Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Johannes Johannesson Hillestad, fødd Hafslo 1796, furér i Bergen 1823 - kvar vart det av han etter den tid? - Nordland?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Johannesson Hillestad, yngste son av gardbrukar Johannes Nilsson Hillestad i Hafslo (1751-1803) og kona Gjertrud Gjestsdotter f. Gurvin i Sogndal (1756-1813), vart døypt i Hafslo 12.6.1796 og vart konfirmert i Hafslo i 1811. So forsvinn han frå bygdi!

 

Eg er ganske so sikker på at eg har funne mannen att i Bergen, for han er nok den furéren Johannes Johannsson Hillestad som her er barnefar i Krosskyrkja i 1823 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8684&idx_id=8684&uid=ny&idx_side=-152):

 

Johanne Marie, fødd 8.2.1823, døypt 9.3.1823 av ungkar og furér Johannes Johannesson Hillestad i 16-64 og "pige" Ane Sophie Torstensdotter i 22-61.

 

Dette er nok barnemori, Anne Sophie Torstensdotter, døypt i Domkyrkja i Bergen 3.7.1803 av foreldri Torsten Torstenson og Borni Olsdotter: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=157&filnamn=dp12011668&gardpostnr=31391&personpostnr=92417&merk=92417#ovre

 

Og her er ho gift i Domkyrkja 2.5.1830 med smedsvein Erik Christian Hoff, 28, frå Tysnes: http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=169&filnamn=vigd1816&gardpostnr=783&merk=783#ovre

 

Men kan nokon fortelja meg kvar det vart av Johannes Johannesson Hillestad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er redd for at dette problemet skal gå i "gløymeboki", so eg tillet meg i dag å henta det fram att. Eller er denne Johannes heilt umogeleg å finna att?

 

Den gamle bygdeboki for Hafslo av Jon Laberg (1926) meiner denne Johannes døydde ugift, men eg trur forfattaren der har blanda med ein brorson som var nesten jamngamal med Johannes Johannesson, ein Johannes Nilsson Hillestad. Han døydde ugift i vaksen alder i Hafslo.

 

Eg held fingeri krossa med von om at nokon greier løysa denne floken...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjartekeg takk til Berit for interessant og nyttig svar!

 

Då har Johannes med andre ord ingen kjende etterkomarar, men kanskje det burde vera mogeleg å finna ut noko meir frå militære rullar? Eg vil freista eit spørsmål i Arkivforum!

 

Eg vonar framleis på at Johannes til sist vert funnen...!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

So er det kome svar frå Statsarkivet i Bergen, og diverre fekk eg det svaret eg forsovidt hadde venta, og frykta...; det finst ikkje militære kjelder der som kan hjelpa oss vidare, so då vert det å leita etter "nåli i høystakken". Johannes er jo tydeleg ikkje avliden i Bergen, og ikkje kom han attende til Hafslo, so då...? Kan han ha hamna i NORDLAND?

 

Alle gode tips er framleis hjarteleg velkomne!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

Nei, denne Johannes Hillestad som i 1865 var privat skulelærar og busett på Ytre Lid i Aurland er IKKJE sjekka ut. Fødstaden hans er rett nok oppgjeven som Aurland, men det finst ikkje noko gard Hillestad i Aurland, og alderen ligg ikje so langt unna "vår" Johannes, so dette er ein person som so absolutt bør sjekkast nærare!

 

Dødsfalli for Aurland hovudsokn for perioden frå 1865 til 1880 er ikkje innlagde i basen for avlidne i Sogn og Fjordane, og nett no har eg vanskar med å komma inn på kyrkjebøkene hjå Digitalarkivet, so vidare leiting lyt venta...

 

Men nok ein gong ein stor takk for tipset, Sven!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har meddebattant Sven Hjortland løyst dette problemet! Johannes Hillestad flytte frå Bergen til Aurland og døydde der ugift 18.1.1878. Hjarteleg takk, Sven!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.