Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Britha (1721), Synneva (1724) og Nils (1726) Eriksdøtrer og son - frå Tverberg i Hafslo - utflytte til Gulen eller Solund?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Erik Augundson (1687-1729) og kona Ragnhild Nilsdotter (1691-1750) var husmannsfolk på Tverberg under Hillestad i Hafslo i Sogn. Dei fekk fire born i lag. Yngste sonen Erik Erikson (1729-1762) vart buande i Hafslo, men dei tre eldste berre "forsvinn":

 

* Britha Eriksdotter, døypt i Hafslo 8.11.1721.

 

* Synneva Eriksdotter, døypt i Hafslo 9.3.1724.

 

* Nils Erikson, døypt i Hafslo 15.9.1726.

 

Det var ein del flytting frå indre Sogn til Bergen på 1700-talet, men det var mykje meir flytting tover Sogneforden, særleg til Gulen og Solund, og eg lurer på om ikkje desse søskeni kan ha teke vegen dit?

 

Når eg no skriv dette, er kyrkjebøkene ikkje tilgjengelege på Digitalarkivet, men FamilySearh syner t.d. berre to realistiske alternativ i Sogn for Synneva Eriksdotter, fødd 1724:

 

* Synneva Eriksdotter gift i Lærdal 8.12.1743 med ein Thomas Olson

 

* Synneva Eriksdotter gift i GULEN 20.5.1762 med Villum Hansson

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld å spora opp desse søskeni!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

No når kyrkjebøkene på ny er tilgjengelege, ser eg at vigsli til Thomas Olson og Synneva Eriksdotter i Lærdal 8.12.1743 fann stad i Årdal sokn, og Thomas er oppgjeven vera husmann (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-95).

 

Eg ser dei fekk ei dotter Kari, døypt i Årdsl 14.10.1743, og ho ser ut til å vera einaste barnet dei fekk, i alle fall i Årdal!?

 

Kan denne Synneva Eriksdotter vera frå Tverberg i Hafslo?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Når det gjeld den Synneva Eriksdotter som gifte seg 22.5.1762 i Gulen med Villum Hansson, ser eg at dei var frå Indrevær i Solund (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-105). Men eg ser ikkje at dei fekk born!

 

Kan dette vera jenta frå Tverberg i Hafslo?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ser at ei Synneva Eriksdotter Midtun vart døypt i Årdal 30.10.1718. Ho er nok den beste "kandidaten" til Synneva Eriksdotter gift 1743 med Thomas Olson, so truleg kan me gløyma ho!

 

Og når det gjeld Villum Hansson og Synneva Eriksdotter i Gulen, vart det i 1804 halde skifte på Indrevær etter Villum Hansson og ANNA Eriksdotter ( http://arkivverket.no/URN:sk_read/24172/331/). Dei hadde ikkje born, so søskeni deira arva. Anna (eller Synneva) Eriksdotter var tydeleg fødd i Aurland. So då lyt me avskriva ogso dette alternativet...

 

Hmmmmm, ikkje so lett dette! Kvar vart det no av desse søskeni frå Tverberg? Fór dei kan henda direkte til Bergen?

 

Very sincerely yours!

 

Lars E. Oyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Hei Lars,

 

Villum Hansson gifte seg med to søstre, Synneva og Anne, hhv 1762 og 1771. Dei var frå Fretheim etter det eg kan huske.

 

/Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.