Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Hilmar Norlis Hansen, fødd på Røsøy på Tjøtta 1899 - gift i Odda 1926 - matros - kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er på leiting etter lagnaden til denne personen:

 

Hilmar Norlis Hansen, fødd på Røsøy på Tjøtta 17.9.1899 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=51970&idx_id=51970&uid=ny&idx_side=-124). Han gifte seg i Odda 22.5.1926 med Alfine Marie Johannesdotter Moe, fødd i Eidfjord 13.2.1903. Hilmar var matros, og dei skal ha butt i Bergen, i Odda og i Oslo, men vart visstnok skilde, og Alfine arbeidde sidan som messejente frå 1953 til ho i 1978 som pensjonist busette seg i Odda. Ho døydde i Odda 11.9.1984. Dei hadde ikkje born i lag.

 

Problemet mitt er altso Hilmar Norlis Hansen. Her er huslyden i 1910 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036902001558):

 

001 01 Hans Jakobsen 01.03.1860 Alstahaug hf g Husmand og Fisker b

002 01 Karlotte Jakobsen 29.04.1872 Tjøtta hm g Hustru b

003 01 Jenny Hansen 17.03.1895 Tjøtta d ug D. b

004 01 Fina Hansen 04.04.1897 Tjøtta d ug D. b

005 01 Hilmar Hansen 17.09.1899 Tjøtta s ug S. b

006 01 Johan Hansen 28.04.1905 Tjøtta s ug S. b

007 01 Dagny Jonasen 05.06.1907 Bodin Forpleiende ug Fors. fisker b

 

Kanskje kan nokon av søskeni hans sporast? Dei veit kanskje kvar det vart av "onkel Hilmar"?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi for eit spennande innlegg! Eg kan ikkje skjønna anna enn at dette må vera rett mann. Dødsregisteret for Bergen syner at namnet hans var Hilmar Norlis Røssø! Eg vil be Statsarkivet i Bergen sjekka dødsmeldingi hans!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi for nytt spennande innlegg! Eg ser me hadde same tanken på same tid! Med dette kan me vel seia at problemet er løyst! Eg ventar berre på å sjå kva Statsarkivet kan supplera...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.