Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

(E)Manuel Olson (1681-1741) - frå Hafslo i Sogn til Langedal og Kval i Etnedal/Sør-Aurdal - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Manuel Olson, òg kjend som Emanuel Olson, ein sonedotterson av sokneprest Søren Rasmusson Falch til Lom og kona Rønnaug Sørensdotter, var son av gardbrukar Ole Iverson på Bjørnetun i Solvorn sokn, Hafslo og kona Rønnaug Manuelsdotter frå Rønnei i Luster og fødd "på Fylkesbygdi" i Hafslo i Sogn kring 1681.

 

Ein eldre bror Søren Olson busette seg kort etter 1700 på garden Langedal i Etnedal, Valdres der han var gift to gonger og visstnok fekk i alt femten born, medan ein annan bror Iver Olson i 1690-åri flytte til morbroren Søren Manuelson som budde på Lindstad på Jevnaker, men denne Iver forsvinn utan at me ser noko meir til han...

 

Attende til Manuel Olson, so gifte han seg i Etnedal 20.10.1708 med ei Siri Thomasdotter, fødd kring 1677. Dei budde i fleire år på Langedal, truleg som plassfolk hjå broren Søren, men flytte Kring 1720 til Framgarden i Reinli, Sør-Aurdal og derifrå til ein husmannsplass under Kval i Reinli, Sør-Aurdal. Derifrå vsrt dei båe gravlagde 30.3.1741 etter dei døydde i den store farangi som herja over heile landet dette året!. Me kjenner til ein son etter dei, men det har nok vore fleire born:

 

a. Siver Manuelson, døypt i Etnedal 29.11.1715, vart gravlagd frå Langedal 18.3.1716.

 

So kjem me til det store spørsmålet:

 

Er det nokon som har høyrt gjete denne huslyden i Etnedal/Sør-Aurdal og som kan bidra med tilleggsopplysningar, både om opphavet til Siri Thomasdotter, og ikkje minst med opplysningar om fleire born?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Ogso for tips om broren Iver Olson!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Marthe står vel som Mickelsdtr i den transkriberte utgaven http://digitalarkive...stnr=1076#nedre

I kirkeboken leser jeg det som det står Marthe Manuelsd. Langedal (nesten øverst på venstre side) Kildeinformasjon: Oppland fylke, Aurdal, Ministerialbok nr. 1,2,3 (1692-1730), Kronologisk liste 1714, side 454.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverk...y&idx_side=-432

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70603900185.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Lars J. for spennande innlegg! Eg finn ikkje dåpen til vesle Martha Manuelsdotter, men gravferdi var tydeleg 3.6.1714, og ho var 11 dagar gamal...! Mori vart "introduceret" same dagen!

 

Då har me to born i denne huslyden, men eg er sikker på dei hadde fleire! Kvar kan dei gøyma seg?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Finner denne Sivert døpt 1712

 

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/N4M9-G47

 

Oppland fylke, Aurdal, Ministerialbok nr. 1,2,3 (1692-1730), Kronologisk liste 1712, side 415.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9360&idx_id=9360&uid=ny&idx_side=-394

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603900147.jpg

 

Men vet jo ikke om denne har noe med dine folk å gjøre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nok ei oppdaging frå Etnedal! Det er pussig at du finn desse fødslene; eg har òg søkt hjå FamilySearch, men fekk ikkkje opp noko som helst frå Oppland fylke!

 

Elles er det påfallande med namnet Sivert, og at namnet vert "oppatteke". Ein skule neste tru at Siri Thomasdotter hadde vore gift før med ein Sivert... Men i so fall var det ikkje i Etnedal, om ein skal tru vigdebasen frå Aurdal prestegjeld...

 

Eg er spent på om fleire born vil dukka opp i denne huslyden; det ser jo ikkje ut som dei hadde mykje "hell" med seg når det gjeld å få opplevande born...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Dåpen til Marthe i 1714, øverst høyre side Kildeinformasjon: Oppland fylke, Aurdal, Ministerialbok nr. 1,2,3 (1692-1730), Kronologisk liste 1714, side 447.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9360&idx_id=9360&uid=ny&idx_side=-425

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603900178.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for nytt spennande og nyttig innlegg! Eg leitte tidlegare etter fødsli til Martha i mai, men då må alderen hennar ha vore 11 veker i staden for 11 dagar! Men det har mindre å seia! Hovudsaki er at dåpen er funnen!

 

Skal me gå etter "kronologien", bør Emanuel og Siri òg ha hatt eitt barn født kring 1710 og kanskje òg eitt født kring 1718, men ein kan vel aldri følgja "fornuften" når det kjem til barnefødsler...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.