Gå til innhold
Arkivverket

Margrethe Hansdotter Hess, fødd i Lærdal 1869 - først til Bergen og sidan til Christiania - kvar vart ho av? - Aftenposten?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Sven, Solveig og Torbjørn for nye spennande ionnlegg!

 

Då har du Sven funne dødsfallet til det første barnet hennar Margrethe, so då har me tre fødde og tre avlidne, d.v.s. me fann vel aldri noko dødsfall for dotteri frå 1909, gjorde me?

 

Elles er dødsfallet hennar Margrethe tydeleg ikkje so lett å finna. Diverre er ingen av dei to kandidatane til Solveig aktuelle!

 

Eg trur mest at Margrethe må vera flytt frå byen etter 1917...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise og Gunnar for nye interessante innlegg!

 

Me har alt fleire gonger vore inne på debatten kring truverdet til Margrethe, og særleg etter at Sven gjorde eit slikt grundig søk gjennom heile Austfold etter den nemnde vigsli, utan å finna spor etter noko som helst, har me gode grunnar til å tvila. Ogso har me det faktum at Margrethe i ymse fangeprotokollar og fattiglister, samt ved FT1910, framstår som "ugift". Kanskje vart ho "avslørt" for denne løgni utan at det er skrive noko som helst om det?

 

Ei anna sak er spørsmålet om kvar det vart av ho ETTER at ho i juni 1917 vart lauslati "på prøve". Ho forsvinn etter denne tidi, og difor har eg bede Statsarkivet i Oslo om å undersøka Folkeregisteret sine kort for avlidne og utflytte frå 1917 og utover. Her er svaret eg har fått frå dei i dag:

 

~~~~~

 

"Vår ref.: 2013/27497

 

Oslo 22.11.2013

 

Margrethe Hess f. 1869

 

Statsarkivet i Oslo viser til ditt spørsmål om undersøkelse i folkeregisterets avgangskort for døde og utflyttede fra Kristiania/Oslo i tidsrommet 1917-1925.

 

Etter å ha gjennomgått avgangskort for årene 1917-1930 i seriene Utflyttede (inkl. Ukjent adresse), Døde og Utvandrede, har vi ikke funnet opplysninger om Margrethe HESS eller eventuelle andre personer med etternavnet HESS eller HÆSS.

 

Med hilsen

 

Jolanta Akre e.f.

arkivar

Statsarkivet i Oslo"

 

~~~~~

 

Kva kan ha skjedd med Margrethe? Ved første augekast ser eg desse alternativi:

 

* Ho har rett og slett berre "stukke av" utan at dette har vorte regisrert nokon stad, eller

 

* Ho har skift namn, kanskje til Hansen eller Johansen, eller til noko HEILT ANNA og soleis vorti borte, kanskje ved at/eller

 

* Ho har GIFT seg etter ho slepte ut på prøve og soleis fått eit "nytt" namn!?

 

Kanskje er ikkje dette siste alternativet so heilt borte vekk? Men kvar skal ein so byrja leitingi?

 

Er det elles nokon som har andre forslag eller tips å komma med, er eg svært so lydhør for det!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk ogso til Solveig og Kjell for nye innegg som kom, medan eg arbeidde med mitt siste bidrag!

 

Denne gravferdi frå Oslo var særleg spennande, men diverre, eit søk i FT1910 syner denne Margith Evje med fødselsdato 11.6.1869: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708007693

 

Og kyrkjeboki for Haus har ho som Margrethe Helene Evje, fødd 11.6.1869: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8281&idx_id=8281&uid=ny&idx_side=-170

 

So ho er det nok ikkje...

 

Men berre gjennom meir leiting er det von om å finna ho, og eg kan berre takka og bukka for alle freistnader! Eg er framleis optimist!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://digitalarkive...g00000000800705

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. E 1 (1893-1905), Døde og begravede 1898, side 85.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-85

Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...50815010291.jpg

 

Hvis ikke dåpen er kommet med, så ble Hanna Ellingsen født 04.09.1898 og døpt 18.09.1898 i Sandviken:

 

Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. B 2 (1891-1901), Fødte og døpte 1898, side 196.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2021&idx_id=2021&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-193

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050815020716.jpg

 

Barnefaren var Ludvig Bernhard Ellingsen, og lurer på om det er han som giftet seg i Korskirken i 1904

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001179698

 

Ser ut som han emigrerte i 1911: http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000728170

 

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://digitalarkive...&merk=6023#ovre

 

 

Er det noen som har sjekket ut nr 100, død 4.mai 1922? Vet ikke når hun er født.

 

 

EDIT:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Stiftelsespresten, Kommunepresten, Ministerialbok nr. A 7 (1921-1932), Døde og begravede 1922, side 29.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2027&idx_id=2027&uid=ny&idx_side=-34

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050815010675.jpg

 

Det var visst ikke henne heller....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for nye innlegg om dette emnet!

 

Dødsfallet frå Bergen 1922 for Margrethe Hansen førte til denne dødsmeldingi: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27863/104/

 

som ikkje er "vår" Margrethe...

 

Elles har eg nettopp blatt igjennom vigslene i Christiania frå juni 1917 og ut 1919 for kyrkjelydene i Oslo, frå byrjingi og til og med Fagerborg! Ingen passande Margrethe er å sjå.....

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.