Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Feil fødselsår ved dåpen i kyrkjeboki - denne gongen i Wisconsin?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ved First Lutheran church i Stoughton, WI vart i desember 1875 døypt ein gut med namn JENS, sidan ogso kjend som Jens Olaus. Som fødselsdato er oppgjeve 31.8.1875. Foreldri var Jens Hansson Reppen og kona Ingeborg (farsnamnet er svært utydeleg, ser ut som Hansdotter?). Mellom fadrane er Espen Hansson Reppen.

 

Til tross for at det tydeleg går fram av kyrkjeboki at foreldri var gifte, er dette ikkje rett! Mori var Ingeborg Jensdotter Sterri, fødd i Hafslo i Sogn 26.9.1852. Ho utvandra til Amerika (jmf. passasjerlistene frå Bergen) våren 1874. Fadderen Espen Hansson Reppen utvandra til Amerika i 1870, men reiste sidan attende til Noreg for å utvandra på ny ein gong i 1880-åri!

 

So har me barnefaren Jens Hansson Reppen. Han var fødd i Sogndal i 1853 og gifte seg i Sogndal i 1877 med Ingeborg Olsdotter Nornes frå Sogndal, og dei utvandra i 1878 (kjelder både bygdeboki for Sogndal og kyrkjebøkene for Sogndal).

 

Problemet her er:

 

Jens Hansson Reppen er oppgjeven vera barnefar i Wisconsin til eit barn født der 31.8.1875 (og soleis ogso "unnfanga" i Amerika på eit tidspunkt der Jens etter alt å døma framleis budde i Sogndal (kring 1.12.1874)! Korleis er dette mogeleg?

 

Alternative svar:

 

* Barnefaren var ein annan enn den oppgjevne Jens Hansson Reppen (men kvifor skulle då broren Espen stå som faddar?)

 

* Jens Hansson Reppen var ein "snøggtur" i Amerika på den tidi som barnet vart "unnfanga" (men finst ikkje korkje i kyrkjebøkene for Sogndal eller i passasjerlister som utvandra før 1878!)

 

* Fødselsåret i kyrkeboki er feil for 1874 og at Ingeborg var gravid då ho på våren dette året utvandra til Amerika. Kanskje hadde dei ein "avtale" om at Jens skulle komma etter og at dei skulle gifta seg, og at broren Espen stod fram som faddar for å "stadfesta" dette?

 

Noko ekteskap kom aldri i stand. Om lag på same tid som Jens Hansson Reppen gifte seg i Sogndal med Ingeborg Olsdotter Nornes, gifte Ingeborg Jensdotter Sterri seg i Wisconsin med Johannes Knutson Njøs frå Leikanger, og vesle Jens Olaus, som sidan skreiv seg for JOHNSON, voks opp hjå ei tante til Johannes Knutson Njøs, Betsy Ylvisaker, som budde nær Stoughton, WI. Fødselsdatoen 31.8.1875 følgde guten heile livet, og ved FT1880 (oppteken i juni månad) er han oppgjeven med alder 4 år!

 

Normalt skal me tru det som står i kyrkjeboki, men her har me alt ein feil i opplysningi om at Jens Hansson og Ingeborg Jensdotter var mann og kone i 1875. Kan det tenkjast at Jens Olaus skal vera fødd i 1874 i staden for 1875?

 

* Dersom Jens Hansson Reppen budde på Reppen i Sogndal ved FT1875, kan han ikkje på same tid ha vore til stades ved barnedåpen i Wisconsin!

 

* Dersom Jens Hansson Reppen ved dødsfallet til faren Hans Espenson på Reppen 21.11.1874 var til stades, kan han heller ikkje då ha vore far til eit barn "unnfanga" i Amerika kring 1.12.1874 (fødd 31.8.1875).

 

Eg har lagt inn eit spørsmål til Statsarkivet i Bergen om sjekking av dødsmeldingi etter Hans Espenson, men å få sjekka FT1875 for Sogndal ser ikkje ut til å vera like enkelt...?

 

Eg tek gjerne imot tips og tankar kring dette problemet og vonar me kan finna ei logisk løysing utan bruk av DNA...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Problemet er løyst! Yngve Nedrebø har funne skifteregistreringi til Hans Espenson Reppen frå desember 1874 som seier at sonen Jens hadde vore i Amerika i 2 1/2 år. Han utvandra med andre ord i 1872, utan at me finn han på noki passasjerliste, og han må vera heimattkomen i 1875, 1876 eller 1877, for so å utvandra med "ny" kone i 1878!

 

Då stemmer altso fødselsåret til Jens Olaus på bakgrunn av sikre og solide kjelder!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.