikk på garden att. I 1816 la dei sylvskatt 3 1/2 rbd og skaut inn 2 1/2 spd. I 1809 hadde Jetmund stemnt Jon i Inngarden for ulovlig skogshogst, saka vart utsett, og me høyrer ikkje meir. I 1818 hadde Lars A. Bjørgholmen stemnt Jetmund til forlik d å han ikkje ville betale for en kalvquige-forig vinteren 1817, den vanlege forleiga var 50 rbd eller 5 spd. Jetmund hadde rett nok gitt han 100 garnkavler verdt 1 spd, 1 anker syre verdt 66 spesiskilling og betalt 5 merker smør verdt 90 spsk, i alt 2 spd og 35 s,. Den skinnhita med havremjøl Jetmund hadde sendt med til for åt kviga, ville klageren betale tilbake med mjøl. Jetmund sa seg villig til å betale sakskonstnadene og legge til 1 spd, men saka enda uforlikt. Saka gir gode opplysninger om prisar og om kva samband fjordfolk og øyfolk hadde med kvarandre. Av 6 barn, voks 4 opp: 1. Kristian f. 1792, neste brukar, 2. Brit f. 1794 g 1832 m Jon M. Larsen, Kipervika, Sula, 3. Ragnhild f. 1797 g 1836 m Kolbein A. Vik, bruk nr 1 Borgund. I 1835 hadde Ragnhild sett bort 2 kyr til vinterforing hjå Steffen A. Valset(trolig heimafylgjekyr). det vart sein vår og den eine svalt ihjel og Ragnhild hadde ikkje eingong fått skinnet. Etter ei ny forlikssak i 1836, fekk ho endelig 2 spd 4 ort, 4. Randi f. 1895 g 1837 m Samuel O. Skaar, Kanute hadde u e m Samund K. Rønning datteren Eli, g Strandabø. Skifte 1831 Aktiva 55-3-5 Passiva 49-1-14( i det irekna heimafylgje til dei 3 døtrene 36 d.) Netto 5-2-15 3 kyr, 3 Geiter, 3 lam. 1/2 færing, ellers lite. Utestående 13-1-0.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.