Gå til innhold
Arkivverket

SF, Eid: Samuel Knutson Alsaker og hans kone(r) og barn...


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Både "Bygdeboka for Eid og Hornindal" og "Hornindal Nordfjord. Ættelister for kvar gard i bygda" oppgjev ar Samuel Knutson (f. på Kirkhorn ca 1664) varr gift to gongar:

1. gang med Lisbet Steffensdtr. Myklebust

2. gang med Sigrid Olsdtr. Engeland

 

I kyrkjeboka finn eg trulovinga mellom Lisbet Stephensdtr. i 1722, men ikkje dato for vigsingl.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=120&filnamn=vi14431722&gardpostnr=6&personpostnr=17&merk=17#ovre

 

Begge desse bøkene oppgjev dødsåret 1738 for Lisbet Steffensdtr., men eg kan ikkje finne noko i kyrkjeboka eller noko skifte. (Heller ikkje skifte etter Samuel eller ei evt. andre kone)

heller ikkje finn etg truloving/vigsle mellom Samuel og Sigrid i kyrkjebøkene.

 

Er det nokon som har belegg i orginalkjeldene for at Samuel var gift to gongar og for dødsåret 1738 for Lisbet ?

 

Barna etter Samuel som eg har funne er:

- Gjertrud 1726 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=126&filnamn=dp14431722&gardpostnr=196&personpostnr=1339&merk=1339#ovre

 

- Ingeborg 1728 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=127&filnamn=dp14431722&gardpostnr=293&personpostnr=1990&merk=1990#ovre

 

- Knut f. ca 1735 som overtok garden etter foreldra.

Ikkje funnen ved dåp i Eid - Er denne Knut sonen til Samuel Knutson ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje Sigri Olsdtr. Engeland aldri har eksistert, anna enn som ein konstruksjon i hovudet til "skrønemakaren" Jacob Aaland. Ole Stephensen Engeland var bror til Lisbeth Stephensdtr. og formynder for Gjertrud Samuelsdtr. (jfr. skiftet etter Lisbet Stephensdtr.). Ved skiftet etter han i 1740 står m.a. "Samuel Alsagers tre børn" mellom arvingane. Dette har kanskje fått nokon (les Aaland) til å tru at Ole Stephensen var morfar til Samuel Alsaker sine born.

Her er skifteekstrakt etter Ole Stephensen Engeland: http://arkivverket.n..._read/24225/69/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjerteleg takk Inge.

Der kom kjeldene på plass ja, eg skjønte dei måtte være å finne ein stad sjølv om eg ikkje karte å finne dei i mine søk. :)

 

Om alderen til Samuel er rett, f. ca 1664 var han ca. 58 år før han gifte seg med Lisbeth i 1722, det fortonar seg litt rart om han ikkje var gift tidlegare. Han bygsla fyrst br.nr. 4 på Myklebust i 1693 og i 1695 bruket på Alsaker.

Sjølvsagt KAN han ha drive garden med leigehjelp, men som sagt spørsmålet lurer i bakhaudet hos meg.

Men det er utan tvil Lisbeth som er mor til borna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har vel ikkje så mykje med ditt fokus her, som vel er ætta frå Kirkhorn. Men eg tek det med likevel for at det skal vere mest mogleg rette opplysningar.

 

Lisbeth Stephensdtr. var frå Hjelmeland, ikkje Myklebust.

Ho er nemnt i skiftet etter faren Stephen Rasmussen Hjelmeland i 1715: http://arkivverket.n...read/24222/252/

 

I 1723 sel arvingane (Samuel Knudsen nemnd på kona sitt vegne) bruket på Hjelmeland til Abraham Knudsen Aasebøstøl: http://www.arkivverk...ny&idx_side=-47

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.