Gå til innhold
Arkivverket

Hjalmar August Hildestad HANSEN, fødd i Bergen 1897, lagnad i Oslo etter 1925? - Adressebøker eller Aftenposten?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har vanskar med å finna lagnaden til denne karen etter at han i 1925 flytte til Oslo:

 

Hjalmar August Hildestad HANSEN, son av bakar Jens Hansen (Sættenæs) og Ragnhild f. Hillestad, var fødd i Bergen 5.10.1897. Folkeregisterkortet i Bergen nemner han under dette namnet. Han flytte i 1915 til Rjukan for ei kort tid, i 1917 til Christiania for eit knapt år, i 1920 til Laksevåg ved Bergen og endeleg 25.10.1925 til TORSHAUGSGATE 1 i Christiania. Han vart då kalla lagerekspeditør.

 

Der forsvinn alle spor.

 

Eg reknar med at Hjalmar framleis var ugift i 1925, men kvar er han vorten av? Dato og stad for dødsfallet hans?

 

Kanskje adressebøker for Oslo kan gje oss svar på spørsmålet om lagnaden hans? Eller Aftenposten?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for spennande innlegg! Det ser ut til at Hjalmar verkeleg var "på farten", og me har jo heller ingen garanti for at han vart buande i Oslo, men me kan jo vona...

 

Det lever framleis etterkommarar (barneborn) etter søsken av Hjalmar, men ingen av dei kan hugsa noko til "onkel Hjalmar". Det er ikkje utruleg at han døydde etter måten tidleg, kan henda i Oslo. Han kan òg ha utvandra til Amerika, men særleg sannsynleg er ikkje det...

 

Eg krossar fingri og lever vidare i voni om at "noko" vil dukka opp...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i dag gjerne ogso få henta fram att dette emnet som etter kvart ser ut til å vera gått i "gløymeboki". Kanskje er dette ein av deio som berre "forsvinn", men om nokon hadde høve til å sjekka Aftenposten elle eventuelt adressebøker for Oslo, ville eg sett svært stor pris på det.

 

I mellomtidi vil eg ogso leggja dette emnet inn som direkte spørsmål til Statsarkivet i Oslo, som vel sit på registerkorti frå Folkeregisteret i Oslo(?).

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Fant dette på www.ancestry.com

  • Birth: 5 Oct 1897 - Norwayarrow-10x10.png
  • Death: 27 Jul 1968
  • Parents: Jens Hansen, Ragnhilde Ingebrigtdatt

Ingen opplysninger om ektefelle og barn.

 

Når jeg klikker på linken for hans død , kommer jeg til dis Norge og der er fødseldato og år 05-01- 1900 , gravlagt på Møllendahl i Bergen.

Her er denne Hjalmar i ft 1910

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708093610

 

Men kan se ut som han var til sjøs

 

Arrival

1925 16 Dec

Age: 28

New Orleans, Louisiana

 

1927 17 Dec

Age: 30

Astoria, Oregon

 

 

 

1930 1 Feb

Age: 32

San Francisco, California

 

 

1932 23 Aug

Age: 34

New York, New York

 

1941 4 May Age: 43 Seattle, Washington 1952 2 Jun Age: 54 Honolulu, Hawaii


Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Litt flere oppysninger hentet fra samme tre

 

Oregon, Passenger and Crew Lists, 1888-1957 about Hjalmar A Hansen

Name: Hjalmar A Hansen Arrival Date: 17 Dec 1927 Age: 31 Birthdate: abt 1896 Gender: Male Race/Nationality: Scandinavian Ship Name: Brand Port of Departure: Melbourne, Australia Port of Arrival: Astoria, Oregon

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette og Torbjørn for interessante og spennande innlegg!

 

Det ser unekteleg ut som om Hjalmar er reist til sjøs, men er det den rette Hjalmar? Eg ser av mannskapslista frå 1927 at han skal ha vore sjømann i 15 år, og DET høver vel heller dårleg med at "vår" Hjalmar mellom anna var kontormann og sidan lagerarbeidar! Han budde rett nok fleire stader, men var han verkeleg sjømann?

 

Eg er svært i stuss...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.