Gå til innhold
Arkivverket

Per Jacobson Hærum, fødd i Lærdal 1906, voks opp på Avaldsnes og i Flekkefjord, flytte sist på 1920-talet til Ringerike, men kvar hamna han til sist?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Per Jacobson Hærum, einaste opplevande son av fargarmeister Jacob Thomasson Hærum og første kona Severina Pedersdotter f. Hilestad, var fødd i Lærdal 16.3.1906. Mori døydde i 1907, og Per flytte med far sin til Avaldsnes på Karmøy og sidan vidare til Flekkefjord der faren dreiv ein ullvaefabrikk.

 

Sist på 1920-talet kom Per til ei kusine på garden Auren i Norderhov (Ringerike) der han i fleire år var gardsarbeidar. Men han vart borte derifrå, og eg har for fleire år sidan vore i kontakt med ei halvsøster av Per som fortalde meg at ho "for mange år sidan" hadde mista kontakten med Per, og ingen visste kvar han hadde vorte av.

 

Kanskje er dette ein av dei personane som rett og slett har "dukka under", men det hadde likevel vore svært so kjekt å fått greie på lagnaden hans!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Rune for kjempeflotte innlegg! Eg vil med ein gong seia: "Jau, det må vera han", og eg vil freista ein telefon til Lesja for å sjå om det kan finnast tilleggsopplysningar....

 

Korleis kunne de gissa at Per hadde endra namnet sitt frå Hærum til Herum?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.