Gå til innhold
Arkivverket

Johan Oscar Hansen f.04.07.1879 Oslo


Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Eg har tidlegare hatt eit tema på Dig.ark. (gamle Brukarforum) med denne mannen, ville laga lenke og leggja ved, men det let seg ikkje gjera. Eg kom ikkje inn på Forumet, er berre nokre dagar sidan sist eg var der, men no lukkast eg ikkje, veit ikkje kva som har skjedd...

 

Men iallfall:

Johan Oscar Hansen var sjømann, eg har funne ei Passenger liste, den syner ein del av eit mannskap som har blitt berga frå Skonnerten Diria, som vart til vrak ved Guantanamo Bay, 13.10.1919.

 

I det mannskapet er det ein John Hanson, han har Norwegian seamenscard 2517, lurar på om nokon veit kvar eg kan leita etter han, nr. finnest i sjømannsrullane for Oslo, men ein heilt annan person som står på det nr.

 

Dette funnet passar godt med fyrste del av historien eg har blitt fortalt av barnebarnet til systera til Johan Oscar Hansen. Han har fortalt at Johan Oscar vart berga frå ein båt som forliste, men på veg tilbake til Norge etter forliset, vart båten han var ombord i torpedert og "mannen vart aldri meir spurd"...

 

Her er Passenger lista:

post-84-0-31311300-1383307750_thumb.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne har du nok funnet, men leter etter tiden etter 1900, regner jeg med.

 

Fra 1897 - 1900:

Oslo fylke, Oslo, Annotasjonsrulle (SAO/A-10569g/F/Fc/Fca/L0003), 1887-1902, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Merknader: Annotasjonsrulle, patent nr. 5198-7595.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...d/db/42069/479/

 

Her står det henvisning til H. R. (hovedrulle?) nr. 3743

 

3743:

Oslo fylke, Oslo, Hovedrulle A-10595/Fc/L0003 (A-10595/Fc/L0003), 1893-1893, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Merknader: Hovedrulle. Patent nr. 2989-4035.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/32986/389/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er dette rett Johan Oscar Hansen? Foreldre brannkonstabel Marius Hansen og Andrea Olsen i Sagveien 23.

 

Tidligere har du lagt lenke til disse foreldrene i Nordmannsgata på Kampen: http://da.digitalark...f01036392280394

 

001 01 Johan Anton Hansen 05.03.1846 Enebak hf g Løsarbeider b

002 01 Anne Johanne Hansen 01.09.1842 Aremark hm g Hustru b

 

Her er lenke til tidligere emne om Johan Oscar: http://forum.arkivve...n/#entry1424212

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Siden patent nr. 2517 er en annen person i rullene fra Oslo sjømannskontor, er det kanskje mulig at sjømannskontoret i en annen by benytter samme nummerserie?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Anne-Lise :-)

Foreldra til Johan Oscar er nok johan Anton og Anna, ikkje Marius og Andrea...

 

Dersom Johan Oscar faktisk _var_ sjømann, så trur eg ganske sikkert at han må ha mønstra på i ein annan by, eg trur eg har nærast saumfore dei rullane som er tilgjengelege, utan å finna han.

 

Eg hadde også stor tru på at denne John Hanson (øverst her) var rett, men den trua har Inger Borgan på Slektshjørnet, Facebook plukka vekk, ho fann andre opplysningar som viste at det også var feil mann!

 

Så det var det!

 

 

Trur denne mannen må ha fordufta utan å etterlata seg spor! :-(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom det stemmer at båten vart torpedert skulle ein vel kanskje tru at dette har skjedd ein eller annan gong mellom 1914 og 1918, evt. 1898, evt. 1939-1945? Har det vore andre periodar med krigshandlingar i farvatnet mellom Norge og USA?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Torbjørn :-)

Chuck i USA seier at fyrst var båten ute for ei ulukke, dårleg vær elns., Johan Oscar vart berga, men vart skada. Han kom seg igjen og då han skulle heim til Norge etterpå vart båten torpedert. Eller kanskje det var motsatt, fyrst torpedert, så dårleg vær, eg hugsar ikkje....

 

Men han seier også at han trur at det må ha skjedd i løpet av 2.verdenskrig, men det stemmer ikkje, for då foreldra hadde 50 års brudlaupsdag i 1925, vart dei omtala i "Morgenavisen" (eller var det Morgenbladet?) i Oslo.

Der står det at dei har havt 4 børn...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.