Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Huslyden Hillestad - Jensen i Målselv og Malangen - manglande detaljar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Jens Olson Hillestad (1806-1886) var fødd i Hafslo i Sogn, men flytte i ung alder til Bergen og sidan vidare til Målselv der han gav namn til ein gard Hillestad etter namnet frå heimstaden i Sogn. Jens var gift med Ingeborg Stephensdotter (1808-1895), opphavleg frå Voss, og dei fekk seks born i lag.

 

Etter mange års gransking har eg etter kvart samla bra med opplysningar om denne huslyden, men eg står fast på fire dødsfall. Kanskje kan nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til bygdebøker for Målselv eller Malangen, hjelpa meg?

 

~~~~~~~~~~

 

Ole Jensson, fødd i Fana 21.9.1836, døydde som kårmann på Bjørkhaug i Malangen, Balsfjord 2.7.1911. Han gifte seg i Målselv 31.10.1860 med Bertha Marie Pedersdotter frå Storjord i Målselv. Ho var fødd i Målselv 28.2.1838 og døydde visstnok i Målselv som enkje 30.3.1937.

 

##### (kontrollera både dødsstad og dødsdato for Bertha? - flytte ho verkeleg attende til Målselv som enkje?)

 

Ole var tømmerhoggar, og han og Bertha var i mange år husmannsfolk på ein plass under Hillestad i Målselv og sidan gardbrukarar på Bjørklid i Målselv til dei kring 1896 flytte til garden Øverlid i Malangen, Balsfjord. Kort etter hundreårsskiftet flytte dei so som kårfolk til Bjørkhaug i Malangen, Balsfjord. Ole og Bertha fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~

 

Johan Hessel Jensson, fødd i Målselv 9.9.1843, døydde som gardbrukar på Hillestad i Målselv 10.2.1910. Han gifte seg i Målselv 7.12.1882 med Gjertrud Anna Bergitte Mikkelsdotter frå Kvanlid i Målselv, fødd i Målselv 2.2.1860. Ho døydde

 

##### (nøyaktig dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

1946. Johan var ei tid fiskar, men tok kring 1870 over som gardbrukar på heimebruket på Hillestad der han og Gjertrud vart buande levetidi ut. Dei fekk elleve born i lag.

 

~~~~~~~~~~

 

Jacob Andreas Jensson, fødd i Målselv 17.8.1846, døydde

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1932!)

 

Han gifte seg i Målselv 30.12.1872 med Josefine Petrine Martinsdotter frå Kabelvåg i Vågan, fødd i Vågan 14.11.1853. Ho døydde

 

##### (dødsstaden hennar?)

 

5.10.1933. Jacob var ei tid sjømann, men han og Josefine slo seg snart ned som husmannsfolk på ein plass under Kjerresnes i Målselv og budde der levetidi ut. Dei fekk ti born i lag.

 

~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld desse dødsfalli!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bente for interessant kommentar!

 

Jau, det må vera den same jenta, men fødselsdatoen skal vera rett i mitt notat!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Britt Frank

Her er vel dåpen til Josefine - så 14. nov. er nok riktig

 

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Vågan, Klokkerbok nr. 874C01 (1843-1859), Fødte og døpte 1854, side 113-114.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2631&idx_id=2631&uid=ny&idx_side=-61

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050420030616.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Britt for stadfesting av datoen! Eg pleier ALLTID å kontrollera datoar eg får frå sekundærkjelder, dersom dei er tilgjengelege...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.