Gå til innhold
Arkivverket

Ole Olson Bjerke, fødd Noreg 1817, død i Stoughton, WI 1881 - var han frå Nes på Romerike? - eller kven kan han ha vore?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne karen veit me ikkje mykje om, men kanskje er det nok likevel?

 

Ole Olson Bjørk eller Bjerke, fødd i Noreg kring 1817, må ha utvandra til Amerika før 1869, for 24.6.1869 får han ei dotter Inga, som er døypt i First Lutheran church i Stoughton, WI. Mori var Bertha Ingebrigtsdotter frå Hillestad i Hafslo, fødd i Hafslo 12.5.1837. Ho utvandra til Amerika i 1867.

 

Det var mange sogningar i og kring Stoughton, WI, men det var ikkje berre sogningar der...

 

Har nokon tips om kven denne Ole Olson kan ha vore? Han døydde i november 1881, men gravstøtta har ingen fødselsdato!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for spennande innlegg!

 

Eg har meir enn ein gong vore inne på tanken om at Ole Olson kunne vera frå Bjørk på Kaupanger i Sogndal, men alderen høver ikkje! Ole Olson Bjørk i Sogndal er fødd i 1823 og døydde på Bjørk i Sogndal i 1915, so han KAN det ikkje vera.

 

Det budde i same nabolaget i Stoughton, WI òg ein Hans Olson Bjerke, som var fadder til eitt av borni til Ole og som KAN ha vore ein bror, ELLER ein son frå eit tidlegare ekteskap, men eg har ikkje enno funne denne Hans att nokon stad for å kunna seia kor gamal han var...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegg.

 

Jau, dette er "mine" folk, og "sister Martha Brickson" er søster av Berthe Ingebrigtsdotter, Martha Ingebrigtsdotter (Hillestad), fødd i Hafslo 13.3.1835. Ho utvandra i 1880 med sonen Ingebrigt, f. 1874.

 

Eg kom ovanfor i skade for å seia at Hans Olson Bjerke var faddar på eitt av borni til Ole Olson Bjerke; det var han ikkje, men han høyrde til same kyrkjelyd i Stoughton, WI. Her er vigsli til denne Hans:

 

Name: Hans Olson Bjerke

Birthplace: Norway

Spouse's Name: Hilda Olson Hoven

Spouse's Birthplace: Norway

Event Date: 09 May 1882

Event Place: Stoughton, Dane, Wisconsin

Father's Name: Ole Christoffersen

Mother's Name: Mary Christoffersen

Spouse's Father's Name: Ole Hanson

Spouse's Mother's Name: Christine Hanson

 

Frå kyrkjegardregister og folketeljingar veit me at Hans Olson Bjerke var fødd i 1858, og då må det vel vera denne fødd i Ullensaker 5.2.1858 av foreldri husmann Ole Christopherson og Mari Hansdotter i Kolstadeiget (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=562&idx_id=562&uid=ny&idx_side=-118). Her er vigsli til foreldri hans 7.7.1846 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=561&idx_id=561&uid=ny&idx_side=-118). Det finst ein gard BJERKE i Ullensaker, men eg kan ikkje sjå noko samband mellom denne ætti og garden Bjerke...!

 

Men om Ole Olson Bjerke òg var frå Ullensaker, tja...; det kan ikkje eg seia noko sikkert om...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no sjekka konfirmantlistene for Ullensaker 1831-1835, men finn ingen Ole Olson Bjerke...

 

Nei, kvar kan no han vera komen ifrå...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise for eit overraskande og spennande innlegg!

 

Eg ser eg gjekk ikkje langt nok i sjekkingi mi av konfirmantlistene for Ullensaker! Eg tenkte eg at 1831 ville halda... MEN, eg er ikkje overtydd om at dette er mannen me leiter etter... Namn og alder høver rett nok bra, men eg finn ikkje denne mannen som utvandrar for Ullensaker i perioden 1866-1869!

 

Og etter mykje leiting fann eg dødsfallet til gardbrukar Ole Olson Bjerke i Ullensaker, fødd 1816, døydde 3.10.1874 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5855&idx_id=5855&uid=ny&idx_side=-108).

 

So sjølv om Ole Bjerke frå Ullensaker såg aldri so spennande ut, so var det likevel IKKJE han!

 

Kven kan han so ha vore...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få leggja fram att dette emnet som ser ut til å vera på god veg i "gløymeboki"!

 

Eg har diverre ingen nye opplysningar å komma med når det gjeld Ole, bortsett ifrå at han òg ser ut til å ha utvandra til Amerika i 1860-åri. Han var i alle fsll IKKJE i Dane Co., WI ved FT1860.

 

Hadde det berre ikkje vore so mange plassar i Noreg som heitte Bjerke...!

 

Det hadde vore kjempe om nokon kunne greia å løysa dette problemet, og eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjå FamilySearch ser eg denne vigsli frå Christiania:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Johan Fredrik Jonsson

Birth Date: 1834

Spouse's Name: Oline Marie Olsdr

Spouse's Birth Date: 1845

Event Date: 20 Oct 1895

Event Place: Oslo, Oslo, Norway

Father's Name: Johannes Johnson

Spouse's Father's Name: Ole Olsen Bjerke

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kan dette vera en aktuell "kandidat"? Kanskje hadde "vår" Ole Olson Bjerke ein familie ogso i Noreg FØR han utvandra?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn vielsen fra kirkeboka i 1895, nr 47

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Petrus, Ministerialbok nr. 2 (1881-1896), Ekteviede 1895, side 130.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=535&idx_id=535&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-82

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060830070216.jpg

 

Konfirmasjonen til Oline Marie, nr 18, hennes far Ole Olsen Bjerke er da enkemann

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Nes i Nes, Ministerialbok nr. I 8 (1859-1874), Konfirmerte 1861, side 211.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=535&idx_id=535&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-15

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060307021044.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg tak til Solveig for eit skikkeleg spennande innlegg! Eg har kikka nærare både på vigsli og konfirmasjonen til Oline Marie, og her finn eg òg dåpen hennar i Nes på Romerike: (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=533&idx_id=533&uid=ny&idx_side=-140)

 

Ole Olson Bjerke-eiget, enkjemann, fekk tvillingar med Berthe Marie Ingebrihgtsdotter Arnestad..... - påfallande namnelikskap mellom denne mori og kona som "vår" Ole Olson Bjerke fekk seg i Amerika, Bertha Ingebrigtsdotter Hillestad frå Hafslo, men dette er jo berre tilfeldig!

 

Denne Ole Olson Bjerke er so absolutt spennande å sjå litt nærare etter! MEN. her fann eg han attgift som enkjemann i Nes 25.4.1846, 48 år gamal: (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=534&idx_id=534&uid=ny&idx_side=-234) Enkjemannen er det soleis IKKJE, men han er jo gamal nok til å kunne ha hatt ein SON Ole fødd kring 1817!?

 

Finst det kanskje ei bygdebok for Nes på Romerike som kan fortelja oss noko meir?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.