Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lasse "Lewis" Jensen (Solvi), fødd i Hafslo 1829, til Amerika 1852, dukkar opp i Stoughton, WI 1900 og 1905 - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette problemet er ei skikkeleg utfordring som alt har vore presentert i det amerikanske Rootsweb forum. Ingen der har greidd å komma med noki løysing, MEN me har før sett døme på at lesarar av Digitalarkivet sitt Brukarforum har løyst problem som våre amerikanske kolleger ikkje har greidd, so kanskje kan me vona at dette skjer ogso denne gongen?

 

~~~~~

 

Lasse "Lewis" Jensen (Solvi), fødd 24.5.1829 i Hafslo i Sogn

utvandra i 1852 til Dane Co., WI

 

Han er so "borte" i mange år, uvisst kvar; me finn ein ugift Lewis Johnson i rett alder i Minneapolis, MN i 1870, men det er umogeleg å seia om dette er "vår" mann...

 

So, ein gong midt eller sist på 1880-talet ser det ut til at han har gift seg, uvisst kvar, med:

 

Ragnhild "Rachel" Nilsdotter (Heggestad), fødd 6.5.1858 i Hafslo i Sogn

utvandra kring 1879 (eg har aldri funne sjølve utvandringi hennar!) til Dane Co., WI

 

~~~~~

 

Ragnhild fekk ein "uekte" son:

 

* Alfred Nikolai, fødd 12.8.1882 i Stoughton, Dane Co., WI

(barnefar: Bernt Knutson (Forthun) frå Lærdal (1858-1895))

 

~~~~~

 

FT1900 for Stoughton, Dane Co., WI syner:

 

Lewis JENSEN, 70 Nor, widower med

Alfred JENSEN, 17 WI, son

losjerande hjå ein fetter av Ragnhild, Lars Vingum

 

~~~~~

 

FT1905 for Stoughton, Dane Co., WI syner:

 

Lewis SOLVE, 76 Nor, widower

framleis losjerande hjå Lars Vingum

 

~~~~~

 

FT1910 nemner korkje Lewis eller Lars Vingum

(huslyden synest å mangla fullstendeg!)

I 1920 er Lars Vingum "attende", men då utan Lewis Jensen!

 

~~~~~

 

Eg har ikkje funne dødsfalli til korkje Ragnhild "Rachel" eller Lasse "Lewis" i Stoughton, WI, verkeleg underleg! Eg finn heller ikkje vigsli deira, og ikkje finn eg Alfred Nikolai i WW1 draft cards, so kan henda døydde han før 1917, eller han utvandra til Canada?

 

~~~~~

 

Som de vil ha sett, er dette problemet ei skikkeleg "utfordring" å løysa, men om nokon skal greia det, må det vera ein av dykk!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Eg vil berre leggja kjapt til: FT1880 for Stoughton, WI syner ein Louis Jenson, fødd i Noreg kring 1834, med kone Anna og ein del born. Denne Louis var Lars Jensson med kone Anna Marie Evensdtter som kring 1867/1868 utvandra frå VARDAL!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Dette er ei skikkeleg «frustrerande» utfordring som har lege ute i Brukarforum sidan 2013, men utan at nokon har kommentert saki.

 

Det er for meg heilt uforståeleg at Lasse Jensson Solvi og kona Ragnhild skal forsvinna so fullstendig utan å setja det minste spor etter seg, og ikkje ser me noko til sonen hennar heller.

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan kasta lite vetta ljos over denne utfordringi og ville verta svært so glad om so skjedde!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

BINGO!

 

Eg har på ny søkt kjeldene i Dane Co., WI i ulike retningar, og eg har finne vigsli til Ragnhild Nilsdotter, men IKKJE med Lasse Jensson.  Derimot gifte ho seg i Koshkonong, Dane Co., WI 26.12.1883 med ein:

 

Syvert Jensson, 26 år gamal, farmar Stoughton, son av Jens Jensson (eller står det Jonsson?) og Kari Sjursdotter, og eg trur det står fødestad Bergnas, Sv(erige?):

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314947-00521?pid=6500951&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D6500951%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx6379%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx6379&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

MEN, dette til tross, eg finn ikkje noko meir ut om dette parfolket!  Kanskje eg er heilt blind vorten??

 

Ein kjempetakk for alle gode tips som kan føra oss vidare i kartleggjingi av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det er merkeleg kor «anonym» denne Syvert Jensen er i kjeldene våre.  Kan det tenkjast at det er «vår» Lasse som har «juksa» med alder og identitet og som her stod brudgom??  Han er jo stefar til son hennar Ragnhild i FT1900!  Kanskje nokon har andre tips å komma med?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.