Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anders Andersson Bagstad frå Romedal (1847-1935) - til Amerika i 1870 - opphavet hans? - kvar budde foreldri hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ifølgje kyrkjeboki for Vallset (Tomter) sokn i Romedal, utvandra Anders Andersson Storhofseiget, fødd 19.6.1847, til Amerika i 1870 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6028&idx_id=6028&uid=ny&idx_side=-283).

 

Denne Anders var son av husmann Anders Anstenson og kona Anna Pedersdotter i Storhofseiget (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8850&idx_id=8850&uid=ny&idx_side=-9).

 

Anders og Anna gifte seg i Romedal 1.9.1841, og her går det fram at Anders var frå Helgåsen, medan Anna var frå Forberget (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9111&idx_id=9111&uid=ny&idx_side=-208).

 

I 1865 budde denne huslyden på plassen Brænden nedre, som visstnok var plass under Opsal i Romedal (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0416&kenr=008&bnr=0014&lnr=000).

 

So vidt eg kan tolka dette, var Anders Andersson fødd i Storhofseiget, men voks opp i Opsaleiget på plassen Brænden nedre.

 

MEN, i Amerika tok Anders namnet ANDREW A. BAGSTAD! Eg ser det finst òg ein gard Bakstad i Romedal, men eg kan ikkje sjå at denne huslyden hadde noki tilknytting til den garden.

 

Er det nokon med lokal kunnskap om Romedal og ætter derifrå som kan oppklara dette for meg? Finst det ei logisk forklaring på ættenamnet BAGSTAD i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tony A. Ingebrigtsen

Bakstad, Oppsal og Storhov er nabogårder i Vallset, og de ligger ikke så langt unna Tangen. Forklaringen er antakelig den at Anders har vært i tjeneste på Bakstad rett før han dro til Amerika.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tony for interessant innlegg. Forklaringi di høyrest rimeleg ut, men eg har oppdaga at ogso FORELDRI nytta Bagstad-namnet etter at dei utvandra til Amerika. So eg stusser...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.