Gå til innhold
Arkivverket

Johan Andreas og Cornelius Absalonsen (Lunde) frå Bergen - i sjømannsrullar eller militære sesjonslister?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Absalon Johnson Lunde frå Stryn og kona Anna Andersdotter frå Hillestad i Hafslo budde i Berfgen og fekk sju born. Fem av desse er komne til rette, men to er borte:

 

* Johan Andreas Absalonsen, fødd i Bergen 28.10.1826, vart konfirmert i Bergen i 1842

 

* Cornelius Absalonsen, fødd i Bergen 1.9.1831, var 1865 fattiglem i Vågan og utvandra derifrå til Amerika i 1866

 

Finst desse brørne nemnde i sjømannslister eller eventuelt i militære sesjonslister i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingen av dem står i registeret til sjømannsrullene for Bergen, men begge står i registrene til hovedrullene for Bergen 1840-1860, Johan Andreas under 3. rode bokstav C1, og Cornelius under rode 4, bokstav D1.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for spennande svar på dette spørsmålet! Eit tilleggsspørsmål: Kva er den nøyaktige datoen (eller i det minste året) for føringi av hovudrullene? Er desse ein "parallell" til sesjonslistene?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Manuskriptet for denne delen av bygdebøkene for Luster kommune skal vera ferdig med det aller første, og eg tillet meg å henta fram att dette emnet for om mogeleg å få svar på det siste spørsmålet mitt (sjå ovanfor) om datering av hovudrullane?

 

Eg lyt nok gje opp å finna den endelege lagnaden til dei to brørne...

 

Hjarteleg takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Andreas "1846 udslettet som død paa en Reise med skipper Jacob Christensen". (Hovedrulle 1840-1860 for Bergen 5-æ1.)

 

Cornelius "Skal være reist til Nordland 1844". (Hovedrulle 1840-1860 for Bergen 3-D1.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for eit spennande og nyttig svar!

 

Cornelius budde 1865 på fattighuset i Vågan og utvandra til Amerika året etter. Det høyrest ut som han fór til sjøs alt før han vr fylt 13 år...

 

Når det gjeld Johan, må jo ogso han vera faren til sjøs, og sidan han var busett i Bergen på den tidi han døydde, bør det finnast ei DØDSMELDING etter han i Bergen. MEN, dødsmeldingane er for tidi utilgjengelege...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg vore gjennom dødsmeldingslistene for Bergen 1842-1846, men eg kan IKKJE finna noki dødsmelding etter Johan Andreas Absalonsen.

 

Eg har likevel oppdaga noko som kan forklara den manglande dødsmeldingi: Fleire sjøfolk heimehøyrande i Bergen er medtekne i desse dødsmeldingslistene, men BERRE dei som døydde utanfor landet, til dømes i Vestindien. Eg finn òg fleire personar innførte som var heimehøyrande andre stader, men som døydde UNDER VITJING i Bergen!

 

Dette får meg til å tru at Johan Andreas Absalonsen rimelegvis er innført som avliden (og følgeleg ogso gravlagd) der han reelt døydde, kvar no enn Jacob Christensen måtte ha vore undervegs!

 

* Korleis finn ein so ut KVAR Jacob Christensen siglde i 1846?

 

Eg takkar på ny for kjempefine opplysningar om denne huslyden so langt!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.