Gå til innhold
Arkivverket
Torbjørn Igelkjøn

Firmaet Sig. Falck-Jørgensen, Stavanger

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Eg har prøvd å sende PM til L. E. Øyane, men innboksen hans er full.

 

I 2010 hadde han følgjande debatt:

http://forum.arkivve...boekerliknande/

 

Eg kom tilfeldigvis over denne omtalen av eit ingeniørfirma i Stavanger ved søk i Nasjonalbiblioteket. Omtalen er frå "Det Norske næringsliv", Rogaland fylkesleksikon, 1950.

 

Lurer på om nokon veit noko meir om denne Sigurd og/eller firmaet. Kor tid la dette firmaet evt. ned drifta?

 

Mvh.

Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Annalisa Thelin Knutsen

Hei

Sigurd Falck-Jørgensen bodde i Oskarsgt. 34 i Stavanger. Der er også hans agenturforretning registrert. Han døde 6-10-1932. (ikke nevnt alder)

Kona het Karen, f. Øvrevik. De giftet seg i Haugesund 136-1914. De hadde sønnen Harald. Firmaet reklamerte ofte at de var representant for Raufoss Ammunisjonfabrikker - kulelager. (1928) Firmaet ble slettet fra Handelsregisteret i 1980. Sønnen Harald ble 28-5-1949 gift med Ellen Askeland. Harald døde 20-8-2009. Begravet fra St. Svithuns Kirke (katolsk) 94 år gammel. De hadde datteren Karen, g.m. John Steinar Johnsen i 1970og muligens sønnen Lars..

Jeg har dødsannonsene til far og sønn, hvis det er av interresse.

mvh Lisa

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg seier meg lei for problemet med innboksen min. Eg nyttar denne som arkiv for inngåande meldingar via Digitalarkivet. Det enklaste er å kontakta meg pr. e-post: lars.e.oyane@sdsl.no

 

Dødsdatoen til Sigurd Falck-Jørgensen var mellom detaljane som eg framleis mangla i manuskriptet om denne huslyden, so eg er svært takksam til Annalisa for den opplysningi! Men no lurer eg på; sidan du fann dødsfallet til Sigurd, kan du òg hjelpa med å finna dødsfallet til kona hans, Karen Falck-Jørgensen, f. Øvrevik, fødd i Haugesund 14.10.1889?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg tak til Carsten for dødsfallet hennar Karen! Eg slår fast at dødsfall i Stavanger endeleg er medkomne i DIS-basen. Det var dei nemleg ikkje då eg prøvde for ei tid attende...

 

Eg har fleire spørsmål om denne huslyden, men vil ta dei opp i eige tema...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg har fått det eg var ute etter og vel så det. Takk for svara. :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.