Gå til innhold
Arkivverket

Fredrik Erikson Falck (1830-1919), lensmann i Hafslo i Sogn - manglande detaljar om barneborni Falck-Jørgensen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Lensmann Fredrik Erikson Falck (1830-1919), frå Amla i Sogndal, flytte i 1852 til Solvorn i Hafslo då han vart tilsett som kontorist ved sorenskrivarkontoret. I 1868 vart han so utnemnd til lensmann i Hafslo, og dette ombodet hadde han tl han i 1910 fylte 80 år. Han var gift og fekk ei dotter Marianne Falck (1853-1916). Ho gifte seg med Harald August Jørgensen frå Bergen (1849-1923). Harald var kapellan og sidan sokneprest ulike stader, lengst i Verdalen og i Namsos, men kring 1900 flytte parfolket frå kvarandre, og Marianne flytte etter kvart heim til far sin i Solvorn i Hafslo og døydde der.

 

Marianne Falck og Harald Jørgensen fekk ti born i lag, og dei alle fleste skreiv seg etter kvart Falck-Jørgensen. Huslyden har vore oppe til drøfting før i det gamle Brukarforum under emne #75233 (http://forum.arkivverket.no/topic/160578-75233-falck-joergensen-ein-soeskenflokk-fraa-namsos-oppslag-i-studentboekerliknande/page__hl__%2B%F8yane+%2Bfalck), og mange fine opplysningar dukka opp alt den gongen, men nokre detaljar mangar framleis om fleire av sønene, og desse vil eg gjerne i dag få lufta nærare i von om at nokre av svari kan komma til rette:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Falck Haraldson Jørgensen, kjend som Hans Falck-Jørgensen, f. i Ulvik 20.11.1877, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – bisett Bragernes, Drammen 7.4.1956)

 

Han gifte seg første gongen i Christiania 10.10.1899 med Rebekka Ferdinandsdotter Vibe, f. i Christiania 22.8.1879. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – gravlagd som Rebekka Vibe Breeckes på Vestre Gravlund 3.9.1948)

 

men vart skild frå Hans i 1906. Hans gifte seg att i Christiania 6.12.1911 med Mathilde Mohr Frøstrup, kjend som Lilla Christophersdotter Munthe, f. i Christiania 19.5.1884. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – bisett Bragernes, Drammen 3.1.1975)

 

Hans vart cand.jur. i 1899 og flytte i 1903 til Drammen der han sidan var høgsterettsadvokat. Han fekk i alt fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Axel Johan Weidemann Haraldson Jørgensen, f. i Verdalen 27.12.1878, d. i Oslo

 

¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hans? - kring 1967/1968!)

 

Axel tok språkleg-historisk lærareksamen i 1905, og etter fleire år som lærarvikar ulike stader på Austlandet var han frå 1908 til 1912 adjunkt i Tromsø, og deretter adjunkt i Tønsberg til han i 1922 vart lektor ved ein skule i Christiania. Frå 1924 var han so lektor i Fredrikstad.

 

¤¤¤¤¤ (framleis i 1933 – sidan?? – flytte til Oslo d. ugift!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Fredrik Falck Haraldson Jørgensen, kjend som Fredrik Falck-Jørgensen, f. i Verdalen 21.2.1880, d. på Otta 14.8.1966. Han gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden hans?)

 

20.4.1905 med Signe Johnsdotter Normann, f. i Steinkjer 16.2.1881. Ho d. på Otta 7.8.1975. Fredrik var sivilingeniør innan

 

¤¤¤¤¤ (kva fag?)

 

og han og Signe budde mellom anna i Tønsberg

 

¤¤¤¤¤ (andre bustader?)

 

men flytte hausten 1936 til Otta der Fredrik dreiv klebersteinsverkstad. Han og Signe fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Carl Martell Haraldson Jørgensen, kjend som Carl Falck-Jørgensen, f. i Namsos 28.5.1891, d. i Bergen 11.4.1975. Han gifte seg i Johanneskyrkja i Bergen 3.4.1917 med Ingrid Conradsdotter Knudsen frå Bergen, f. i Bergen 25.4.1892. Ho d. på ein sjukeheim i Åsane, Bergen 14.8.1989. Carl var ingeniør,

 

¤¤¤¤¤ (kva slag ingeniør? – ved lysverkene 1919!)

 

og han og Ingrid budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So er det neste kapitlet under lensmannsgarden Grov i Solvorn, Hafslo, som òg treng til litt "finpuss". Og her attgjev eg like godt heile teksten slik den ser ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Alf Haraldson Jørgensen, kjend som Alf Falck-Jørgensen, dotterson av føregåande brukar, men sjølv frå Namsos, var f. i Verdalen 26.5.1881 og gifte seg i Christiania (Oslo) 7.6.1912 med Anna Erica Osvaldsdotter Eriksen, kjend som Erica Oswald frå Christiania. Ho var dotter av skipskaptein Edvin Osvald Jarl, kjend som Osvald Eriksen i Christiania, opphavleg frå Tønsberg, og kona Julie Helene, kjend som Helene Andreasdotter Gjersøe, òg frå Tønsberg, og f. i Christiania 7.9.1888. Alf Falck-Jørgensen vart cand.jur. i 1907 og kom i 1908 til Solvorn som sakførar. Han fekk 18.8.1907 skøyte hjå bestefar sin på brukseiningi i Grov, og i 1910 tok han over ombodet som lensmann etter bestefaren. Alt 28.9.1907 fekk Alf hjå Anton Ratchje auksjonsskøyte på parsellen Fredheim av Øvrebø, men han budde her i Grov. Alf heldt fram som lensmann til 1918 og var deretter dommarfullmektig til 1919 og sakførar i Solvorn til 1920. Han dreiv elles garden i Grov, medan han budde her.

 

Alf og Erica Falck-Jørgensen flytte i 1920 til Stokke i Vestfold der dei var gardbrukarar på Helgerød og vart buande levetidi ut. Alf d. på Helgerød i Stokke 15.12.1962, medan Erica Falck-Jørgensen d. i Oslo 29.10.1975.

 

Alf og Erica Falck-Jørgensen fekk to born i lag:

 

1. Sigrid Helene Alfsdotter Falck-Jørgensen, f. 3.4.1913, flytte med foreldri i 1920 til Stokke og

 

¤¤¤¤¤ (gift to gonger – første gongen ?? - siste gongen Kongsteien – var barnehagepedagog og flytte med mori til Oslo, sidan busett Tønsberg – ho d. 22.12.2002 og ligg gravlagd i Skjee sokn, Stokke)

 

Ingen born.

 

2. Edith Sylvia Erica, kjend som Sylvia Alfsdotter Falck-Jørgensen, f. 21.7.1916, flytte òg i 1920 med foreldri sine til Stokke, men arbeidde sidan som sjukepleiar i Oslo til ho i

 

¤¤¤¤¤ (year of her emigration? – 1949?)

 

utvandra til Amerika. Sylvia gifte seg i Chicago, IL

 

¤¤¤¤¤ (date of her marriage?)

 

med Harry Orville Dudley, f. i Kennebec Co., ME 8.5.1897. Sylvia heldt fram som sjukepleiar (”registered nurse”). medan Harry var militærkaptein (”U.S. Army Captain”). Dei budde i Chicago, Cook Co., IL der Harry d. 22.10.1977. Sylvia Dudley d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – same staden?)

 

10.9.2005. Dei fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vil vera svært so takknemleg for kvar einaste vesle detalj som kan finnast for å komplettera denne biografien og takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeniører uteksaminert ved Bergen Tekniske skole 1875-1975:

 

Falk-Jørgensen, Carl Martel, avd.ing., f. 28-5-1891 Namsos, død 11-4-1975 i Bergen. Teknisk Høyskole Hannover 1913-14. Ans. E. Frichs Eftf. G. Gran, Bergen 1910-12, Siemens Schukert, Bergen 1912-13, Bergen kommune, Bergen El. verk fra 1914 som ass. ing. senere avd. ing. Pensjonert fra 1959. Medlem styret i de kommunale ingeniørers forening, Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akel Johan døde 5-1-1968 i Oslo iflg. Aftenposten.

 

Han ble ansatt som lektor ved Nordstrands komm. mid.skole 1-8-1922 iflg. studentbiografien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for fleire flotte og nyttige innlegg!

 

Eg ser meg med dette som "ferdig" med Carl Falck-Jørgensen, men har følgjande tilleggsspørsmål når det gjeld dei to andre som du Carsten nemner i innleggi dine:

 

* Det ser for meg ut som om Fredrik Falck-Jørgensen IKKJE har vore sivilingeniør, men at han har utdanning som bergverksingeniør. Er du samd med meg i dette?

 

* Og med omsyn til Axel Johan, kan du stadfesta at han skreiv seg for Axel Jørgensen, d.v.s. IKKJE Axel Falck-Jørgensen?

 

Nok ein gong takk for hjelpi, Carsten! Du imponerer stadig vekk!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no motteke dødsannonser frå Drammen for Hans Falck-Jørgensen og kona Lilla, slik at dødsdatoane deira òg er komne på plass. Hans døydde i Drammen 3.4.1956, medan Lille døydde same staden 23.12.1974. Etter dette manglar eg no berre:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dato (og stad) for dødsfallet til Rebekka Vibe BRECKE som vart kremert og gravlagd på Vestre Gravlund 3.9.1948. Kanskje ein dødsannonse frå Aftenposten kan hjelpa?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

og opplysningar om Alf Falck-Jørgensen og huslyden hans i Stokke i Vestfold:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Alf Haraldson Jørgensen, kjend som Alf Falck-Jørgensen, dotterson av føregåande brukar, men sjølv frå Namsos, var f. i Verdalen 26.5.1881 og gifte seg i Christiania (Oslo) 7.6.1912 med Anna Erica Osvaldsdotter Eriksen, kjend som Erica Oswald frå Christiania. Ho var dotter av skipskaptein Edvin Osvald Jarl, kjend som Osvald Eriksen i Christiania, opphavleg frå Tønsberg, og kona Julie Helene, kjend som Helene Andreasdotter Gjersøe, òg frå Tønsberg, og f. i Christiania 7.9.1888. Alf Falck-Jørgensen vart cand.jur. i 1907 og kom i 1908 til Solvorn som sakførar. Han fekk 18.8.1907 skøyte hjå bestefar sin på brukseiningi i Grov, og i 1910 tok han over ombodet som lensmann etter bestefaren. Alt 28.9.1907 fekk Alf hjå Anton Ratchje auksjonsskøyte på parsellen Fredheim av Øvrebø, men han budde her i Grov. Alf heldt fram som lensmann til 1918 og var deretter dommarfullmektig til 1919 og sakførar i Solvorn til 1920. Han dreiv elles garden i Grov, medan han budde her.

 

Alf og Erica Falck-Jørgensen flytte i 1920 til Stokke i Vestfold der dei var gardbrukarar på Helgerød og vart buande levetidi ut. Alf d. på Helgerød i Stokke 15.12.1962, medan Erica Falck-Jørgensen d. i Oslo 29.10.1975.

 

Alf og Erica Falck-Jørgensen fekk to born i lag:

 

1. Sigrid Helene Alfsdotter Falck-Jørgensen, f. 3.4.1913, flytte med foreldri i 1920 til Stokke og

 

¤¤¤¤¤ (gift to gonger – første gongen ?? - siste gongen Kongsteien – var barnehagepedagog og flytte med mori til Oslo, sidan busett Tønsberg – ho d. 22.12.2002 og ligg gravlagd i Skjee sokn, Stokke)

 

Ingen born.

 

2. Edith Sylvia Erica, kjend som Sylvia Alfsdotter Falck-Jørgensen, f. 21.7.1916, flytte òg i 1920 med foreldri sine til Stokke, men arbeidde sidan som sjukepleiar i Oslo til ho i

 

¤¤¤¤¤ (year of her emigration? – 1949?)

 

utvandra til Amerika. Sylvia gifte seg i Chicago, IL

 

¤¤¤¤¤ (date of her marriage?)

 

med Harry Orville Dudley, f. i Kennebec Co., ME 8.5.1897. Sylvia heldt fram som sjukepleiar (”registered nurse”). medan Harry var militærkaptein (”U.S. Army Captain”). Dei budde i Chicago, Cook Co., IL der Harry d. 22.10.1977. Sylvia Dudley d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – same staden?)

 

10.9.2005. Dei fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan løysa dei attståande pronblemi om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer i kveld ogso å henta fram att denne utfordringi som har lege i "dvale" ei lang tid...

 

Eg har fått nokre nye opplysningar, og no er det berre desse punkti som står uløyste:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Falck Haraldson Jørgensen, kjend som Hans Falck-Jørgensen, f. i Ulvik 20.11.1877, d. i Drammen 3.4.1956.  Han gifte seg første gongen i Christiania 10.10.1899 med Rebekka Ferdinandsdotter Vibe, f. i Christiania 22.8.1879.  Ho d. i Oslo

 

     ¤¤¤¤¤ (dato for dødsfallet hennar? – Bislett – gravlagd som Rebekka Vibe Brecke 3.9.1948 Vestre Gravlund!)

 

     men vart skild frå Hans i 1906.  Hans gifte seg att i Christiania 6.12.1911 med Mathilde Mohr Frøstrup, kjend som Lilla Christophersdotter Munthe, f. i Christiania 19.5.1884.  Ho d. i Drammen 23.12.1974.  Hans vart cand.jur. i 1899 og flytte i 1903 til Drammen der han sidan var høgsterettsadvokat.  Han fekk i alt fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje ei dødsannonse kan løysa dette problemet?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sigrid Helene Alfsdotter Falck-Jørgensen, f. 3.4.1913,

Sigrid Helene Falck-Jørgensen flytte med foreldri i 1920 til Stokke og sidan til Oslo der ho arbeidde som barnehagepedagog.  Ho var gift ein gong i Oslo, men vart skild etter kort tid utan at me veit noko meir om denne første mann hennar. 

 

¤¤¤¤¤ (opplysningar om denne første vigsli hennar?)

 

So gifte ho seg att i Stokke

 

¤¤¤¤¤ (vigselsdatoen - 1972-1973? - sjekka vigselsstaden?)

 

med enkjemannen Leif Nordahl Lorentzson Kongsteien frå Kongsteien i Stokke, f. i Sandar 7.9.1911.  Leif hadde vore tømmermann på kvalfangst og sidan snikkar,  Han og Sigrid busette seg i Stokke, men Leif d. på sjukehuset i Sandefjord 8.7.1985.  Sigrid Helene Kongsteien d. på gamleheimen i Stokke 22.12.2002.  Ho fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje vert det verre å finna svari på desse?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for interessant innlegg!

 

Men Korleis skal me tolka denne dødsannonsa?  "døydde i går, Oslo/Los Angeles, 3.7.1948"

 

Eg ville sagt ho døydde 2.7.1948, men kvar?

 

Eg finn ho ikkje i dødslistene for Oslo 1948 og heller ikkje i dødslistene for California!

 

Kan ho vera avlisi i Vestre Aker?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med dette problemet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hei! Mottar gjerne mer spesifikk informasjon om Sigrid Helene Falck-Jørgensen og foreldrene. Jobber med disse i slektstreet mitt nå, da Erika Oswald var kusine av min oldemor. 

 

Ad. forrige foruminnlegg og tolking av dødsannonser med to lokasjoner: jeg synes å ha observert at det gjerne er en kombinasjon av hvor avdøde befant seg, evt bodde, og hvor de etterlatte befant seg. Så var det bare å finne ut hva som var hva... 

F.eks døde en (annen) oldemor av meg i Oslo i 1971. Barna var spredd i Oslo, San Francisco og Århus, og annonseteksten lød: "XX døde 1. mai etter et kort sykeleie. Oslo/San Francisco/Århus". Dødsstedet var altså opplistet som nr 1, uten at jeg vet om det er noen regel.

 

vh Hanne Kjersti Koren

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Hanne!

 

Hjarteleg takk til deg for spennande innlegg!

 

Her er dei opplysningane som eg har greidd å få tak i om Sigrid, søsteri hennar og foreldri deira.  Eg har òg fullstendige opplysningar om dotteri til Sylvia i Amerika, men ho lever, og då ønskjer eg ikkje leggja dette ut i Brukarforum:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Alf Haraldson Jørgensen, kjend som Alf Falck-Jørgensen, dotterson av føregå-ande brukar, men sjølv frå Namsos, var f. i Verdalen 26.5.1881 og gifte seg i Christiania (Oslo) 7.6.1912 med Anna Erica Osvaldsdotter Eriksen, kjend som Erica Oswald frå Christiania.  Ho var dotter av skipskaptein Edvin Osvald Jarl, kjend som Osvald Eriksen i Christiania, opphavleg frå Tønsberg, og kona Julie Helene, kjend som Helene Andreasdotter Gjersøe, òg frå Tønsberg, og f. i Christiania 7.9.1888.  Alf Falck-Jørgensen vart cand.jur. i 1907 og kom i 1908 til Solvorn som sakførar.  Han fekk 18.8.1907 skøyte hjå bestefar sin på brukseiningi i Grov, og i 1910 tok han over ombodet som lensmann etter bestefaren.  Alt 28.9.1907 fekk Alf hjå Anton Ratchje auksjonsskøyte på parsellen Fredheim av Øvrebø, men han budde her i Grov.  Alf heldt fram som lensmann til 1918 og var deretter dommarfullmektig til 1919 og sakførar i Solvorn til 1920.  Han dreiv elles garden i Grov, medan han budde her.

Alf og Erica Falck-Jørgensen flytte i 1920 til Stokke i Vestfold der dei var gardbrukarar på Helgerød og vart buande levetidi ut.  Alf d. på Helgerød i Stokke 15.12.1962, medan Erica Falck-Jørgensen d. i Oslo 29.10.1975.

Alf og Erica Falck-Jørgensen fekk to born i lag:

 1. Sigrid Helene Alfsdotter Falck-Jørgensen, f. 3.4.1913,

Sigrid Helene Falck-Jørgensen flytte med foreldri i 1920 til Stokke og sidan til Oslo der ho arbeidde som barnehagepedagog.  Ho var gift ein gong i Oslo, men vart skild etter kort tid utan at me veit noko meir om denne første mann hennar.  So gifte ho seg 14.7.1972 att hjå sorenskrivaren i Tønsberg (Jarlsberg) med enkjemannen Leif Nordahl Lorentzson Kongsteien frå Kongsteien i Stokke, f. i Sandar 7.9.1911.  Leif hadde vore tømmermann på kvalfangst og sidan snikkar,  Han og Sigrid busette seg i Stokke, men Leif d. på sjukehuset i Sandefjord 7.7.1985.  Sigrid Helene Kongsteien d. på gamleheimen i Stokke 22.12.2002.  Ho fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

 2. Edith Sylvia Erica, kjend som Sylvia Alfsdotter Falck-Jørgensen, f. 21.7.1916,

Sylvia Falck-Jørgensen flytte òg i 1920 med foreldri sine til Stokke, men arbeidde sidan ei tid som sjukepleiar i Oslo.  Ho utvandra til Amerika i 1949 og gifte seg i Chicago, Ill. 22.3.1952 med Harry Orville Dudley, f. i Kennebec Co., Me. 8.5.1897.  Sylvia heldt fram som sjukepleiar («registered nurse»). medan Harry var militærkaptein («U.S. Army Captain»).  Dei budde i Chicago, Cook Co., Ill. der Harry d. 22.10.1977.  Sylvia Dudley d. Park Ridge, Ill. 10.9.2005.  Dei fekk ei dotter i lag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som du ser, har eg ikkje greidd få tak i opplysningar om første ekteskapet til Sigrid.  Eg har vore i kontakt med slektningar av Leif Kongsteien, men dei veit ikkje noko.  Heller ikkje har dotteri til Sylvia i Amerika fleire opplysningar.  Ho fekk oversend til seg alle papiri som var att etter Sigrid då ho døydde, men, som sagt, der var ikkje noko å finna om første ekteskapet til Sigrid!

 

Kan henda kan DU, Hanne, skaffa detaljar om dette, til dømes i Riksarkivet?  I so fall vonar eg du vil dela desse med meg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Problemet med å finne opplysninger om skilsmissen til Sigrid i for eksempel register over skilsmissesaker i arkivet etter Justisdepartmentet, 3. sivilkontor G (går fram til og med 1960), er at registeret (kartoteket) er ordnet alfabetisk hovedsakelig på ektemannen etternavn. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I adressebok for Oslo 1936 finner jeg en barnehavelærerinne Ruth Falck-Jørgensen bosatt i Oscarsgate 14:

 

Oslo fylke, Adressebøker nr. 1936 (1936-1936), Bokside, Side 416
Permanent bilde-ID: db10061111140947
 
Er det en slektning av Sigrid Helene?
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg ser heilt klart problemet med å finna denne første vigsli - og skilsmålet - til Sigrid Helene Falck-Jørgensen.  Me får kan henda aldri svar på det før det ligg føre eit meir fullstendig søkberrt register over vigde, og det kan vel ta si tid...

 

Elles er ALLE personar med namn Falck-Jørgensen av same ætt, etterkommarar etter Alf Falck-Jørgensen eller ein av brørne hans!

 

Eg takkar på det hjartelegaste for alle nye tips i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Alf Falck-Jørgensens studentbiografi utgitt 1953: Min datter Sigrid Helene er utdannet som barnehagelærerinne ved Oslo Barnevernsakademi og er ansatt som leder ved Oslo Sanitetsforenings småbarnstue "Putte" i Oslo. Min dtr. Sylvia g. i Chicago 22.3.1952 med major i den amer. arme`, adv. Harry O. Dudley, 1 barn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.