Gå til innhold
Arkivverket
Elisabeth Sande

Arthur Matias Værholm, Kinn eller Florø

Recommended Posts

Elisabeth Sande

Har ikke så mange opplysninger om Arthur hvor han kommer fra og hvem hans foreldre var. Det eneste jeg vet er at han var født 17.04.1905 og døde i 1958. Han er gravlagt i Florø. Han skal ha vært gift med ei Astrid A. Værholm. Håper det er noen som kan hjelpe meg. :rolleyes: Elisabeth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Solveig R Håklev

Konfirmant nr 31

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn i Kinn, Ministerialbok nr. B 2 (1883-1925), Konfirmerte 1920, side 82.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17158&idx_id=17158&idx_listetype=kf&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-79

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10620802270082.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Værholmen var ein husmannsplass under Batalden i Kinn prestegjeld.

 

Ved dåpen er det opplyst at faren "kjendes ikke" og mora var Marta Petrine Andreasdtr på Verholmen i Batalden. Ho skal vere fødd i 1888.

 

Marte på Verholmen i 1900. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f01437&gardpostnr=510&merk=510#ovre

 

Eg finn ei Marte Petrine Andreasdtr fødd 1. november 1888. Foreldra er Andreas Olsen (f. 1845) og Marie Annaniasdtr (f. 1849). Batalden.

 

Det skulle bety at i FT 1900 må Marte vere dotter av den første av føderådskonene. Oleanna er ei eldre søster av Marte Petrine.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

I Firda Folkeblad 4. desember 1958, kan vi lese:

 

"Opprop

 

I dag døydde Arthur Værholm brått av ein hjartesjukdom han lenge hev dregest med og som hadde gjort han arbeidsufør i dei siste åra. Enkja hans sit att med 6 ukonfirmera born, det minste berre 2 år. Det hev vore vanskeleg for denne hyslyden før og heilt fortvila vert det nå når mannen hev falle bort. Her trengst hjelp og me vil med dette be alle i Kinn prestegjeld visa det gode hjartelag dei alltid hev vist i slike høve. Underskrivne skal forvalta det som kjem inn på beste måte for dei.

 

Florø 1. desember 1958

 

Jacob U. Ulriksen (granne)

Åshild Melvær (form. i Kinn barnevernsnemnd)

Hjalmar Tjelta (prost)"

 

 

I dødsannonsa kan vi lese at Astrid sitt pikenamn er Almenning

 

I Firda Folkeblad 15. desember 1958 kan vi lese at det er samla inn over 1.400 kroner til familien. 8. januar 1959 er beløpet auke til over 2.200 kroner og 16. februar var det kome inn 2.700, så innsamlinga pågjekk over lang tid.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

I 1948 kan vi lese i Firda Folkeblad at Daniel Almenning gikk bort ved eit ulykkestilfelle 11. okt. 1948, 61 år gamal. Enka var Olianne Almenning, fødd Alværen. Dernest står oppført Astrid og Arthur Værholm.

 

I fylkestidende for Sogn og Fjordane 10. mai 1941 kan vi lese at det er lyst for fiskar Arthur Mathias Værholm og Astrid D. Almenning, Kinn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Elisabeth Sande

Finnes det noen opplysninger om foreldrene til Marta Petrine Andreasdtr, Andreas Olsen og Marie Ananiasdtr, hvor kommer de fra? :rolleyes: Elisabeth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Hei Elisabeth!

Er ikkje så aktiv her på forumet lenger, så eg såg denne først i dag. Dersom du fortsatt er på forumet har eg desse opplysningane om dei to du spør etter:

 

Andreas Mathias Olson (1837-1894) frå Store-Langøya

gift 1878 med

Marie Dorthea Ananiasdtr. (1847-1917) frå Høyvika

 

Born:

Oleanna Erikka (1879-1945) g.m. Andreas J. Henrikson Friborg. Busett Vérholmen.

Jensine Marie (1882-1980) g.m. Johan Martin Jonson Nesheim. Busett Fana.

Martha Petrine (1888-1906)

 

Familien budde på (Nordre) Risholmen, også det ein liten husmannsplass under garden Batalden.

Dottera Oleanna vart gift og busette seg på Vérholmen frå ca. 1896. Andreas døydde ung av tuberkulose og enkja Marie og borna flytta óg dit på same tid.

 

Andreas vart fødd og vaks opp på Store-Langøya under Batalden. Marie altså i Høyvika (i Høydalsfjorden, søraust for Florø).

Andreas budde på Risholmen frå rundt 1869, altså før han vart gift. Broren Erik budde der og, men han døydde allerede i 1875.

Marie var tenestejente på Ytre Reksta i 1865.

 

Arthur flytta til Florø rundt 1920.

 

Mvh Torbjørn

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.